fredag 1. mars 2013

Dugurdsgjestar i hagen

I mars tek maten slutt for skogdyra, og dei kjem til oss for å ete våre fuglefrø, restane av eit gamalt julenek og roten nedfallsfrukt. No er dei meir svoltne enn redde. Rådyr er vakre. Det hadde ikkje vore like koseleg å sjå ei rotte komme på besøk på same måten og ete den same maten, men det er likeins effekt - dyra får mat og nye kull blir fora. Flått og uhumskheiter har begge dyreslaga med seg, men ein treng heldigvis ikkje ottast for at rådyra grev seg inn i kjellaren og gjer skade på det elektriske anlegget, om enn dei sporar opp alt av laukar og jafsar det i seg...
Desse tre kom vandrande, sirkulerande rundt huset og attende til skogen dei kom frå. Den første og modigaste var noko større enn dei to som stod saman og åt, kanskje var dette ein liten familie med mor og eit år gamle ungar?

 Oj! seier fugleungen og ser på rådyra med store auge. Dei gløttar attende med like store auge, men utan den same entusiasmen.
Vi skremmer dei ikkje, sjølv om fugleungen bankar ivrig på vindauget, og då kjem dei kanskje att ein annan dag?

2 kommentarer:

  1. Så flott blogg du har laga! Vi har også besøk av rådyr i hagen. Har rett nok ikkje sett dyra, berre spora av dei - små, runde tingestar på plenen...Og så er dei svært glad i tulipanar....

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er jo spennande å følge spor også! Eg har ein stad på skituren min der eg verken ser dyra, ser spor eller skit, men det luktar verkeleg ville dyr. Sist gong eg kjente det, var det ein hjort i brunst, og lukta er ikkje akkurat god, men spennande er det jo. Eg går rett forbi...
      Åå, tulipanar... Eg tenkte faktisk i dag at eg hadde lyst å gå innom der vi budde før for å sjå korleis tulipanane mine har det, for her blir det ikkje kjøpt tulipanlaukar. Er visst ingen naboar som har noko tulipanar heromkring, så eg får legge håpet ein annan plass :)

      Slett