søndag 24. februar 2013

Folk oppfører seg pent under martnan

Avisa "Arbeidets rett" fortel om rolege martnasdagar og -netter på Røros i år, og dette gjalt forsåvidt også for fuglefamilien vår på tur. Men det er ikkje like avslappande morgonar når fugleungen vil starte dagen klokka halv sju, og resten av huset helst ikkje vil vekkast før ti. Då kan ein satse på intensiv lågtlesing av favorittbøker, stille leik med gardinsnor og dei minst lydskapande leikane, diktkviskring og grimaser, eller rett og slett stikke ut i sola. Så liten fugl og fugleungen fekk god tid til å trave gatelangs i snøen, sjå på hestane i stallen, studere utpakking av salsboder, snakke med folk som enno ikkje hadde lagt seg, handle før alle andre og drikke kaffi og ete fruktmos på eit reinsskinn i ein tom lavvo langs vegen.

vintervår2012/Rørosmartnan.jpg
http://www.sorvestreiser.no/upload/images/vinterv%C3%A5r2012/R%C3%B8rosmartnan.jpg



Det er stemninga vi reiser til Røros for å nære oss på. Det er dei vakre, fargerike trehusa i dei smale gatene, det digre, spesielle kyrkjespiret på Bergstadens Ziir som er synleg frå mest alle stader, blondegardiner og velstelte laftahus, snø og frostrøyk, hestesledar med bjøllevarsel, sparkutleige på hotella. Men det er dansen som er det viktigaste, og fugleungen fekk vere med og svinge seg på golvet under middagsdansen i Sangerhuset. Hadde det ikkje vore for han der høge fugleungepappa som stadig sperra utsikta, hadde det vore perfekt. Ein bæresele med blåbærungemønster var perfekt på det trange dansegolvet, då fekk ho vere med på ekte Rørospols...
I tillegg inntok ho rolla som pausefisk då musikken stansa og ho fekk krabbe rundt på eit digert golv fullt av skolisser å knytte opp!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar