søndag 10. februar 2013

Vener i saumen

Det går ikkje an å gå forbi denne butikken utan å gå måpande rundt; så utruleg mange vakre stoff det finst å bruke! Og sjølvsagt er det vrient å komme seg tomhendt ut derfrå... Ein trekkfugl var på besøk her i reiret i helga, og det vart ein tur innom butikken med dei tusen bomullsstoff - og då vart dette søte blomestoffet kjøpt inn for å bli ein bordduk. Det kunne ha blitt gjort heilt, heilt enkelt med ein enkel saum i kvar kant, men det vart så mykje meir ordentleg med eit grått linstoff som kant og bakstykke rundt. Denne vart alle fuglar små dei er svært tilfredse med! Og i godt venelag går arbeidet som ein leik og snakketøyet kappspring med symaskintråden over arbeidet...
Blomsterduk med linkant

Eit anna prosjekt er handarbeidsveska. Det har vore fuglemamma mormor som har drive med lappeteknikk og samansying i familien, det har liksom aldri vore naudsynt med fleire slike i ein familie. Quiltarar er rause menneske som gjerne overstrøymer sine nære med dukar, vesker, tepper, veggbilete, dukker og diverse om ein berre slepp dei fritt til. Det var difor i mange år berre ein quiltar i fuglefamilien. Men no har saumgleda og skapartronga teke overhand og smitta nedover i generasjonane - ein kan ikkje sleppe unna lagnaden.

Den første quilteveska
Ein liten songfugl



3 kommentarer:

  1. - og der oppsummerte du Lagnaden i forbifarten, vårt Öde, fortalt og forsegla og så samd så samd som ein berre kan vere med slike som deg.
    "Ein skal ta på alvor å vere dotter av mor si", har eg høyrt. Av mor mi...

    I familien min har me det (blant oss i den indre krinsen) velkjende P-genet, som er sers attkjenneleg blant alle (?dei fleste?) døtre og dotterdøtre som har sitt opphav frå Lamo'-P. Anten det er å seie i frå kva ein meiner (å vere rettlevra!), å ordne og vaske og ta seg til rette når ein er på besøk hjå andre i familien, eller å ha ein unormal trong til å ha det reint og smulefritt på kjøkenbenk og sjølvsagt Bestaindi tørkutav oppvaskkummen (dette siste har eg fått).

    Nuvel! Lagnaden kan vere tung for sume, men god for andre, eg har iallfall ervt gjærbakstgenet frå mi mor, og du, kjære vakre vene Fuglen, du har i allefall ervt saumegenet frå di mor! Så fin fugleveske du har laga - og når me no er i kommenteringsmodus og sauming og takk og denslags - ååå, så søt kjole! Å kan i allefall leike at ho bur i Avonlea, og eg gler meg til ho kan springe i løvetannenga utom huset her med den kjolen på. Tusen takk!

    Som du no skjønar, eg eignar meg ikkje så godt for kommentering. Kanskje ikkje blogging heller. Det vert for mange ord!

    SvarSlett
  2. Liten fugl, det er ei stor gled å oppdage bloggen din og lese om det du lagar, og eg vil gjerne høyre meir frå huset i skogen der alle fuglar små bur. Eg tenkte nok at at Fivrel ville kommentere arv og genar! Eg trur ho er like glad for sine genar som du er - og som de båe kan gje vidare. Eg gled meg til lisle-fivrelet, eller tulleruska som eg kallar henne, skal spiste og saume - og eg tenkjer at mor di ser fram til det same. Heldige er vi som har dokker.

    SvarSlett
  3. Kjære Ugla, velkommen hit! Vi høyrer deg ule i mørkret utanfor her av og til, det kjem nok eit innlegg om det ein dag... eller natt...
    Fugleungen og Lisle-Fivrelet blir iallfall hardt freista påverka til å kjenne til dette med handtverk, men ein veit aldri kvar desse epla fell hen.
    Forresten så skriv Fivrel rettlevra og tørkutav, eg høyrer på ordlyden kven som har lært henne dei orda :)

    SvarSlett