onsdag 6. februar 2013

Sittesekk i vinterlys


Det er vakker vinter i skogen; knapt kuldegrader, men rikeleg snø og eit mjukt lys over himmelen. Fugleungen elskar lys, det var det første (og mest einaste) ordet hennar. "Ys", seier ho og peikar på sola, som ser ut som ei bleik lampe gjennom det tynne skydekket. Dette vart gjenteke fleire gonger på trilleturen i dag, som helst er meint å vere søvndyssande, men i dag verka svært oppkvikkande. Det var så mykje fint ys å sjå...
Fugleungen har imidlertid no slukna i andre etasje i reiret vårt. Då er det fritt fram for ein litt større fugl å lage ferdig sittesekken til vesle gullet. Forsøket med å fylle isoporkulene frå den gamle sekken til den nysydde, viste seg å gje fantastiske leikeforhold på stuegolvet - mest som eit ballrom heime hos oss sjølve! Det er jammen mange små kuler inni ein sånn sekk...


Den nye sittesekken er laga av tre putetrekk i puraste silke, det var i starten tenkt å bli brukt til ein kjole til fugleungen, men vart altså omforma til dette i staden. Man tager hvad man haver... Inni silketrekket er det eit grovt linstoff som held kulene inne og gjer det heile meir haldbart.


Og etter ein herleg, lang dupp for fugleungen, vart prosjektet endeleg ferdig! Sittesekken minner litt om vår bok-favoritt Moi, og det er spesielt gøy. Etter eit uhell med saksa, har sekken eit hol i ytterskinnet, men det er berre til interesse for små fugleungar. Det skal ikkje meir til enn ein knapp eller ein kvist i golvplankane før den vesle fingeren er frampå og undersøker.
Det blir spennande å sjå kva fugleungen syns...

1 kommentar:

  1. Eg ser det levande for meg, korleis tøming av kuler frå gamal til ny sitjesekk snøgt utviklar seg til å verte ei slags innandørs haglebyge! Og det naturlege spørsmålet kjem sjølvsagt: "Kva er det som har skjedd, Ingrid?!" Berre vent eit halvår, du, Litle Fuglen, så skal du sjå at den vesle lure har fått med seg kvar minste detalj av det som nett hendte, og prøver sjølv å få til det same snøggast råd. Då er ikkje pirkehola små så veldig lenge... Eg talar altså av røynsle. Ikkje med isoporkuler, men alle andre praktiske gjeremål som vert kopierte på finurleg vis.

    SvarSlett