onsdag 13. mars 2013

Alle fuglar små dei er




 
Dette kunne jo vore ei side for familieportrett på denne bloggen. Men det blir i staden eit innlegg om forbipasserande fuglar utanfor reiret. Det er så mykje fint å sjå av fuglefargar her omkring! Og enno er det berre vinter, for det streifet av vår vi hadde, har drukna i nysnø og kulde igjen. Då blir det berre å smøre seg med enno meir tolmod.

Kjøttmeis og blåmeis kan ein sjå konstant utanfor her. Dei er nok både svoltne og stadbundne, og ikkje minst mange.


Granmeis (eller er det løvmeis, enno ikkje sikker) kjem stadig forbi. Han er så utruleg liten og kjapp i rørslene at det er vanskeleg å få gode bilete av han, og å studere nøye om det verkeleg er ein granmeis (eller løvmeis). Det seiast at songen skil dei, så vi får prøve å høyre godt etter.

Spettmeisen som var så veldig hyppig innom før, ser vi aldri lenger etter at det vart veldig kaldt i januar. Han såg i grunnen alltid litt mistenkeleg ut med sitt skurkeaktige band framfor augene, så han sonar sikkert og slepp ut seinare ein gong...


Stjertmeisen er også stadig vekk utanfor, vanlegvis ein eller to. Men ein dag var det ein gjeng på 10 stykke som dekka bordet med meisebollar. Dei er så fine med snøballhovuda sine og den lange stjerten...

 


Sisik (kjend frå gjøk og sisik trost og stær) samlar seg i syrinbuska, både gråsisik (med den raude flekken i panna og av og til over heile brystet) og grønnsisik (som igrunnen er litt gul) er her kvar dag.


Og medan vi er i den gule gata, så har vi ein større variant av dei gule som kan tenkast at er gulspurv, men den karakteristiske songen (ein-to-tre-fir-fem-seks-sjuuu) har vi ikkje klart å høyre enno. Saka er under etterforskning.


Første gong dompapen var innom, etter berre å ha stirra på blåmeis og granmeis i lang tid, nesten slått i bakken av kor diger dompapen var. Det var nok ein kombinasjon av at han var litt oppblåst i kulda for betre isolasjon, og at eg var van med å sjå på dei bittesmå granmeisane... Så roleg og forstandig han verkar, mot dei vimsete og skvetne meisene! Trur kanskje ikkje eg hadde sett nokon dompap før vi flytta inn her i reiret, men det var eit velkome møte. No er det oftare at eg høyrer lyden enn at eg ser fuglane. Det er jo artig å kjenne dei att på lyden også!
Biletet er av dompaphoa, det er min favorittfugl for tida.


Etter at det vart hengt opp eple i ein krans, har det vore svarttrost innom fleire gonger dagleg. Det var verkeleg vrient å få teke bilete av han, med ein gong eg tok opp kameraet, letta han. Skulle nesten tru han hadde blitt skoten på med sterkare krutt enn det eg har i digitalkameraet mitt. Eg vil han slett ikkje vondt! Han syng fint og et opp gamle eple for meg. Dessutan held svarttrosten skjora (skjæra) vekke, og det likar vi. Ein gong vart ei skjor fanga inne på soverommet på den gamle hybelen min, fuglen var livredd og svart i blikket. Eg hugsar at eg lukka døra til soverommet og håpa det ikkje var sant, men det var det dessverre. Det vart litt av eit spetakkel og ikkje minst griseri! Ho kom seg heldigvis ut att på eiga hand, det hadde blitt litt av ei oppgåve å fange ho. Og etter det har lyden av skjoreskrik vore litt ubehageleg for ein liten fugl...


Kvar morgon er også ekorna, som vi har kalt Helnøtt og Fruktnøtt, innom og set seg gjerne inn i fuglehuset og kastar ut tomme solsikkeskal. Då får meisane seg ein støkk når dei skal hente seg eit frø!

Ein dag vart det liv i ekorngjengen - då kom ein tredje type sprintande forbi, vart tydelegvis forsøkt jaga av Helnøtt og Fruktnøtt, og det spelte seg ut eit drama i lynande fart - opp og ned og opp og så ned igjen i dei to store grantrea på nordsida. Hoi for nokre sprekingar! Etter det har det ikkje vore teikn til inntrengaren, som frå no blir kalla Smash. Det er visst slik at ekorn kan få to kull i året på opp mot fjorten ungar, så kanskje det blir mange ekorngjester her etter kvart?

2 kommentarer:

  1. så fint å bli kjent med alle dine hagegjester. og for noen flotte ekornnavn da! hihi :)
    14 unger tror jeg er veldig uvanlig, men javisst, vi krysser fingrene for folksomme (ekornsomme) hager fremover!

    SvarSlett
  2. Så mange fine fuglar de har utom huset dykkar! Og flink er du som er snøgg nok til å knipse dei med skarpt resultat. Dei fleste du skriv om kjenner eg til i større eller mindre grad, men stjertmeisen, han er ny for meg - og så eksotisk og fin! Trikset er vel kanskje å ha så mykje ulik mat som de ser ut til å ha - solsikkefrø, nøtter, feitt og frukt. Når du byrjar lære deg songen deira vert du avansert - og får eit heilt nytt perspektiv i livet, for då kan du gå på tur i skogen (eller berre rundt huset ditt!) og skjøne og vite kven alle dei vakre tonane høyrer til! Det har eg veldig lyst til å lære, men eg tykkjer det er vanskeleg. Men eg kan i allefall seie: Den der kjenner eg, den har me mange av i Bygda under høge fjell! Eller - der er sumarsolfuglen som støtt syng når morgonen er tidleg og fyrste dag av slåtten er komen.

    SvarSlett