tirsdag 4. juni 2013

Sommardagar om våren


Det var så lenge uverkeleg lenge til sommaren, før han brått stod her og pressa seg fram, i det blå mellomrommet mellom stenene, i spenstige bjørkeknoppar, i kvitveis på kvitveis og deretter i jonsokblom, marikåpe med morgondogg, løvetann og smørblomst.
Nye fuglar flyg forbi utanfor reiret her, og dei syng som berre fuglar kan gjere om våren, sjølv om det kjennest som sommar.
Bokfinken er her, fru bokfink er avbilda under. Ringduene tutu-ar frå mørke grantoppar, og dompapen kjem også stadig innom med eit pju.

Bokfinkfrue
Blomstrande rogn og juleraude dompap
Kjøttmeis og ekornunge
Sjølv om det tilsynelatande er sommar, er det framleis aktivitet på fôringsplassen. Og nye fjes dukkar opp - ikkje mindre enn to små og tynne ekornungar er på plass. Den som er avbilda her, heiter Smil, og Japp, som var innom rett før henne, hadde ein annan farge på pelsen. Dei verkar meir kvalpeaktige enn dei ekorna som har vore her før, dei spring hit og dit, undersøker det meste og freistar å klatre på vindauga, i grunnen ikkje så ulikt ein fugleunge som bur heromkring.
Smil verka roleg og uredd, og sat lenge og sølte noko voldsamt med ein meisebolle ho klarte å få laus. Øyrene ser heilt nykreppa ut, og pelsen var fin og brun. Japp var tynnare og med meir gråleg pels, og litt pistrete hale. Det var Japp som vart observert forsøksvis balanserande på lista på utsida av vindaugsglasa på kjøkkenet.



2 kommentarer:

  1. Kor mange ekorn har dykk eigentleg rundt huset? De går vel ikkje tom for sjokoladenamn snart? :)

    SvarSlett
  2. Det er heldigvis mange sjokoladetypar å ta av :) Dessutan har nabokatten Prikken ein evne til å ta seg av ekornbestanden, så enn så lenge går det bra. Men dersom de som har skrive denne kommentaren har framlegg til gode sjokoladenamn, kom gjerne med dei!

    SvarSlett