mandag 4. mars 2013

Knaskekrydderkjeks

For ein gongs skuld bakar eg for meg sjølv, ikkje for fugleungen eller bursdagar eller noko anna enn at eg har lyst på kjeks. Kanskje eg har tenner på veg?

Eg har mista all respekt for oppskrifter, no tek eg utgangspunkt i noko som har gått bra før, og hiv eg oppi det som luktar best frå krydderskuffa nett då. Dette er ein spennande måte å bake på! Det kan gå retteleg ille, men det tenkjer ein ikkje på når det ligg nysteikte kjeks på rist og luktar i heile huset i skogkanten. Eg hadde tenkt å lage kanelkjeks, som eg har i den gamle oppskriftsboka mi, men det vart store endringar i oppskrifta undervegs...

Krydderkjeks

100 g mjukt smør
1,5 dl brunt sukker
Eit egg
Ei ss sirup
3,5 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
Ei halv ts hornsalt
Ei ts malt nellik
Ei halv vaniljestang
Ein handfull hakka mandlar og ei ts kanel til overflatebehandling

Vis tolmod og rør smør og sukker kvitt og skummande. I dette blandast det inn eit egg, og den vesle slanten med sirup. Eg hadde både lyst sukker og lys sirup i i dag, og det gjekk fint, men smaken blir sikkert kraftigare med mørke søtvarer. Eg skrapa ut frø av ei halv vaniljestang oppi røra. Så var det blanding av mjøl, hevemiddel og krydder. Arbeid alt saman til ein litt klissete, men lett rullbar deig. Trill runde kuler med diameter om lag som valnøtter, og rull kulene i hakka mandlar blanda med kanel. Inn i omnen på 200 grader i om lag 12 minutt, då flyt kulene fint utover til små kjeks. Kjøl kjeksa på rist og la lukta av krydderkjeks fylle kjøkkenet...

Nom-nom, som fugleungen ville sagt! Kanskje ho skal få ein smak likevel?


Dette bakekledet overtalte eg fuglemamma mormor til å gje meg til jul, det er så fint! Litt lappeteknikk (quilting må til), litt broderi (stichory er så populært og fint) og litt retroblomar - perfekt! Skulle ønske det var eg som hadde laga det... Men det er i det minste eg som brukar det, og det gjer eg mykje :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar