fredag 17. mai 2013

Hipp-hipp-hurra!

Gratulerer med dagen!
Våren storma inn over oss her i reiret og områda rundt, og på sjølvaste nasjonaldagen kjende vi verkeleg at det kan bli sommar i år også! (Dei fleste) potetene er i jorda, gulerøtene er frilandssådd og det grønkast i hagen. Kvitveisane blomstra som eit kvitt teppe, og for første gong har liten fugl ingen trong til å plukke dei. Dei står så fint der utanfor i skoghagen og lyser så ein blir glad i augene.



Det vart kakebakst i heimen i høve nasjonaldagen, og inspirert av eit bakeprogram på fjernsynet, snekra liten fugl saman ei fransk jordbærkake (Pascals fraisier) som ikkje har vore utprøvd før. Den vart veldig god! Ettersom den skulle selgast på ein 17.mai-kafé, måtte bakaren faktisk kjøpe seg eit stykke for å få kvalitetssikra arbeidet. Resultatet vart ny favorittkake!
Oppskrifta kom frå internettet og frå fjernsynet, som sagt. Det var heller ikkje vanskeleg, om ein følgde oppskrifta. Dei avvika som vart gjort frå oppskrifta, var pynten. Raudfarga marsipan til eit tynn-tynt lok og pynt med kremfløyte og blåbær. Det hadde sikkert også vore veldig fint med eit svært tynt gelélok på toppen, det får bli neste gong (og neste gong kan bli ganske snart).

Den andre kaka var eit standard sukkerbrød med to lag (kremfløyte og jordbær nedst og kiwi-vaniljekrem-kremfløyte øvst), kremfløyte rundt om det heile og eit lag marsipan på toppen. Før eg la på marsipanen, vart det lagt på ein sirkel med bakepapir i sentrum, for å kunne skjere marsipanen og illudere bærgjennombrot. Det var litt vanskelegare å lage dette fint, men det smakte friskt og godt. Grunna restar av både kremfløyte, blåbær og marsipan, vart det pynta litt langs kanten til slutt.

søndag 12. mai 2013

Spretten ekornvideo og myldrande frosk


Det er artig å få plutselege gjestar. Plutseleg i går dukka nokon vi ikkje hadde sett på ei stund opp igjen, ekornet Helnøtt!



Framleis vintergrå i pelsen, og tynnare enn sist, så velkommen skal han vere i fuglemathuset til å ete det han klarar. Det er framleis frø igjen, så det er berre å forsyne seg.
Så svolten var han at han sat inne i huset og åt så det rista. Han sat der lenge, sjølv om både liten fugl og fugleungen trampa over terrasseplankane, og då videoen vart starta, stod vi berre ein meter unna. Vi måtte til og med smatte som små ekorn for å få varsla om at vi var der! Men då vart det liv...

Dette er fugleungen sin nye favorittfilm, ikkje rart då ho sjølv var tilskodar på første rad under innspelinga...

Nede i dammen, som i tidlegare tider var ein salamanderdam, er det brått blitt trangt om plassen. Om lag 30 froskar har eit slags våryrt treff der nede for å sikre framtidige froskegenerasjonar. Vassflata dirrar av kurringa frå froskane. I starten kunne det sjå ut som snø, gamal, vasstrukken snø, det som låg langs kanten på dammen. Men det er froskeegg, snart rumpetroll, snart småfroskar - oj, det blir litt av eit liv, for ikkje å seie leven, der nede...





mandag 6. mai 2013

Ein fin liten blome


Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.
Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.
Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome, eg.
(Salme omsett frå svensk av Anders Hovden, 1927, melodi av Bjørn Eidsvåg, 1969 (Wikipedia))

Denne sørgelege salmen, som mest av alt er trist i tonen, gir von om lysare tider etter vinteren eller andre mørke stunder. Salmen blir spela av liten fugl og endå mindre fuglesøster på salmesykkelen. Det er ein song som ofte blir nytta i gravferder, men vakker er han like fullt, og sørgmodig blir han spela på det gamle orgelet med nokre tonar som manglar og sagmuggen dryssande ut for kvart taktfast tramp på belgen. Denne salmen spelar vi medan havet ligg mjukt mellom steinane i fjæra, eller slær hardt mot svaberga utanfor. Den pustande sjøen andar slik orgelet dreg pusten, og slepp tonane varsamt ut i denne vakre melodien. Og også der ute ved havet veks det små, fine blomar i skogen. Det er ikkje berre fuglar som trivst der ute!

Humle-humle, aldri somle

Men attende til nærare skogar - kven er no dette som summar i kvitveistuvene? Humla! Som bestilt! Kvitveisen og alle dei andre blomane treng ein summande og lodden gjest nett no medan vårsola varma eit kort glimt. Men ho var travel, måtte knipsast raskt der ho hasta forbi. Tydeleg underbemanna, den arbeidsplassen. Ingen tvil om at vi treng alle dei humlene vi kan få heromkring.

