onsdag 17. april 2013

Spor i snø og vår i vindauget

Ekornet hadde våga seg fram på trammen ein dag, og det gjekk masse nyfikne spor både hit og dit framfor inngangspartiet - skulle dei tørre? Nei. Kva med no? Nei, det er for farleg.Framfotmerka står bak bakfotmerka etter eit kraftig hopp, og slike merke var det mange av. Dei må ha vore mykje i tvil.

Men ein som er bestemt og heller fryktlaus, det er fugleungen. Enno må ho ha litt støtte ved lengre distansar, men det er jo så lett å få foreldra til å gjere som ho vil. Ho langar ut og set støvlespor på kvar ein snøhaug og kvar ein dam, dett og reiser seg, får fliser og blir kald og våt, men gå, det skal ho!

Vårgardinene er ferdiglaga. Dei er av eit stoff som vart ei gledeleg overrasking då det kom fram at det er trykk på begge sider, som om ikkje den eine sida var fin nok åleine. Det måtte jo berre brukast til noko spesielt, som gardiner på kjøkkenet. Det går jo ikkje an å ha julegardiner oppe etter påske og i april!

Det vart enkle liftgardiner denne gongen, berre sydd til eit eksisterande oppheng og klistra opp med borrelås. Ingen tenking, berre stryking, damping og saum. Eg vart så ivrig etter kvart at eg også strauk raude brennmerker på begge underarmane... Men når det gjeld nøyaktigheit, er det utruleg viktig med gode linjalar og eit godt strykejern. Mitt kvalitetsjern har eg kjøpt brukt for 10 år sidan for 50 kroner. Men eg visste det var eit bra strykejern, for fuglemamma mormor hadde eit slikt i gamle dagar.
Gardinene er finast når det skin sol gjennom dei og viser begge trykka samstundes, og dei skifter også til eit anna uttrykk når dei lysast opp av kjøkkenlysa frå innsida.



2 kommentarer:

  1. Så fine! Det er nok eit veldig godt poeng og tips det der med godt utstyr, for eg har nå drive og klyppt med saks (ikkje skjerekniv og underlag, ikkje linjal) - stryking har det vore så som så med, og resultatet har stort sett vorte det som i bustadlysingar ville heitt "sjarmerande" eller "autentisk" (=skakt, frynsete og ingen rette hjørner eller liner. Omlag som huset vårt, med andre ord...) :-D

    Eg vonar de har ei herleg helg - eg har vakt, og sit på jobb (!) og ventar på neste kunde og pasient. Ute skin sola, og snjoren smeltar. Vår, tralala vår!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tja, herleg helg? Vakt her òg, eg må då sove store delar av dagen etter. Så for min del må det berre regne ute! Regn smeltar også snø, heldigvis... Fugleungen blir litt forundra over at eg ikkje er heime heile tida, for det hadde jo vore best (for oss båe?), slik at ho visste kvar eg var. Og det var rart for ho å treffe meg i kvite kle, for ho kjende meg ikkje att i starten, det var veldig merkeleg for meg...
      Neste helg blir det sikkert fint her. På mange måtar :) Men om bjørka rekk å sprette ut, er litt tvilsamt. I fjor var det kome mykje lenger, då gjekk eg mykje og kika i tretoppane og venta på at knoppar skulle breste... Og bjørka spratt av glede då fugleungen vart fødd!

      Slett