torsdag 27. februar 2014

Nålebinding

Nålebinding er ein spesiell handarbeidsteknikk som Liten fugl lærte på den fantastiske folkehøgskulen på Fosen for alt for mange år sidan. Det har blitt ein del binding etter det, og det har teke sine kveldar. Men utvalde ting blir både praktiske og fine i nålebinding, og det er heilt klart eit av dei meir spesielle handtverksteknikkane som er i bruk i Noreg i dag. Ein annan fordel er at det ikkje går an å fabrikkframstille nålebinding, det handlagast. Og det tek som regel mykje lengre tid enn strikking, men det blir både tjukkare, meir haldbart og med ein finare struktur.
Til utvalde plagg som huer og handleddsvarmarar, vesker og vottar, er nålebinding ideell. Til plagg som må vere meir elastiske, som gensarar og sokkar, er det nok rimeleg å innrømme at strikking er meir behageleg elastisk. Det ville, om ein skulle nålebinde eit overkroppsplagg, vore greit om det var ei jakke eller eit kofteliknande plagg, fordi det då er meir bruksvenleg. Men så er det problemet med å snu og nålebinde attende, då...
Her er ein bort imot nyklekka liten fugleunge i sitt første nålebundne plagg. Det vart faktisk bunde fram og attende, noko som ikkje er like enkelt som å nålebinde ein sylinder. Det blir også eit anna mønster om ein snur på kanten eller held fram i samme retning, men forandring fryder! Dessutan ville nok ein nålebunden genser framfor ei omslagsjakke som denne blitt ganske upraktisk å ta på. Omslagsplagg er overlegne i barseltida...
Det har også blitt gensarar og sokkar, vottar, hanskar, huer og øyreband. Det er ein fordel å bruke eit jamnt, tjukt garn til nålebinding, det må vere mogleg å tove det saman for å skøyte trådenden, og det ser finast ut i mønsteret om garnet er jamnt spunne. Dersom det er for tynt vil det bli litt slaskete og ugreit å binde med, garn som er berekna på pinne 4 er nok rimeleg passeleg. Lett-Lópi frå Alafoss er ein heilt klar nålebindingsfavoritt her i reiret. Det klør dessverre noko, men om det er kaldt nok på øyrene går det meste bra.

Det har blitt litt ymse laga av nålebinding i løpet av åra. Det minst brukbare var kanskje denne mobilsoveposen. Den vart relativt lite brukt. Pennalet i treet litt lenger oppe vart derimot dagleg brukt under fuglestudiet.
Vottar, huer og genserar må lagast og prøvast undervegs i bindinga, og det er det mest interessante. Eg brukar ikkje mønster, berre legg ut og tek inn passeleg mykje, og som regel blir det ikkje så verst...



Enkel instruksjonsvideo i nålebinding
Denne videoen på dansk viser Oslostinget. Eg har aldri heilt funne ut kva sting eg likar best, men eg plar å kalle dei andre ting enn Oslostinget, mammenstinget eller noko som helst særnamn. Eg varierar ein del mellom kor mange løkker eg tek opp frå grunnlinja, kor mange som er rundt tommelen og kor mange eg tek opp bak tommelen. Eg synest det er betre å kalle stinget 1+1+3, til dømes. Det vil seie ei løkke frå forrige rekke, ei tommelløkke og tre løkker bak tommelen. Dette er det stinget eg lærte først, og som er relativt enkelt å få til. Elles likar eg 2+2+2, som eg har laga ein genser av, og dermed har brukt ein del. Med variasjonar blir det mykje meir spennande!
Det litt irriterande er at eg har laga eit par handleddsvarmarar ein gong i eit sting eg ikkje klarar å få til på nytt igjen, om eg enn har prøvd å bruke oppskrifta eg såg på den gongen...
Fugleungen likar også nålebinding. Ho har sitt heilt eige sting og brukar både mange knutar og mange løkker. Nål er ho ikkje så interessert i, ho synest faktisk dei kan vere litt skummelt skarpe. Men alt er lov, det er store variasjonsmogleikar med nålebinding!

fredag 21. februar 2014

Bolle i omnen


Fylte bollar er ein favoritt å servere på avslutningar for tida. Dei er enkle og nette, og lette å ete.
Den første gongen dei var med på jobb-avslutning, var for å intensivere ventinga på fugleungen to-tre veker før fødselen, og då var bollane svært symbolske. Dei var konkrete bollar i omnen. Med si runde form minna dei mykje om forma på liten fugl sin mage. Dessutan var dei små og søte, og fylte med ei så langt ukjend overrasking...

Prøvesmakar-sommarfugl

Fylte vaniljebollar

50 gram gjær
200 gram sukker
4 dl mjølk (lett eller skumma er fint, laktoseredusert hevar som eit uvêr om det skulle vere ønskeleg)
1 dl sukker
1/4 ts hornsalt
1 egg
13 dl kveitemjøl (+litt til)
Vaniljekrem frå pakke
Smelta smør
Strøsukker eller perlesukker

Smuldre gjæren i ein bolle. Smelt smør i ei gryte, og hell mjølka over, og dette varmast til 37
grader. Slå væska over gjæren. Tilsett sukker, hornsalt, egg og det meste av mjølet.
Kna deigen til den slepp bakebollen. Hev i ein time på ein lun stad.

Ta deigen opp på bordet, del den i to delar og kjevle ut til ein tynn, firkanta leiv.

Del deigen inn i kvadratiske ruter på om lag 5-6 cm. Legg ei god teskei vaniljekrem på kvar rute, samle kvart hjørne av ruta over fyllet og lukk utan å få vaniljekrem mellom
kantane. Vaniljekrem mellom skøytane gjer det umogleg å lukke bollen. Set kvar bolle med skøyten ned i ei muffinsform.

Etterhevast i 40 minutt.
Steikast i 250 grader i om lag 8 minutt. Pass på, dei blir fort brune på den høge temperaturen!

Etter steiking penslast bollane med smør og dyppast i perlesukker eller som her, blomesukker.

Blomesukker


3 dl perlesukker/strøsukker
2 ss sitronsyrepulver
rive sitronskal
det raude frå raudkløver
hakka surkløverblad
ringblome
kornblome
eller andre blomar som er etande
Bland saman, lat tørke. Kan brukast på det meste, til dømes fruktsalat, sukkerpynt på kva som helst, i ostekake i staden for sukker, på jordbær...

Ein ser eigentleg ikkje at det er blomar etter at sukkeret har stått ei stund, det er berre små fargekorn i sukkerpynten som har ein litt syrleg og god smak.

Bollane med blomesukker blir mest som eit karneval!

søndag 16. februar 2014

Knute på vimpelen

 
Vi har ei flaggstang utanfor reiret vårt her i skogen. Det er koseleg å kunne feire små og store hendingar med eit synleg symbol på glede, sorg eller berre praktisk nok sjå kva retning vinden har i dag.

Flaggstanga var likevel eit sørgeleg syn då vi flytta inn, nesten utan maling og med ein tydeleg knekk eit stykke oppe etter at den øvste delen av stålstanga som dei seier deisa ned på huset (!) ein gong det var mykje vind. Dei som budde her før, hadde ikkje flagga på maidagane ein gong, kanskje fordi dei var redde vinden skulle løfte avgarde stanga ein gong til.

Vi tok flaggingsoppgåva alvorleg. Det gamle, slitte og falma flagget (dei gamle bebuarane hadde tydelegvis brukt det på eit tidspunkt) vart forskriftsmessig spretta opp etter saumane og kasta som separate fargefirkantar. Nytt, svært flagg vart innkjøpt. Det var presis flaggheising, feiring av lokale og royale fødselsdagar. Vi syntest nesten det var litt få flaggdagar. Dessutan fekk vi som kompensasjon ein vimpel i innflyttingspresang, ein ekstra lang vimpel som leika i vinden høgt der oppe heilt uavhengig av flaggdagar.

Dessverre var sjølve stanga framleis sliten. Heldig er den som har gode hjelparar, og hjelpa kom gjennom besøk av svigerforeldra, som brukte ferien sin på å senke, øydelegge, rustbanke, pusse og måle flaggstonga, kjøpe inn ny pyntekule på toppen, samt reparere den knekte delen som skulle halde stanga bein og fast i skøyten og forhindre vidare neddeising i hustaket.
Slik vart flaggstanga kvit og bein, sjølv om det krevde sine kilo daudvekt å få vippa ho opp att frå horisontalen, eg hadde vondt i ribbeina lenge etterpå...

Men etter kvart, medan ingen ser på, så skjer det. Som regel om kvelden eller medan vi ikkje er heime. Det skjer gong etter gong. Det blir knytta knutar på vimpelen. Stramme knutar. Doble og triple knutar. Nokre gonger opp til seks knutar samstundes.

Kven er det som gjer slikt? Fugleungen? Naboguten?  Pensjonistar i nabolaget som ikkje har anna å gjere? Nokon av oss som går i søvne?

Vi knytter opp kvar knute straks vi merkar han, står gjerne ute og knotar med dette, og riv med tennene i det glatte blå stoffet (flaggreglane nemner ikkje det å bite i vimplar og flagg). Iskalde fingrar i vinden er ikkje er brukbare til noko så stramt som slike knutar. Knutar stramme av storm frå sør. For det er berre vind, det er berre dei endelause vindane som har strøyma oppover til oss dei siste månadane, nesten utan stans. Det altså er den isnande vinden som knyter knutane om kvelden medan vi ikkje ser.

Ein dag, i samband med oppknytting av knutar, forsvann den eine flaggstangsnora opp i toppen av stanga, og blei der. Det er vel sikkert det første nokon lærer ein fersking med flaggstang - pass på snorene dine. Fortøy; flaggstikk, halvstikk, sikre stikk. Knutar-knutar-knutar. Fugleungepappa freista å nå opp til den tapte tampen med ein stige, men det vart for usikkert sjølv for ein klatrar utan høgdeskrekk.

Men i dag løya det litt. Svigerforeldra, flaggstangsreparatørane, tok i eit nytt tak og senka flaggstanga for å tre i snorene igjen - vips så er alt vel og vimpelen til topps som før.

Hurra!

Men det tek neppe mange stormkveldane før knutane strammar seg til på nytt...