fredag 29. juli 2016

Sikring av sommaren

Rørte jordbær er sikring av sommar heile året!

Eg har vakse opp med rørte jordbær, det er verkeleg det beste ein kan ha på vaflar og på brødskiva. Det kan jo gjerast så lett som berre det, kven som helst kan klare dette, men nokon, som enkelte i min venekrins, klarar det så mykje betre enn andre. Og ofte synest eg det har blitt for vått og sølete på brødskiva, men no har noko dukka opp.

Ein idé!

Eg brukar melis i staden for sukker, det inneheld litt potetmjøl som stivar syltetøyet litt. Men ein kan ikkje bruke like mykje melis som sukker i oppskrifta, kanskje om lag 2/3? Og i den bråkete matmaskinen, som eg helst ikkje brukar om eg kan unngå det, blir dei rørte jordbæra meir kremete og herlege enn eg får til for hand med potetmosar og hard innsats. 


Gode bær er sjølvsagt, eg sykla nesten over mine på veg heim i dag, og måtte berre kjøpe ei kasse til. Det er no sommarkjensla kan overførast til vinterbrødskivene, og dersom eg rørte ei kasse til, har vi omlag ein boks å ta opp i veka heilt til neste sommar...

Rørte jordbær

2 kg jordbær renskast og skjerast i 4 (8 om dei er svære)
2/3 pakke melis
1 pakke JAM frysepulver (den ser mest kunstig ut, men smakar best)

Hell tre av fire plastkorger med jordbærbitar i kjøkkenmaskina, og start å dure i veg. Blanding av melis og frysepulver hellast i under røringa, og rør gjerne lenge. Den siste (evt dei siste to) av plastkorgene hellast i heilt mot slutten og rørast berre litt.




Då blir det ein fin og kremete konsistens på syltetøyet, som er piska av røringa og stivna av melisen, samstundes blir det bitar av jordbær som smakar ekstra godt på brødskiva.



Herlege jordbær! Eg gler meg til vi får ordna oss verkeleg jordbærhage ute, med eigne bær å plukke til dette, men enn så lenge forsvinn kvart bær ned i ein liten fugleungemage før ein får sukk for seg - og strengt tatt er vel ikkje dette det verste å ete, solvarme frå hagen...






søndag 1. mai 2016

Sommerfuglar i magen - Bursdagsfeiring med kake, såklart!

Vesle fugleungen blir større og større, denne gongen vart det bursdagsfeiring med sommarfuglar i magen - det er ikkje vanskeleg å lage ei vanleg rund kake om til ein sommarfugl! Men ein må tenke litt og snu rundt på brikkene i puslespelet... 

Is-sommarfugl


Sommarfugl-is


Daimis med 4 eggeplommer, litt vaniljestang, 200 g sukker, (som vispast til eggedosis), 2 knuste doble daim (knus dei inne i plasten med baksida av ein kniv, null griseri og svinn) og 2 boksar kremfløyte (som vispast passeleg stivt før det andre blandast inn), alle ingrediensane blandast saman. Dette frysast (til dømes over natta) ei vanleg rund springform med bakepapir under for seinare lettare handsaming. 
Skjer ut eit peace-merke med ein skarp kniv. 
Finn eit litt stort kakefat, og tak delane frå kvarandre. Dei største delane byter plass i forhold til opprinneleg plassering. 
Lag ein sommarfuglkropp av eit-eller-anna (banan, kuler med fondant festa saman med ein ukokt spaghetti), og pynt med smelta sjokolade eller andre. 
Her vart det ein kålsommarfugl, difor dei litt kjedelege fargane. Men den flyg i ei fargerik, blomstrande eng av sjokoladelinser...




Elles vart det både fest og fyrverkeri på fødselsdagen, og ei fersklaga jordbærkake med rosa sukkerbotn (Pascals fraisier) med heimelaga pynt vart nesten heilt oppeten under feiringa.

Hurra! Vi har mykje å feire og mykje å vere glade for!