Det er altså mykje som er godt. Nye fuglar syng i skogen, både svarttrast og bjørkefink og raudstrupe er attende etter vinterferien i syden. Men dei har enno ikkje lete seg fange av kameralinsa i presentable biletformer, så de får tru meg på ordet.
Det kan tydelegvis snø igjen når som helst. Difor får sommarblomane stå i glasbur og varme seg til varmare dagar kjem. Men det spirer, det spirer, det vårast og gror! Både gulerøttene, pynteblomane og dei blå kornblomane (som skal bli kakepynt) er i kjømda, sjølv om nokre av dei har måtta ta turen inn før dei spira i pottene sine.
Dessutan er solsikkene på frammarsj, dei er prikla om einslege i kvar potte og gitt ørlite meir næring enn det så- og kaktusjord gir. Spiringsprosenten er oppe i 91%, ettersom det endeleg spratt fram noko hos den som set sine frø djupt. Det er jo meir enn forventa! Det løner seg altså å vente på det som er godt. (Eller tør ein å legge fram tanken om at det kan ha foregått nysåing?! I så fall, vil det kvalifisere til diskvalifisering?)


fredag 3. mai 2013

Den andre fødselsdagen i eit liv


Den første fødselsdagen var i fjor. Det var då sjølve fødselen fann stad. Det var så sant ein start, ein overgang og ei stor livsendring i fleire fugleliv. Fugleungen gjekk frå å vere ein liten klump av masse som dunka mot mageveggen til å bli ein sprellande unge med lyd og alt ein kunne ønske seg...

Den andre fødselsdagen har nett vore. Fugleungen er eit heilt år gammal! Ho fekk stort selskap med ballongar og gelé, mange vener, rikeleg lyd og høg festlegheitsfaktor.

Det vart, gjennom eit omfattande samarbeid med eit fivrel som fauk forbi, laga fleire typar geléinsekt. Marihøner er fugleungen sin favoritt, og difor måtte det bli marihønegelé. Men det fanst jo så mange andre fargar på geléen i butikken, så vi kunne ikkje stoppe der! Det vart både edderkoppgelé og larvegelé i tillegg til humlegeléen som er nemnt i eit tidlegare innlegg.
Det var noko av ein overflod av kaker, men vi var også mange svoltne gjester, og det gjekk unna både på iskake, solsikke-cupcakes og fruktsalat. Sjølv dei skrelte gulerøttene forsvann frå bordet!






Tru om det går an å lage sin eigen gelé neste gong, med mindre kunstig farge og meir til dømes rips? Dette må det forskast meir på.

Det er iallfall morosamt å ha bursdag, synest fugleungen. Ho fekk endogtil ete is sjølv, heimelaga vaniljeis med blåbær langs kanten!

Den iskaka er ein familietradisjon, og den har også spreidd seg til andre familiar. Det må den gjerne gjere, den forsvinn fort frå mest alle kakebord! Gamle ørn og vesle fugl åt truleg opp ei halv iskake ein gong - åleine! Den er fast gjest på dei fleste bursdagsbord i reiret.

Barnevenleg iskake med daim

Marengsbotn:
200 g sukker
4 eggekviter

Egga må skiljast. Det er veldig viktig å ikkje øydelegge plomma og få sjølv det minste eggeplomme i eggekvitene, for då blir det ikkje stivt. Bollen eggekvitene skal piskast i, må også vere feittfri og rein. Eggekvitene og sukkeret piskast veldig lenge, helst med ei kjøkkenmaskin, fordi dersom du har lyst å slite deg ut med å gjere det for hand, blir det truleg aldri heilt så stivt som det må vere for å bli god marengs utan seige parti. Det lønner seg å ha ei tynnvegga kakeform av metall eller steike rett på bakeplate med bakepapir (då kan det sige litt utover). Dei gongane eg har brukt ei snedden kakeform-med-keramikkserveringsfat-i-eitt, har det ikkje blitt så stiv og sprø marengs som eg har håpa.

Steik botnen på 125 grader i 3 timar.

Neste dag, når marengsen er avkjølt, kan du lage iskremen.
120 g sukker
4 eggeplommer
Dei utskrapa frøa frå ei fersk vaniljestang eller om lag ei halv teskei med tørka og kverna vaniljestang
Det heile rørast til lys og luftig eggedosis.

2 doble daimsjokoladar
Sjokoladeplatene hakkast og blandast inn i eggedosisen.

6 dl kremfløyte
Kremen piskast stivt, pisk så lenge du tør, for det har ein tendens til å bli meir flytande etter blanding med eggedosis og sjokolade. Hell iskremen over marengsen og sett i frysaren straks. Du kan halde fram med å fylle kakeforma, då blir forma på kaka iallfall ikkje utflytande, eller du kan fjerne springforma og bre iskremen ned langs sidene på marengsen.

