torsdag 27. juni 2013

Solsikker

Første overnatting utandørs for solsikkene
Det er sommar i hagen, og solsikkene strekk seg oppover langs husveggen på sørsida. Sannsynet for at dei blir verdas høgaste, er relativt lite. Men det kan framleis bli dei finaste solsikkene vi har sett!
Statistikken frå eit tidlegare innlegg vart gjort til skamme. Etter tolmodig venting, og etter at dei solsikkene som var planta djupast klarte å komme seg til overflata, viste det seg at alle frøa så nær som eitt spira. Det gir ein glimrande spiringsprosent, utan at ein sommarsløv liten fugl gidd å rekne meir på dét.
Fugleungen elskar høge blomar. Ho veit godt kva for ei solsikke som er hennar, og ho er i knivskarp kamp med storesøster om å ha den høgaste planten, medan liten fugl sin blome har bøygd heilt av og heng ut mot vest. Solsikkene veks raskt, til og med raskare enn fugleungen. Ho vart forbivakse for ei veke sidan. Men dei er enno ikkje høgare enn det fugleungen er når ho strekk armane i veret og viser kor stor ho er!

søndag 23. juni 2013

Ekornungar og blomstrande blåbær, med løfte om blåare tider

Blåbær er fugleungen sin favoritt over alle favorittar. Eit blåbær på kvar grautskei til kvelden gjer måltidet til ein leik. Men så langt er det mest dei kjøpte, amerikanske blåbæra som har vore aktuelle. Så no gler alle seg til bærsesongen der dei ekte bæra kjem...
Blåbærblomar er svært vakre og nette, men små og usynlege for dei som ikkje ser godt etter. Blåbæra blømer om lag på fugleungen sin fødselsdag, og det passar jo svært fint, for der er det ein fugleunge som kjem til å få blå tunge etter kvart!

Men i vinter har berrfrosten og tørken teke knekken på det gamle blåbærriset, slik at det til vår ulukke ser ut til å bli ein dårleg haust for blåbær her utanfor reiret. Noko ille måtte det vel kome av så godt vintervêr... Så vi trekk snart sørover for å søke blåare busker og gjere tungene lilla.
Då kan vi lage fuglemors blåbærpai! Den er verkeleg god, og det er først og fremst denne oppskrifta som dukkar opp i hovudet når det blir tale om marsipan. Marsipanen i botnen av paien har ei viktig oppgåve som varsam og litt anonym smakssettar, samstundes som den ikkje gjer paideigen for blaut.

Nydeleg blåbærpai med marsipan
150 g smør
1 dl sukker
1 egg
½ kryddermål bakepulver
3 ½ dl kveitemjøl
300 g blåbær (eller halvt om halvt med blå- og bringebær, det blir veldig godt)
50 g marsipan
2 ss sukker
2 ts potetmjøl
Bland saman deigen. Set omnen på 200°. Kjevle ut eit tynt dekke av om lag 50 g marsipan og
legg over deigen i botnen av ei lita form. Strø over rikeleg med bringebær og blåbær, om lag
300 g. Strø over ei blanding av potetmjøl og sukker, og lag eit gitter over paien om det
framleis er noko av den gode mørdeigen att. Steik kaka nedst i omnen i 25-30 minutt, og
server med is eller krem.

Dammen ligg aude og attgrodd. Froskane som la egg i dammen er borte. Eller, frå tid til anna dukkar dei opp, ein morgon låg det ein død ein i kjøkkenhagen, halvspist. Det første eg tenkte var; den rota såg ut som ein frosk! Ein annan dag hoppa det ein kjempefrosk rundt på plenen, og til og med opp på plattingen då eg jaga han med kameraet (utan å få han på skothald). Slik sett er alle her på jakt etter kvarandre. Skogverda og naturen er brutal, og ein treff både livet og døden nærare her enn mange andre stader.

Det er lite liv i dammen no, og det er ikkje så mange rumpetroll som ein skulle trudd utfrå mengda egg som vart plassert her tidlegare. Og vi har ein hovudmistenkt... Fleire kveldar på rad såg vi stokkender som landa på vatnet, og desse sat nett der det var mest egg. Etter eit raskt søk på nettet, kom det fram at ender kan ta til seg protein i form av froskeegg og småfroskar tidleg i sesongen når proteinlagra til fuglane er på sitt tommaste.

Dette er to andre som er på jakt, Japp og Smil, dei to svoltne ekornungane utanfor reiret her. Det er ikkje alltid så lett å sjå forskjell på ekorn, men desse er temmeleg ulike i pelsen. Det verkar som den raude Smil er litt meir svolten enn broren, for ho er stadig innom og leiter. Dei kjem svært nær innpå oss, i dag sat vi berre tre meter unna medan ho freista å tømme siste resten av fuglematen i syrinbusken. Men no er jammen meg fuglematinga over for vintersesongen, no er det mykje godt å finne i skogen som ekornungane heller bør lære seg å ete.

Men dei er hjarteleg velkomne attende til vinteren! Kanskje dei kan få seg ei ekornkasse til neste år?

torsdag 20. juni 2013

Markens grøde - gulerøtter og poteter i kjøkkenhagen


Så mangt rart kan krype fram frå den mørke muld. Hausten 2011 kom denne Isak Sellanrå til meg ut frå ein mjølkekartong med sådde gulerøtter. Splitter naken! 
"Isak med jærnskjegget og den altfor rotvoksede krop, han var som en gruelig kvernkall" (Knut Hamsun, Markens grøde)

I år vart gulerøttene både sådd på friland og i store potter i den varme kroken på verandaen. Å dyrke gulerøtter i mjølkekartongar er også veldig fint, det går litt meir jord (får berre plass til 1-2 gulerøtter i kvar kartong), og å ha ei mengde falma mjølkekartongar ståande utanfor gir eit litt uryddig inntrykk etter kvart. Men det funkar veldig bra å så inne med plast over (td ein brødpose tredd nedover kvar mjølkekartong), og så sette mjølkekartongane ut når det blir varmt nok til det. Eg har prøvd å flytte innhaldet over i jorda ute etter nokre veker med innespiring, men det kan fort gå veldig dårleg. Nokon eg har snakka med meiner dei får det til fint, men eg let dei heller stå i ro. Men truleg kan ein få fleire Isak-liknande figurar og merkelege former dersom ein manipulerar meir med dei unge røtene.
Så i år er det store, mørkfarga potter (som samlar mykje solvarme tidleg), med plass til 6-12 gulerøtter i kvar, og to rekker med gulerøtter i kjøkkenhagen.

Små spirer på rekke og rad
Gulerøtter , gulerøtter og graslauk, og små spirer av ringblom
Dei travle tidene i kjøkkenhagen er til dels over. Potetene skulle helst i jorda før nasjonaldagen, men gulerøtter skulle ha si seng til å frilandsåast etter kvart, og avleggarar av ein jordbærart måtte livreddast frå den tørre og inneklemde pottedøden. Meir avansert vart ikkje kjøkkenhagen i år.

Men kjøkkenhage - det første problemet med den var at vi hadde jo ingen enno. Vi hadde ein humpete plen der det tidlegare har stått ei rekke bjørketre - og difor inneheldt ein del tæger. Dei små bjørkerøtene er utruleg seige og tydelegvis motstandige mot nedbryting. Det gode med det var at jorda vart godt rufsa rundt i allereie ved dragkampen med røtene. Så var det steinplukking av den rustbrune skifersteinen som er i grunnen, og deretter påfylling av ny jord og innblanding av rik, eigenprodusert kompost frå dunken bak huset. Det tok sine kveldar å få det ferdig, men utearbeid med skitne hender gjer berre godt.