Jordbærkake med smørkrem, jordbær, kremfløyte (litt lite gul krem), grøn fondant og vårleg pynt




tirsdag 26. mai 2015

Kvitveis på hell, men for eit hell!



Utanfor det gamle huset er det masse kvitveis. Det tek ingen ende, er berre kvitt etter kvitt, som snøhaugar, men det er no heldigvis over for i år (får vi verkeleg tru). No er det vår!



No må vi nyte resten av våren før sommaren kjem og forheksar oss til å tru at det aldri har vore vinter. Det er på tide å vakne!

Jonsoknatta

Vak upp, vak upp, både åker og eng
no har de sove så lenge i seng
No har det vore både vinter og vår,
og no har jonsoknatta kome.

Statt no upp, du Bjålandsbonde
med dine late drenger
Soli stend ivi Kleivefjødd
og du hev søve lenge.

Vak upp, vak upp, både åker og eng,
no har de sove så lenge i seng.
no har det vore både snjo og regn
og no har jonsoknatta kome.

Statt no upp, du Bjålands-Mari
Statt upp og mjelke di ku
Soli stende på budynni
og endå så søve' du.

(Folkevise, slik eg hugsar den, anna og større versjon, med gitargrep, her)

lørdag 16. mai 2015

Gratulerer med dagen med riddersporer og pionar


Godt vi har eit høve til å pynte litt med blomar, det er søttande mai! Fugleungen og eg syng "Norge i rødt, hvitt og blått" medan vi øvar på nok ein 17. mai-marsj. Vi får håpe naboane likar den songen. I morgon blir det tog og is og alt som skal til, og det blir vakre blomar å gle seg over, i sørgmodig saknad over den nedpakka 17. mai-duken som ligg langt nedi ei kiste i eit lagerrom. For dette biletet er teke i vår mellombels bustad i nabohuset, ikkje i reiret, for der er veggar og tak på veg ned. 
Då er det godt å ha noko vakkert å kvile augene på... Ute tek kvitveisen den jobben, men inne... 

Den djupe blåfargen frå riddersporane lyser verkeleg som rare små alvehattar. Pionane er små og sprekkeferdige kuler av glede som ventar på å få bryte ut og vere sommar. Vrihasselen krøllar seg rundt alt og rammar inn biletet med sine tilfeldige svingingar. Det er både søttande mai og bryllupsdag, dette, med brudebuketten sine blomar og fargar som aldri blir gløymde. Det vekker minner, blomar. Eg gav bort eit par pionar til ein nabo, og ho fekk straks fram minne om då mor hennar vitja henne på sjukehuset med nett pionar som lukta så godt. Blomar gjer så godt for så mykje... 



Brudebuketten med pionar, riddersporer, myrull, vrihassel, litt grønt og bittelitt margeritt

 "Skal du verkeleg kjøpe dei lengste blomane vi har i butikken?" spurde blomedama spøkefullt. Ja, det var litt utfordrande på toppen av barnevogna og i tillegg til halv-vekeshandelen opp bakkane til toppen reiret vårt ligg på, men eg er jammen nøgd med korleis det blei til slutt.


 Litt låge, litt høge, litt kronglete, noko blått, noko gamalt, noko nytt... det er jo ein brudebukett, dette. Vrihasselen er tørka støv av, den er nok nærare ti år gamal, men framleis med meg i stadig nye oppsatsar og versjonar.



søndag 10. mai 2015

Insektshotell

Barnehagen til Fugleungen er i full gang med sitt prosjekt "Insektshotell". Ein av dei tilsette er konstituert som hotellsjef, og etter førre dugnad er lokala komne på plass, serveringa sikra, så no manglar berre innreiinga og gjestane... 
Her i reiret vårt har vi alt ein bustad med enkeltrom for bier og veps, det er nok meir ei koie eller ein gapahuk enn eit hotell, men det er triveleg, tørt, solrikt og med trivelege naboar som skogduer, dompap og ekorn. Overnattinga betalast i pollinering av hagevekstene og bringebæra.

Einslege bier og veps treng små krypinn, dette er det eg raskt snekra saman i fjor, eg berre saga opp tre lange bambuspinnar i om lag åtte centimeters lengder og batt dei saman. Dei hang på ein solrik bjørkelegg i hagen, og sjølv om ikkje beleggsprosenten vart heilt som på sjukehuset her (opp mot 100%), så kom det no nokon innom. Dei tettar att inngangen med leire (åtferd som passar betre i ei koie enn eit hotell), og inni legg dei sine små, og på dei tilstoppa inngangane kan ein sjå at det har vore nokon innom...
Nokre har fortalt at dei helst vil ha bambuspinnar som allereie er lukka i den eine enden, mogleg eg stenger att med litt leire der etter kvart. Men sjølv med opne endar kjem dei, altså.


Med inspirasjon frå barnehagen kan dette bustadprosjektet utvidast om vi får tid og lyst, og liten fugl har no alltid drøymt om å ha bier, sjølv om det verkar som ein plan langt unna.

onsdag 22. april 2015

Bukseseleguten

Fekk eg ein gut ein gong, skulle han iallefall ha bukseseler. Og eit gamalt namn. Og sånn hatt som farfar med det gamle namnet hadde. No manglar vi faktisk berre hatten...
Eg laga bukseseler som skulle vere til jul, no er det ei stund sidan, men dei er iallefall klare til mai. Vi får sjå om introduksjonen av fast føde har ført til at bunadsbuksene treng bukseselar i år...

Det er faktisk ikkje vanskeleg å lage bukseselar sjølv. Det er heller ikkje dyrt å kjøpe dei, men artig med noko som ein kan lage sjølv...

Eg har brukt vottestrikk som klipsast fast mellom vottane og ermet på dressen, og sydd dei fast til ein tjukk, flat strikk. Det er i denne andre-versjonen av bukseselane mine to strikkar som møtest på ryggen, og dei kan gli i alle retningar for at dette skal bli ekstra fleksibelt. Med kraftig strikk er det neppe nødvendig, men iallefall artig å få til...
Bukseselar: Enkel arbeidsteikning
Det er altså ein binders-liknande metallsnurr midt bak på ryggen, der to strikkar møtest og går frå kvarandre igjen. Strikkane bak er sydd saman i endane med votteklips, strikkane framme er det mogleg å gli opp og ned etter storleik, så der er det også ein "binders". Dei strikk-endane framme som er ekstra, festast med ein liten trykknapp på seg sjølv som flyttast etter behov. Alle stygge skøyter er dekka av ein dobbel skinnlapp, som er sydd saman rundt alle kantar, bortsett frå den kanten det skal gli ut gjennom. Skinnlappen over skøyten bak har berre fire festepunkt, og skinnlappen er også festa i metallet. 
Alltid blid!

Dette fungerte ganske greit ved dei første prøvingane. Lengre tids forsøk med haldbarheit og toleranse for bukseselar må eg få komme attende til seinare, når dei har blitt prøvd litt meir enn dei har til no... 

mandag 20. april 2015

Dompap om våren

No blir det meir og meir grøngras rundt huset. Det er vår! Og så bryt dompapen den stemninga med å dukke opp, julefuglen med sitt nisseraude bryst. Men det finst jo julefuglar heile året, om ein ikkje ser dei, så kan ein høyre dei. Dei pustar ut sine triste pju frå trea, men synest knapt. Dei er vel som nissane, flinkare til å gøyme seg når det er sommar. 


Det store skjor-sikra fuglehuset fungerer ganske greit. Det må fyllast skjeldan, ettersom det har ein stor indre behaldar med fuglefrø. I år har det vore solsikkefrø med skal og jordnøtter. Vi held no berre fram med matinga ei stund utover våren, det er både koseleg og fint for fuglane med ein mjukare landing inn i vår og sommar. Vi vil jo gjerne ha mange fugleungar her!






Stormfullt i år! Det har blåse godt rundt nova i vinter og vår. Men no varmar sola så godt at alt er vel! Og snart kjem kvitveisen for fullt, det gler vi oss mykje til!