onsdag 10. desember 2014

Sju slag til jul (førebuing til det store julekake-slaget)


Eg synest det skal vere julekaker, det høyrer liksom med når ein lagar jul heime hos seg sjølv. Heime i min barndomsheim var det mange kaker, og eg hadde mykje av gleda og etter kvart litt av ansvaret etter kvart for at det var slik. Det skal helst vere sju slag også. Men kva for sju slag? Kven gjer seg fortent til å vere dei sju faste i boksane?

Eg starta tidleg i julesesongen og tenkte litt på kva for julekaker eg tenkte meg å lage til jul.

På obligatorisk-lista:

Pepperkaker - sånn er det berre...

Kvite kakemenn - sånn er det også berre...

Krumkaker - fordi det er som blondestrikking (thin lace), men smakar mykje betre...

Konfektkaker med sjokoladebitar og nøtter - nesten som sjokoladebitkjeks

Kokosmakroner - fordi mannen har vakse opp med det

Berlinerkransar - fordi det er vanskeleg, men eg har fått det til fint før... 

Ormevepsebol - marengsvariant med ekstra godsaker innanfor den fine yta...

På kanskje-lista:

Sandkaker - som små skjell fylt av julestemning

Sandnøtter - kan brukast som spelebrikker viss ein manglar nokon

S-kjeks - lett smak av sitron (og eg har faktisk kjøpt utstyr ein gong utelukkande for å lage dette)

Serinekaker - freistande bilete i ei bok, eller kanskje heller pecankjeks

Glaskaker - med morosamt vindauge av smelta knust drops...

Brune pinnar - karamellpinnar som smeltar i munnen...

Smultringar - så gode, men så lite haldbare...

På er det lov å kalle det for julekaker-lista:

Risbollar

Pikekyss

Dette er starten på fleire innlegg om slaget om julekakene. Det er slaget om juletradisjonen, om heider, ære og ein fast plass i boksen. Dette er alvor.
14 oppskrifter skal bli til sju! (Risbollar blir elegant omforma til ein del av konfekt-avdelingen, som ikkje er eit kakeslag). Ein må tenke på komposisjonen av kakefatet med ulike smakar, ulike former, ulik framgongsmåte. Det skal vere variasjon og noko for alle å finne på kakefatet.

Reglane blir som følger. Kakene delast inn i grupper på tre. Den beste i kvar gruppe går vidare rett i boksen. Den andre kjem med i eit kvalifiseringheat, og den siste ryk rett ut (neidå, skal jo etast, sjølvsagt, i fuglefamilien har det aldri vore noko problem med at ein må kaste julekaker).

Det blir difor slik:
1. juleslag: Pepperkaker, brune pinnar, konfektkaker.
2. juleslag: Berlinerkransar, sandkaker, sandnøtter.
3. juleslag: Smultringar, krumkaker, glaskaker
4. juleslag: Ormevepsebol, kokosmakroner, pikekyss
5. juleslag: Pecankjeks, kvite kakemenn, S-ar

Men dessverre er det slik at nokre sortar nok har blitt utvalt litt på førehand. Gruppene er sett opp slik at det ikkje er heilt tilfeldig kven som vinn. Ikkje noko rettvis gruppetrekking her, nei! Hovuddommaren er heilt klart partisk. Men ikkje upåverkeleg. Men det skulle teke seg ut om pepperkaker kom sist i gruppa, då hadde ikkje jula stått til påske.

(Alle bileta for tida er altså frå nettbrettet, ettersom den nye datamaskina ikkje snakkar saman med kameraet for tida. Vi håpar dei blir vener etter kvart, før minnebrikka på kameraet er full...)




1 kommentar:

  1. O, du heilage jol og kjære vene, korleis får du det til? Kor finn du all tida?! Ååå - AHA! Er det DU som har teke henne?!! Mine inneheld berre ein 40-45 min for tida, og det viser seg at også minutta har vorte fråtrekt viktige sekund. Eg lurer på om eg er gjenstand for ein stor practical joke frå Universet si side, men eg kan seie deg det: Eg ler ikkje! Eg rekk nemleg null og niks, kanskje ein liten time kvar dag som eg får gjort det eg liksom skulle ha gjort (td spita på jolegåvene mine), og i den tida inngår lunsj. Erre muli, lizm. MEN eg får då teke vare på ungane mine. Me ser på Månetoppen og dei får mange måltid om dagen, både varme og kalde, frå eigen kropp og frå planteverda. Eg køyrer fram og attende til barnehagen, vaskar ei og anna tøybleie som dukkar opp i ein krok (hehe, det må vere den ultimate tingen som hamnar i ein krok og vert liggjande nokre dagar - veker...juhu!), ber ved og vaskar gølv og ser til at mannen får snikra så mykje som råd på garasjen sin (!!). Nuhvel. Så det spørs på jolekakene her i garden i år. MEN nissehuve har me! Sjå fivrelbloggen :-)

    SvarSlett