Dessutan var fugleungen ein trufast hjelpar og ivrig organisator av torvtufsene frå den tidlegare plenen, no kjøkkenhagen, her i skogkanten.
Konsentrert fugleunge godt i gang med sortering og stabling av torvtufsane
I starten ein snill hjelpar, etter kvart litt for ivrig lukar av blomar og spirer, men det viktigaste må vere at Fugleungen likar å jobbe med jorda og blomane. Ho legg nasa ned mot fiolane i krukka og luktar på sommaren. Men medan hennar vakne auge er opne, må ein IKKJE plukke bort avblomstra blomar for betre blomstring, og heller ikkje luke i gulerotrekkene - ho blir så freista til å gjere det same, og tek til seg ein neve stemorsblomar eller dei finaste attståande gulerotspirene, med ei fart og ein presisjon som mange skulle ønskt å ha. Ho siktar rett mot dei flottaste blomane og dei mest levedyktige gulerotspirene og dreg dei triumferande høgt opp i lufta. "Sje deR", seier ho med skarre-r'en sin.

Kjøkkenhagen er ein liten start, nokre meter med poteter, gulerøter og ein mellombels opphaldsstad for nokre jordbærplantar. Det blir ikkje mykje, men det blir sikkert godt!
Halvparten av potetene har dykka ned i jorddjupet, medan gulerotfrøa ligg verna under kvitt dekke
Potetene vart kjøpt inn som settepoteter, men heimespira poteter som har fått groer i kjøleskåpet går like fint å sette ut. Det er ikkje lov å grave opp spirene eller potetene for å sjå kor langt dei har kome, men det kan vere vrient å la vere...
Denne poteta, som kallast potetmor, gjer seg klar til å bli nett det, mor til ei potet på kvar tynne tråd som heng ut. Frå setting til dette biletet vart teke, tok det om lag ei veke, så ting hender raskt!
Den kommande potetmora til eit kull med nypoteter
Nokre varme maidagar gjorde godt for det som allereie var i jorda, og potetene sette inn ein spurtvekst der ein frå dag til dag ser skilnadar. Dette blir spennande...

Det veks og gror!




mandag 17. juni 2013

Humla suser og fivrelet flaksar, ferien er over på ganske få straksar


Det har vore mange fivrel innom i buskene allereie i sommar, og dei arbeider saman med humlene utrøyttelege mot det mål å lage ein rik haust med frø, frukt og bær til alle som vil ha.
Men å fange eit fivrel på film er som å fotografere vinden, kanskje vanskelegare, for vinden held stort sett fram å blåse i same retningen. Men fivrel er små blomar som flyg viltert og ustyrleg gjennom luft. Men dei vil vel heller ikkje bli fanga, dei vil vere slik dei alltid har vore. Dei er som melodiar spela på ei sølvfløyte, hoppande hit og dit. Men stundom set dei seg og kviler, strekker vengene i sollyset, og då må ein vere der og ta dei bileta ein skal. Det kjem til å bli mange bomskot før dei verkelege sommarfuglbileta dukkar opp på desse sidene...
Humlene er meir heimslege, stødige og tunge i enden. Dei summar når dei kjem, dei summar og brummar til arbeidet, men dei gjer jobben. Humlene skal ein sette pris på, for dei held hjula i naturen i gang med ein låg brummelyd.

Blomane lever farleg i hagen her. Ei lita hand er styggeleg snar til å plukke og like snar til å kaste frå seg att. Rabarbra er også i faresonen. Fugleungen smakar på kvar og ein av rabarbrastilkane, før ho freistar å sette dei fint på plass der dei stod. Enkelte delar av konseptet med plantar har ho definitivt ikkje fått med seg.



Merkeleg nok var det  i denne solveggen fugleungen og liten fugl sat i snøen på reinsdyrskinn i vinter. No er det midtsommar og herleg vekst og lukt av alt som gror. Mygg og knott er det også rikeleg av, så lufta er full av så mykje for tida...

tirsdag 4. juni 2013

Sommardagar om våren


Det var så lenge uverkeleg lenge til sommaren, før han brått stod her og pressa seg fram, i det blå mellomrommet mellom stenene, i spenstige bjørkeknoppar, i kvitveis på kvitveis og deretter i jonsokblom, marikåpe med morgondogg, løvetann og smørblomst.
Nye fuglar flyg forbi utanfor reiret her, og dei syng som berre fuglar kan gjere om våren, sjølv om det kjennest som sommar.
Bokfinken er her, fru bokfink er avbilda under. Ringduene tutu-ar frå mørke grantoppar, og dompapen kjem også stadig innom med eit pju.

Bokfinkfrue
Blomstrande rogn og juleraude dompap
Kjøttmeis og ekornunge
Sjølv om det tilsynelatande er sommar, er det framleis aktivitet på fôringsplassen. Og nye fjes dukkar opp - ikkje mindre enn to små og tynne ekornungar er på plass. Den som er avbilda her, heiter Smil, og Japp, som var innom rett før henne, hadde ein annan farge på pelsen. Dei verkar meir kvalpeaktige enn dei ekorna som har vore her før, dei spring hit og dit, undersøker det meste og freistar å klatre på vindauga, i grunnen ikkje så ulikt ein fugleunge som bur heromkring.
Smil verka roleg og uredd, og sat lenge og sølte noko voldsamt med ein meisebolle ho klarte å få laus. Øyrene ser heilt nykreppa ut, og pelsen var fin og brun. Japp var tynnare og med meir gråleg pels, og litt pistrete hale. Det var Japp som vart observert forsøksvis balanserande på lista på utsida av vindaugsglasa på kjøkkenet.



mandag 3. juni 2013

Regn i lufta gir ostekake i magen

Heldigvis gjer det ingenting for fugleungen at det regnar. Ho har så fine støvlar med bilete av mygg, elg og rev, samt eit vesen som vi har tolka som ein flåttmonster.
No har ho også ei ferdig regnkåpe, dessverre ikkje spesielt harmonisk fargekombinasjon med støvlane, men det gjer vel ikkje noko. Jo fleire fargar, jo betre, synest no fugleungen! No står det berre att å teipe saumane med nokre greier liten fugl har fått kloa i på ein stilig stoffbutikk.

Når det endeleg regnar, får ein gjort meir inne. Då gjer det seg med ei luksuriøs ostekake, til dømes. Oppskrifta er enkel og kaka blir god, men akk så veldig mektig.

Ostekake

Botn:
250 g knuste Digestive-kjeks
200 g smør (helst utan salt)
Smelt smøret, knus kjeksa og bland saman. Forma ein trykker dette ut i kan, som her vere 24 cm, eller helst 20 cm i diameter, då blir sikkert kaka ekstra flott (og gir enno større stykke som blir enno meir mektige). Hugs å kle forma med bakepapir, eit i botnen og ei remse langs kanten på forma gir finast resultat. Hell smørsmulebotnen i forma, og lat botnen stå kaldt i minst eit kvarter.

Kvit ostekrem:
500 g romtemperert kremost (gjerne den luftige typen spesialtenkt til ostekake)
ein boks (eller 240 ml) ricotta-ost
170 g sukker
2 ss finrive sitronskal
2 ss ferskpressa sitronsaft
3 dl kremfløyte
1 ss gelatinpulver
Vatn
Gelatinpulveret løysest i 80 ml kokande vatn. Bland inn ost, sitron og sukker i gelatinen. Visp kremfløyten til ikkje for stiv krem. Bland osteblandinga med kremfløyten til slutt. Legg det kvite ned i kjeksbotnen. Lat kaka stå i 2 timar før geléen blir lagt på.

Gelélok:
85 g bringebærgelépulver løysast i 1,25 dl kokande vatn. Tilset 1,25 dl iskaldt vatn. Vent litt med å helle over ostekaka, til det er heilt sikkert at geléen ikkje er varm lenger. Vis tolmod!

Pynt med bær, physalis og mynte dersom fugleungen eller ein annan ivrig hjelpar har stukke fingeren sin ned i geléloket og laga djupe prøvesmakingshol. Viss ingen hjelparar har prøvebora, er kaka veldig fin med eit enkelt glatt og skinnande raudt gelélok.