søndag 26. januar 2014

Det som varmar i ein kald kveld

Det er innedagar for tida, med kalde vindar som aldri ser til å roe seg. 

I veslefuglen og Davy Jones sin voggesong, som stadig får nye vers, syngast følgjande: 

Trea stormar hit og dit, 
ugla seier: For eit slit!
Ho sit heller der og ser, 
og tutar litt, og ler.

Det har falle store tre i skogen, og desse kan nyttast til noko. Grantrea har blitt til ei hytte og fleire benkar, ein ekornvilla og kjem til å bli til halvgod granved seinare. Men no er det tidlegare tiders hardt arbeid vi haustar varme av, og fyrar på fjellbjørk hogge medan veslefuglen var ein liten løyndom inst i liten fugl sitt indre. Veden har no tørka godt og er klar for å varme oss for andre gong.

Det brenn i omnen i stova, og maske for maske nærmar det seg ein ny babygenser. Det er mange som kunne ha bruk for ein slik den kommande tida, så ein får berre freiste å halde maskene. Lettare sagt enn gjort, når fugleungen likar å låne strikketøyet og ommøblere litt på pinnane. 

Favoritt-babyjakka eg har strikka mange gonger, er etter eit gratis mønster som ligg på leinemerino.no. Dei lagar også fin ull, men stort sett har det blitt strikka av anna ull som passar pinne 3. Som så mange andre ullkle tøyer og strekk dei seg etter den som er inni, og difor kan ein bruke jakkene lenge. Den grøne jakka på biletet, strikka i storleik 3-6 månader, brukte veslefuglen frå første veke og nesten eit år, utruleg nok. Men slik elastisitetsutviding gjeld nok berre for første brukar, så då er det ein grunn til å finne pinnane fatt igjen! Det er eit morosamt mønster som ser meir avansert ut enn det eigentleg er, men det gjer jo ingenting. 
Under laginga av desse jakkene, skjønte eg at det er skilnad på knapping på jakker til jenter og gutar; Jentene har visstnok knappane på hjartesida. Alt ein kan lære...!

Sokkane, med oppskrift frå dei samme sidene, var dei beste veslefuglen hadde då ho var lita, og slike oppskrifter må ein merke seg. Det var faktisk nokon som heldt seg på den vesle, sparkande foten. Dei er supre til å bruke opp litt restegarn, og har også blitt strikka i Babyull og liknande med fint resultat.


Å, varme kveldar inne. Nevra som tennest og knitrar så det varmar både kroppen og sinnet, og er eit skodespel ein berre kan sjå på utan å forvente anna enn den same handlinga av dansande logar og varme tonar.