Viser innlegg med etiketten Hagehygge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hagehygge. Vis alle innlegg

fredag 29. juli 2016

Sikring av sommaren

Rørte jordbær er sikring av sommar heile året!

Eg har vakse opp med rørte jordbær, det er verkeleg det beste ein kan ha på vaflar og på brødskiva. Det kan jo gjerast så lett som berre det, kven som helst kan klare dette, men nokon, som enkelte i min venekrins, klarar det så mykje betre enn andre. Og ofte synest eg det har blitt for vått og sølete på brødskiva, men no har noko dukka opp.

Ein idé!

Eg brukar melis i staden for sukker, det inneheld litt potetmjøl som stivar syltetøyet litt. Men ein kan ikkje bruke like mykje melis som sukker i oppskrifta, kanskje om lag 2/3? Og i den bråkete matmaskinen, som eg helst ikkje brukar om eg kan unngå det, blir dei rørte jordbæra meir kremete og herlege enn eg får til for hand med potetmosar og hard innsats. 


Gode bær er sjølvsagt, eg sykla nesten over mine på veg heim i dag, og måtte berre kjøpe ei kasse til. Det er no sommarkjensla kan overførast til vinterbrødskivene, og dersom eg rørte ei kasse til, har vi omlag ein boks å ta opp i veka heilt til neste sommar...

Rørte jordbær

2 kg jordbær renskast og skjerast i 4 (8 om dei er svære)
2/3 pakke melis
1 pakke JAM frysepulver (den ser mest kunstig ut, men smakar best)

Hell tre av fire plastkorger med jordbærbitar i kjøkkenmaskina, og start å dure i veg. Blanding av melis og frysepulver hellast i under røringa, og rør gjerne lenge. Den siste (evt dei siste to) av plastkorgene hellast i heilt mot slutten og rørast berre litt.




Då blir det ein fin og kremete konsistens på syltetøyet, som er piska av røringa og stivna av melisen, samstundes blir det bitar av jordbær som smakar ekstra godt på brødskiva.



Herlege jordbær! Eg gler meg til vi får ordna oss verkeleg jordbærhage ute, med eigne bær å plukke til dette, men enn så lenge forsvinn kvart bær ned i ein liten fugleungemage før ein får sukk for seg - og strengt tatt er vel ikkje dette det verste å ete, solvarme frå hagen...






onsdag 8. april 2015

Ekornvår i skogen

Ekorna er mindre redde enn nokon sinne, og eit av dei freistar å bygge reir inne i den halvnye fuglemataren som skulle vere skjæresikra med sprinklar og bur. Han freistar å legge furukvistgolv med barnåler og det heile, og det er jo litt av eit hotell når ein både har mat, ly for regn, vern for skjor og varmande vårsol. Kunne tenke meg å bu der sjølv!


Dei er så lite redde at dei let seg videofotografere også. Eg skulle berre ønske eg fekk filma då eit ekorn slest med fire skjærer, det var litt av ein kamp! Dei fuglane der kunne vi klart oss utan. Då er det betre med dei tutande duene som også i år er attende, vaggande rundt i bakhagen for å ete nedfalne solsikkefrø. Dei trivst her, dei også...




 Stadige snøfall fører oss attende til vinteren nok ein gong, men no er det meldt mange varmegrader utan nattekulde, så eg har trua på våren no!


Ikkje mykje bygg att på bygghjartekransen no, etter tre vintrar, men symbolet er like vakkert...


søndag 12. oktober 2014

Fuglekikking i bakhagen

Bakhagen er den nye bestestaden ved reiret, og ettersom gravemasiner i stadig større grad inntek den andre sida av huset, får vi fokusere mot skogen. Det er jo eigentleg den beste plassen, det...

Fugleungen er nyfiken på alt, og er gjerne med på fuglekikking og gøymsle ein søndag formiddag! Det vart berre ein liten kjøttmeis i dag. Spettmeisane, blåmeisane, nøtteskrika og dei tre ekorna lot seg ikkje lure av at vi gøymde oss, men vi kan halde auge med dei frå baderomsglaset, det er god utsikt frå stellebordet. Vi har sett ekornvenene våre grave ned nøtter rundtom i mosen, på mange ulike stadar. Tru om dei finn alle att? Og dersom dei ikkje gjer det, korleis ser ein peanøttplante ut?

mandag 29. september 2014

Fargar






Gulerotfangst i år, ikkje heilt som eit anna år...




