onsdag 6. mars 2013

Ugler ved sengetid



Uglene uler i skogen utanfor. Uuuuh - uuuh! (nåja, det er kanskje ei stund sidan sist, er dei her om vinteren, tru?)
Fil:Strix aluco 3young.jpg
Kattugleungar, bilete frå Wikipedia
Det er nok ei kattugle som uler, har vi slått oss opp fram til. Sjølv om det er noko spøkelsesaktig og nattleg skremmande med ugler, så er det iallfall stemningsskapande. Fugleungen synest ikkje lyden er så veldig skummel, men merkar seg den med eit høh? og peikefingeren opp i vêret.

Eit av versa i voggesongen har blitt:

Vinden stormar hit og dit
Ugla seier: For eit slit!
Ho sit heller der og ser
og tutar litt og ler...

Uglene verkar bedagelege, men dei er jo også veldig kloke, og veldig glade i bøker. Det er nok difor fugleungen ikkje ottast, ho er jo også veldig glad i bøker, og likar dei store augene uglene har å gje blikkontakt med. Då veit ein kvar ein har dei!

Fugleungen har ein liten krok i reiret som berre er hennar. Der er det tett i tett med ugler, så stakkars ungen blir fullstendig uglesett heile natta. Men det verkar som ho ikkje tek seg så nær av dette. Tvert imot held dei merksemda hennar litt lenger om kvelden, og ho har noko å halde augene opne for ørlite lenger før dei glir sakte igjen.
Bæ står som alltid i hjørnet. Han har følgjande oppgåver 1: passe på uglene, 2: trøyste fugleungen og 3: å vokte ekstrasmokken. Han er eit får frå Sverige. Eg trur ikkje han heilt har lagt merke til at han står på skinnet til ein slektning av seg, men ein skinnfell må nok til for å halde fugleungen lun og varm i den mørke natta.

Sengekanten rundt sprinkelsenga vart sydd under sterkt tidspress like før termin, og er laga av ei kjerne av skumgummi (som var alt for tjukk og vart delt med kniv), eit lag gammal ullpledd-rest frå overskotslageret til forsvaret, tynt og stort sett nytt bomullsstoff på begge sider, og ein lukkekant av heimelaga skråband. Det tok litt tid å lage skråbanda sjølv, men det var ikkje så vanskeleg med rikeleg damp frå strykejernet og skjerekniv.
Sengekanten er til slutt dytta ned i mellomrommet mellom madrassen og sprinklane, og festa oppe med knytte skråband eller blonderemser.

Den vakre puta er eit arvestykke frå fugleøya langt vest i hav, med nydelege engelske broderi og blondar som ser heimelaga ut. Dei gjorde seg flid med detaljane i gamle dagar!

2 kommentarer:

  1. Jeg kom bare lige forbi.
    Godt billede af uglerne.
    Tak for kigget.
    Ha´ en dejlig dag.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Så fint at du stakk innom. Dessverre er det ikkje eg som har teke biletet av uglene, skulle ønske eg kom så nær innpå dei ein dag!
      Kom gjerne igjen :)

      Slett