fredag 18. juli 2014

Jordbærtid!

Markjordbæra utanfor er i full gang, og har vore det nokre veker, noko seinare enn andre stader, men verd å vente på. Fugleungen ventar og ventar og sit nærast på huk framfor den varme garasjeveggen for å sjå korleis dei blir raudare og raudare, desse bæra, heilt til ho ikkje lenger orkar å vente lenger. Då kan det vere det same med heile utslettet ho får av jordbær, huden sprekk opp under øyrene og det kjem prikkar på kroppen, fordi jordbær inneheld kroppen sitt eige allergifremjande middel, histamin, som er sjølve oppskrifta på kløe. Difor må jordbær etast litt i smug her i reiret for tida, men markjordbæra, dei får Fugleungen ha som ho vil. Anna ville vore umogleg, for ikkje å seie vondsinna... 

Det har teke si tid, men dei store jordbæra i hagen har også blitt modne etter kvart. Desse jordbæra kom og planta seg sjølv i hagen her, og slike plantar, som heilt klart har ønske om å vere med oss, må ein ta vare på. Målet ein gong er å lage rørte jordbær frå eigen hage, men framleis ligg dette eit stykke unna. Så langt er hovudfokuset å halde plantane i live og formere dei opp til seinare plantingar, og d går storveges. Det er ikkje stiklingmangel i jordbæråkeren... Men enn så lenge blir det kjøpte bær. Heldigvis vart det ordna for ei stund sidan, då det var lett å få tak i jordbær i butikkane.


Jordbærsorbet

1 kg jordbær
200 g sukker
1 dl vatn
2 ss Golden Syrup, eg brukte berre litt honning
Saft av ein sitron
Lag ein puré av ingrediensane og sil blandinga. Opp i iskremmaskina til isen er frosen. 
Serverast straks den er ferdig, og smakar fantastisk på ein varm sommardag!

Jordbærsorbet var overraskande lett å lage, men tenk å øydelegge så mange gode jordbær som lett kunne har blitt ete med berre is eller fløyte og sukker? Det enklaste er ofte det aller beste...



Ny fugleunge i reiret!

Endeleg er egget klekka, og den nye fugleungen har kome til oss. Han er like lite plagsam utanfor som inni magen, og er en bedageleg liten pjusk så langt. Vi gler oss til at han vaknar litt meir etter kvart, og ikkje berre søv heile tida.
Den største fugleungen er veldig stolt og varsam der ho stryk han over det varme, mjuke kinnet og over det mørke dunhåret. "Hei, du," seier ho med sin minste stemme og legg kinnet sitt mot hans. Eg trur dei to blir gode vener etter kvart.


Utanfor skvatrar kråker og sjor i ein krigsliknande kamp om plass, markjordbær og tomatane til Fugleungen. To ungekull og fjerning av tidlegare reirplassar i grantrea på nabotomta skjerpar situasjonen til det kritiske punktet vi har no. Kanskje greit å uansett ha litt oppstykka nattesvevn når det skal vere på denne måten?

Fine froskar

Småfroskane sprett fram frå krokar og skjul når kvelden blir fuktig og kjøleg. Vi kan ikkje klyppe plenen om kvelden, det ville blitt ein stygg massakre, men vi kan fange småfroskar om kvelden og bli inspirerte til eigne hopp og sprell i ein lummer kveld.


Dei er fine å sjå på, synest Fugleungen, dei gjer så ein får lyst å hoppe sjølv, saman med dei, bortover grusen når dei freistar å komme seg til kvar det no er dei skal. Frosketrekket var noko av det første vi opplevde etter at vi flytta til reiret vårt, og vi flytta inn i august. Sånn er froskane litt tidlegare ute i år enn før, kanskje det er fleire som har fått solstikk?