Det bur fire-fem småfuglar i reiret no.
Liten fugl lagar denne bloggen. Ho er glad i vakre bilete og det menneskehanda kan lage med hjelp av inspirasjon, gode delte idéar og kjærleik. Historier, sitat, kakeoppskrifter, handarbeidsoppskrifter og bilete delast gjerne herfrå.
Fugleungane er Liten fugl sine trugne hjelparar og største inspirasjon.
Den største fugleungen er det lett å like og artig å omtale. Ho elskar søledammar, fine songar og alt anna som er artig.
Minstefugleungen er ganske liten, men han kjem seg nok etter kvart. Må berre ete og sove litt meir først.
Fugleungesøstra bur stundom her og stundom der. Fugleungen elskar å herme etter henne i alt ho gjer.
Fugleungepappa ordnar ting, mellom anna huset som skal bli
eit flott og lunt reir til slutt. Det skal iallfall fyllast med alt av
hjartevarme og praktiske løysingar.
Dessutan blir desse andre omtala i tekstane:
Fuglemamma mormor syr og inspirerar til handarbeidssyslar. Ho er soppsankaren i slekta.
Liten fuglepappa lagar verdas beste pannekaker og hjelper til med praktiske ting.
Gamle ørn er Liten fugl si venninne. Dei har vore i same båt ei rekke gonger.
Fivrel er ein venleg sommarfugl som er til stor inspirasjon. Ho har si eiga side på fivreldagar.blogspot.no.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar