søndag 8. mars 2015

Strammare stil - fototapet og flatskjermspeis

Det er endringar i kjømda, både i huset der liten fugl har vakse opp, og i eige reir er det tid for oppussing. Vi skal faktisk pusse så mykje opp at vi må flytte ut av reiret og over gata og leige husvere hos naboar. Men vi freistar å halde motet oppe, det blir travelt og trasig, men når det blir ferdig - akk, så fint! Moderne, men med noko av det gamle. Og med eit skogtema som ein raud kvist gjennom det heile, det heiter jo Skogstua!


Det første vi endra då vi flytta inn, og nesten det einaste vi har gjort av oppussing så langt, er å lage fototapet på ein stovevegg. Det var enkelt å legge fototapetet, lett å få bestilt det til rett storleik, det heile gjekk ganske smertefritt for seg. Det er kanskje litt voldsomt med så stort mønster, men ganske stilig, synest vi. Fugleungen er sikker på at dette er biletet av ei sol, og det er ingen som skal komme her og seie at det verkeleg er noko anna!

Fototapet 6 x 2,5 meter

I barndomsreiret har det blitt laga ein fin sommarplatting utanfor, snekra planke for planke av Liten fugl sin pappa, og han har kome opp med ein snedig måte å lage blomekassane på: Han har berre langa ein masse firkantar som kan stablast oppå kvarandre, og sånn kan det enkelt varierast på høgde ettersom ein ønsker. Inni firkantane står ein plastbalje med dreneringshol i sida (ikkje i botnen, men litt oppanfor botnen, på sida av baljen, slik at det ikkje tømmer ut vatnet heilt på botnen, men berre drenerer overskot). 

Vårbileta kan ikkje heilt fortelje kor flott dette blir til sommaren, som ein må tru blir like fin som den vi hadde. Då blir det danseplass på platten og full vekst i potter og baljar!

 Leveggen mot nord og aust er vel verd arbeidet, det er kald trekk herfrå som kan gjere utelivet surt om våren...


Skråmønster i leveggen

Åttitalspeisen i barndomsreiret er kamuflert i ein ny og strammare stil, flatskjermspeis. Den varmar utruleg mykje betre, er meir energieffektiv, og det ser litt meir moderne ut, det må innrømmast. Men det er alltid litt vanskeleg å synest at det ein hadde før, det som var der då ein vaks opp, verkeleg trengs å skiftast ut...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar