onsdag 20. februar 2013

Betaling for eit veddemål frå fordums tid

Liten fugl fekk ein gong ein strikkepinnepose av eit fivrel som var så fint, det er perfekt stort og held godt på pinnane. Det er så enkelt og vakkert, stødig og stripete, og det har vore med på mang ein tur.

Brått ein dag dukka det opp ei trong for den vesle fuglen å gje bort eit strikkepinnepose sjølv. Det var nemleg slik at ho hadde tapt eit veddemål inngått for så lang tid sidan at det nesten var heilt gløymt. Men då den vesle fuglen hadde quilta si første veske, gjekk det brått opp for henne at ein gong langt der bak i fortida, hadde ho lova seg sjølv og si trugne venninne å aldri ta til med quilting. Det var om lag på den tida liten fugl hadde mareritt om å få quilta sykkelsete i romantisk blomsterstoff i fødselsdagsgåve, og det var ei heilt anna tid enn no. (No er det nesten slik at det kunne vore fint å ha eit sykkelsete i tøft retro-blomemønster, men det er kanskje ei anna soge...)

Så då den første veska var ferdig, kom skuldkjensla fløymande, innrømme eit gløymt veddemål, eller teie stilt om dette. Ærlegheit vann, og ein liten fugl innrømde å ha starta med det ho svor ho aldri skulle, bli stoffavhengig. Og motparten, gamle ørn, ønska seg ein quilta strikkepinnepose, i tillegg til "kva var det eg sa"-lukka, som veddemålsvederlag. Slik gjekk det, stoff vart innkjøpt, lappar skorne og sydd og broderi nesta med motsette stilkesting/attersting (såkalla stitchory). 



Modellen frå fivrelproduksjonen vart lagt til grunn for storleik og funksjon, men elles var det rimeleg fritt komponert lapperi i bomull og silkerestar. Spesielt stolt er det grunn for å vere for at all silken frå sittesekken no er oppbrukt, og det brune sengetrekket med sandfarga prikkar er nesten borte - det fine med lappeteknikk er å få bruke småstykkene ein har igjen, men det ikkje fullt så fine er at det alltid blir kjøpt inn fleire stoff å lage fleire restar av - det er ein rullande snøball av aktivitetar og ønske om å ha meir tid til å kunne sy... men det er førebels ikkje planlagt fleire quiltearbeid i reiret, enn så lenge. Det er no nok anna å ta seg til!

Til gammal ørn frå liten fugl

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar