søndag 21. april 2013

Sannsynet for suksess

Det var aldri meininga at dette skulle vere ein nettstad der ein skulle stille opp matematiske regnestykke. Men praktisk matematikk, spesielt sannsyn, har alltid vore spennande for ein liten fugl, så eg kunne ikkje hjelpe for det når dette dukka opp i vindauget.

Spiringsprosenten på solsikkefrø er oppgitt til å vere 85%.
K planta 2 frø, og fekk opp 1.
I planta 3 frø, og fekk (etter kvart) opp 3.
F planta 3 frø, og fekk opp 0.
V planta 4 frø, og fekk opp 4.

Kor sannsynleg er det å få opp 4 av 4 frø?
0,85^4 = 0,52 = 52%

Kor sannsynleg er det å få opp 0 av 3 frø?
0,15^3 =  0,00337 = 0,3%, med mindre nokon kanskje har sett sine frø litt djupt, og dei enno søv under jorda?

Kva er spiringsprosenten i våre potter?

8 spirande frø av 12 moglege. 67% spiringsprosent i våre potter.

Kor sannsynleg er det at dette lovar godt for solsikkekonkurransen, både den lokale og den nasjonale?

Kor sannsynleg er det at fugleungen klarar å rive ut all jorda av desse pottene og ete solsikkespirene?

Dei siste spørsmåla let eg stå opne. Nokre gonger er det berre tida som kan vise om det blir slik eller slik...

onsdag 17. april 2013

Spor i snø og vår i vindauget

Ekornet hadde våga seg fram på trammen ein dag, og det gjekk masse nyfikne spor både hit og dit framfor inngangspartiet - skulle dei tørre? Nei. Kva med no? Nei, det er for farleg.Framfotmerka står bak bakfotmerka etter eit kraftig hopp, og slike merke var det mange av. Dei må ha vore mykje i tvil.

Men ein som er bestemt og heller fryktlaus, det er fugleungen. Enno må ho ha litt støtte ved lengre distansar, men det er jo så lett å få foreldra til å gjere som ho vil. Ho langar ut og set støvlespor på kvar ein snøhaug og kvar ein dam, dett og reiser seg, får fliser og blir kald og våt, men gå, det skal ho!

Vårgardinene er ferdiglaga. Dei er av eit stoff som vart ei gledeleg overrasking då det kom fram at det er trykk på begge sider, som om ikkje den eine sida var fin nok åleine. Det måtte jo berre brukast til noko spesielt, som gardiner på kjøkkenet. Det går jo ikkje an å ha julegardiner oppe etter påske og i april!

Det vart enkle liftgardiner denne gongen, berre sydd til eit eksisterande oppheng og klistra opp med borrelås. Ingen tenking, berre stryking, damping og saum. Eg vart så ivrig etter kvart at eg også strauk raude brennmerker på begge underarmane... Men når det gjeld nøyaktigheit, er det utruleg viktig med gode linjalar og eit godt strykejern. Mitt kvalitetsjern har eg kjøpt brukt for 10 år sidan for 50 kroner. Men eg visste det var eit bra strykejern, for fuglemamma mormor hadde eit slikt i gamle dagar.
Gardinene er finast når det skin sol gjennom dei og viser begge trykka samstundes, og dei skifter også til eit anna uttrykk når dei lysast opp av kjøkkenlysa frå innsida.



mandag 15. april 2013

Vakne, vesle spire!


Primstaven er snudd, på denne sida ligg lange sommarkveldar og bading i sjøvatn, små fugleungeføter i grønt, varmt gras og verdas høgaste solsikke. Dette blir ein kamp mellom eit fivrel og ein fugl om kven som kan komme seg høgast!



Så skitne hender ho har, fugleungen, måtte dei alltid ha jordrestar og sand under neglene som teikn på at du framleis elskar å grave i den gode jorda og undersøke steinar og småting.
Fugleungen var til liten hjelp for såinga, ho var som vanleg mest oppteken av å grave jorda ut av pottene heller enn inn i dei. Men denne gongen var det tydelegvis lov - så forvirrande denne verda er for ein som har kome til ho for ikkje eit fullt år sidan ein gong... Det er like forvirrande som at vinteren kjem og landar som ein framand fugl midt i våren vår, medan ein trudde han var borte, så kasta han seg over oss igjen med snø og frost.