Kaka kan pyntast med kva som helst, hakka nøtter, riven sjokolade, daimkuler, sølvkuler og tørka kronblad frå kornblomst, blåbær, eller noko anna som finst i skapet.

Må fugleungar verkeleg plagast med slike merkelege greier på hovudet?
Bursdagskrone må alle ha når dei fyller sitt år. Det vart ei gjenbrukskrone utan tal på i år, men med bokstavar, perler og blomar. Den er klypt ut av mosegummi frå ein hobbybutikk oppkalla nesten etter Pandoras eske. På denne butikken kunne dei ikkje svare på kva mosegummi er laga av, men det er iallfall eit supert materiale for ting som skal vere lette og ikkje plage eit lite bursdagsbarn med å sitte stramt. Men det luktar rimeleg kjemisk når det kjem rett frå innpakkinga, så det er neppe laga av verken mose eller gummi...

Ein nabogut, kamerat og kollega av fugleungen, fekk også ei krone til sin bursdag to veker tidlegare. Det var sjølvsagt ei kongekrone. Kongekrona vart laga av mosegummi med teipbakside som vart teipa saman (slik at den stakkars guten ikkje skulle få teipa fast krona rett i håret), og lukka med borrelås. Tiaraen vart laga av eit enkelt lag mosegummi utan teip, og vart lukka med ein dobbel rund strikk. Begge kronene kan utvidast og venteleg passe også ved seinare høve...




Her i reiret er vi også heldige å også ha ein kopi av Petter Smart si tenkehette, også den laga i mosegummi til eit karneval. Trastane i toppen er laga av sjølvtørkande papirbasert "leire" og måla etter tørking. Dei er lette nok til at ikkje hetta fell saman. Denne hetta kan kven som helst få bruke for å finne fram til dei verkeleg gyldne tankane... Sjå berre på den gode idéen fugleungen ser ut til å ha fått i det sekundet ho tolererte å ha hetta på hovudet!

torsdag 2. mai 2013

Humleproblem

Veslefuglen har nett fylt eit år, og eg tenkte å lage ei gelémarihøne til henne. Men kvirfor ikkje heller lage ei geléhumle? Ettersom humlene blir færre og skjeldnare, og er så viktige for det som skal spire og vekse kring oss her i reiret, skulle det berre mangle å lage så mange som råd. Her på biletet ser ein tydleg at humla ligg og gøymer seg i skåla, og berre såvidt tør kikke fram.


Ein vinter på vestlandet grov eg opp ei humle, som hadde lagt seg til å sove i mosen for vinteren, og som slett ikkje hadde tenkt å vakne allereie då. Ho hadde det nok som oss alle når ein må stå opp tidlegare enn ein har lyst... Svevndrukken og sjanglande vagga ho bortover, og tok ikkje sjansen på å fly med det første. Så eg la berre på mosen igjen og lata som det heile var ein draum.

Humlene er trivelege, lodne små vener som gjer at det blir bringebær og blåbær til oss utover sommaren. Før var det spennande konkurransar i nabolaget om kven som kunne fange flest i samme syltetøyglaset, ein spennande aktivitet som heldt oss i age så mang ein sommardag. Best var det i bringebærbuskene eller i klokkebusken, der var det alltid summing og aktivitet.

Humlene har det visst ikkje så lett for tida. Det er vel neppe det at det har blitt samla for mange av dei, men saman med biene og andre nektarhentarar så blir dei færre. Det er foreslått å plante humlevenlege plantar og blomar for å gje dei som er att best mogleg vilkår for å trivast. Difor skal vi plante pilefletta hytte etter kvart, la seljene stå framfor andre tre, plante klokkebusk og verne om villbringebæra kring huset.

Denne perlehumla har vore med meg ei stund, og stod på skrivebordet på ein tidlegare jobb til pynt og nytte. Ein gut på åtte såg lenge og interessert på perlehumla som stod stilt og fredeleg på skrivebordet mitt.Varsamt nærma han seg med ein liten peikefinger. "Forsiktig, den kan stikke!" sa eg, og han skvatt vekk. Den er tydeleg falsk, men på ein merkeleg livaktig måte...
Og ein annan gong, då eg ein gong skulle prøve å overtale ein om lag seks år gammal gut til å la meg kikke inn i munnen hans, gjorde eg det ved å spørje han om han kunne gape så høgt at denne humla kunne klare å fly inn i munnen hans. Og du kan tru han gapte! (men kven vil eigentleg ha ei humle inn i munnen...?)
Det er slett ikkje alle perledyr som er like vellukka som denne, men froskar og humler duger. 
Her, på denne lenka til Anne på Moseplassen, er det mykje god informasjon om mellom anna humlene sitt merkelege forsvinningsnummer.

Ein skal også utfordre andre til å spreie humlene si historie, og eg utfordrar Fivrel i Fivreldagar! Som flygande vesen burde ho lett kunne kjenne seg att i kor viktig det er å tiltrekke seg dei flygande venene og skape glede ved å spreie blomar ikring seg.