Så blir det heller innandørs, då, at blomane skal krype fram etter kvart. Dersom sannsynet for at eit frø spirer er 85%, kor sannsynleg er det då at ein får spiring i potta si med to, tre eller fire frø?
(1-0,15^(talet på frø))*100. Eit frø: 85%. To frø: 97,5%. Tre frø 99,7%. Fire frø 99,98%. Sånn i det heile teke er det svært sannsynleg at vi får solsikker, men deltakarane i lag KVIF har i ulik grad tolerert uvissa. Det blir spennande å sjå kor mange solsikker som kjem opp. Det som iallfall er svært sannsynleg, er at det kjem til å vekse opp ein heil masse solsikker under foringsplassen for fuglane ute.
Lag KVIF er klar til å komme i gang!


Det er også teke pelargoniumstiklingar frå ein gammal plante, ein lyserosa Dronning Ingrid-plante som har gitt opphav til mange pelargoniumungar. Ungane lever berre ein sesong, medan mora sjølv tronar innandørs i vindaugskarmen, kvilande heile vinteren etter å ha blitt kutta mykje ned i september/oktober. I april blir ho kraftig kutta ned igjen og misser nesten alle skota sine. Då blir ho meir bladrik i botnen, og det er det finaste. Dei avklipte skota rensast for ein del blad og settast i såjord (næringsfattig) i små potter og haldast fuktige. Dersom dei får sopp, går det an å gje dei litt atamon i vatnet. Dei slær rot etter nokre veker med fuktigheit og omsorg. Dei kan gradvis pottast om til stadig større potter med meir næringshaldig jord som pelargoniumjord, og blir til slutt store plantar som blomstrar utover sommaren og hausten.

tirsdag 9. april 2013

Matsmikker

Kan det bli for mange smikker?

Denne varianten, direktekopiert frå ei kjøpesmikke fugleungen fekk i fødselsgåve, samlar opp maten når den dett ned, iallfall til ei viss grad.

Det er kjempelett å lage dette sjølv, og det er noko som verkeleg er nyttig...
Materialet er voksdukstoff, skråband og ein trykknapp eller ein borrelåsbit til lukking.

 
Eg klipper ut (nesten) ein oval, lagar opning til hals, klipper lommestykket like stort som bakstykket, syr på skråband på lommestykket og syr skråband rundt det heile for å lukke og låse det heile saman. Dra litt i skråbandet i svingane, så det sit fint, og hugs mange nåler!
Eg blir litt glad kvar gong eg lagar ei sånn smikke - det tek overraskande kort tid :)



søndag 7. april 2013

Tid for fot

Time for the feet
Det er ikkje tid for å gje opp heilt enno (defeat), sjølv om fleire av mine sko- og sokkeprosjekt har blitt litt langdryge og avbrotne av andre meir hyggelege oppgåver. Dessutan er det lett å stoppe opp med eit prosjekt når ein ikkje heilt veit kvar vegen går vidare, skal eg sy det slik eller sånn?


Tøflar i stoff med mønster frå søttitallet eller Korleis mønsteret blir til medan ein går.

Fotformsko som vart for små etter opprinneleg mønster, men med tillegg av eit band rundt solesirkumferensen vart dei akkurat passe.
Det som var tenkt som utsida, vart innsida til slutt. Og grunna tendens til å dette av, vart det laga skinnsnor til å lukke skoen, men det ingen tenkte på, var at fugleungen jo elskar å knytte opp skolisser!






Mjukskinnsmokkasiner eller Kvifor det løner seg å teikne og tenke før ein klipper og syr.

Sydd av mjukt geiteskinn (som eigentleg er tiltenkt eit anna prosjekt, men eg måtte berre!), med strikk slik at dei skal sitte godt. Desse er lette og gode, og er teikna etter mønster frå barfoten til fugleungen, i ein gylden augneblink der ho stod i ro med hælen på bakken.

Sko med hol slik at dei små tåsefisane kan puste



Snøsko eller Zteinar (kopi av Stonz)
Desse fotposane er ikkje heilt ferdige enno, men nesten. Og så kjøpte vi støvlar før syprosjektet var avslutta, så det spørs om dei blir ferdige. Men litt artige er dei no, ser ut som små elefantføter, og er lette og tette og varme.







Spiralsokkar har blitt strikka for å vere sikker på at oppskrifta eg la ut på bloggen stemte, og det gjorde den. Sokkane vart strikka i ein rest av lanolinull, og vart veldig varme og gode. Kanskje er dei vasstette også?
Oppskrifta ligg her, heldigvis ikkje under snøen :)








Babysokkar vart ferdiggjort etter ein lang strikkepause. Sokkane var kanskje passelege til fugleungen medan prosjektet vart påtenkt, men dei vart liggande grunna manglande garn. Slik går det når ein skal bruke opp, det ender ofte med å kjøpe meir for å gjere ferdig resteprosjektet...


 
For det er verkeleg tid for fot, fugleungen har teke til med lange marsjar med støtte. Spennande tider kjem...

fredag 5. april 2013

Nye fuglar i skogen

Vi har hatt noko besøksendring, samt at eg faktisk har fått fanga ein gammal kjenning på film etter mange framstøt. Det er den raude dompappaen, han har vore ein vanskeleg modell, trass i at han er roleg og stødig, men har rett og slett, som nokre gjer, unngått linsene mine og plassert seg utanfor rekkevidde. Men her er han!

Så var det ein flaggspett som var på besøk, det var medan det var mykje rotne eple utanfor, så kanskje vi må slutte å ete opp eplene våre sjølve...


Til slutt kom det nokon vi slett ikkje fekk by på noko, det var ei due i skogen. Eg er jammen ikkje sikker på om det er ei ringdue som har blæse seg opp grunna kulde eller ei tyrkerdue med litt strek på halsen. Kanskje nokon veit?







onsdag 3. april 2013

Vi har sett våren!


Å reise frå påskeferieøya og attende til reiret var som å reise baklengs i årstidene. På fugleøya var det krokus og påskeliljer og berre ein enkelt snøflekk att på den kalde nordsida, det var sol og blå himmel og blanke farvatn så langt ein kunne sjå.








Liten fugl oppdaga at dersom ein ikkje har konditorfarge, kan blåbærsyltetøy nyttast. Då blir det ein herleg lillafarge. Og viss du bakar ut marsipanfigurane med potetmjøl, blir dei lette å forme, og ein slepp klissete fingertuppar. Når det gjeld bjørkekvistmønster av mørk sjokolade, så er det nok lurt å ikkje pynte kaka i fyr-i-omnen-temperatur, med mindre ein ønskjer nedsmelting. Kaka var fylt med villbringebærsyltetøy som fuglemamma mormor har plukka, og kiwibitar. Oppskrifta på sukkerbrød står så fint på potetmjølpakken (som trengs for å lage marsipanfigurar). For øvrig oppdaga Liten fugl også at i mangel på gul konditorfarge, så kan å dyppe marsipanfigurane i gul gelé IKKJE nyttast.


Fugleungen elska å leike med steinar og kongler og sorterte dei på avansert vis som ingen andre kunne skjøne seg på, så vanskeleg var det. Sjølvsagt tok det mykje konsentrasjon frå ein liten hjerne.
Det var varme og herlege dagar i vårsola. Alle faktorerte seg godt, og få vart solbrende. Dei lange dagane i solveggen og kvitring om laust og fast over kaffikoppen gjorde godt for ein vinterkald kropp.

Men verken ferien eller vêret skulle vare.
"Slik har òg årsens tider bytt klede med kvarandre, 
slik at verda vilkårleg ikkje veit kven som er kven. 
Hard og rimkvit frost fell ned i fanget på den raude rosa, 
og kring Kong Vinters nakne, kvite skolt ligg som til spott 
ein vårleg krans av knoppar, søtt angande og friske..." 

Frå Ein midtsommarnattsdraum (W. Shakespeare), litt etter slik eg minnast omsetjinga til Haldis Moren Vesaas.

No er vi attende i skogen der blomane framleis søv under snøen, men det er endringar i gjerde. Liten fugl skal overlate ansvaret for den daglege drift av reir og småfuglar til fuglemannen sin, og det blir ein overgang.
Måtte tida som kjem ha med seg like mykje godt som den tida som har gått!

Attende til stryskjorta og havrelefsa etter ei god, god tid...