Trippel solsikke



Fruktspyd: Bringebær, eple (med litt sitronsaft), physalis, mango, ananas, kiwi, amerikansk megablåbær og drue. Veldig populær festmat! 


onsdag 27. august 2014

Katten

Dei er fine motiv, kattane. Det skal dei ha. Elles er no hundar best, spør du meg. Ein veit kvar ein har dei. Men katten er nok den váraste i garden, hundane er eit anna slag. Når eg tenkjer på det, er det mest som fugleungen og minstefuglen. Fugleungen er så tydeleg ein hundetype, (ja! Ut på tur! Eg vil ha litt mat! Og ula ein utløyser utover heile fuglehaugen når ting ikkje går som dei skal...) medan minstefuglen enn så lenge er ein mjuk kattunge, som ligg og høyrer på lydane og ser enno litt dårleg på lang sikt. Og han ventar, og mæl når ein kjem smilande til han. Så mjuk og god å halde! 

Men ikkje misforstå, dei er enno ikkje som hund og katt, dei to små, i tydinga full kamp om plass og rang. Det tek vel eit par år, det. 

 
Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
 
 (Katten, Olav H. Hauge)


Forsøksprosjekt med pil 2

Det er ikkje alt som lykkast så godt, men vi har god tid her i reiret, her vil vi gjerne bu så lenge det er mogleg. Det vart planta ein pilehekk i sirkel tidleg på våren, så snart jorda vart teneleg, ettersom piletreet ved nabohuset hadde fått ein knekk i desemberstormen i fjor.
Ulike variantar av pilestiklingar vart tekne.
I desember, då greinene knakk, tok eg nokre inn for gåsungane si skuld til pynt, og det vart straks rikeleg med kvite røter i vasen. Difor vart dei planta inne i jord i potte, men lyset vart for knapt i den snølause vinteren, og dei levde ikkje over.
Samstundes, midtvinters, tok eg nokre rikeleg store greiner og pakka dei i plast og la på bualoftet. Desse sette eg då det vart vår i vatn i ei stor bøtte, og det kom langt om lenge røter og grøne lansettblad også på desse. Dei vart planta i jord med litt iblanda kompost i juni, etter å ha stått i vatn sidan mai. Det er dei som synest på biletet. Dei er planta som ein slags levegg mot kommande byggeprosjekt på nabotomta. Det har kome fine, nye kvistar på nesten alle, og håpet er at det også vil komme rotskot slik at dette kan bli ein fyldig og frodig hekk til slutt. Det er på nordvestsida av leveggen frakta inn noko kaprifol frå fuglehytta, ettersom det går gjetord om at lukta av kaprifolen der gir sommarstemning i einkvar kveld han blomstrar, om det er aldri så regnfullt. Det vart ikkje fullt så vellukka det heller, men det ser ut som iallefall eit skot vil overleve av dei mange som vart frakta inn i sommar.
Den kommaforma formasjonen med pilefletting frå eit tidlegare blogginnlegg i vår, vart ikkje så vellukka. Der sette eg kvistar utan røting i vatn på førehand, i laus jord med litt kompost. Det er enkelte, kanskje 7%, som har fått blad og ser levande ut, resten er eit framleis eit fletta pilegjerde, men utan det grøne det var ønska det skulle hatt. Litt pluss og litt minus, når eg no sit og tenkjer på det, kan jo dette pilegjerdet støtte eitkvart anna som vil vekse oppover, erteblomar eller blomkarse eller kaprifol eller villvin, vi ser til våren igjen kva det vil bli! Eller kanskje vi berre klipper det ned og spelar krokket over heile plenen.

Det har nemleg vore planeringsarbeid i bakhagen, der kommaformasjonen og leveggen står, med gravemaskin og hardt manuelt arbeid med mange tonn jord. Høggravide liten fugl slapp lett unna det meste, fugleungen assisterte entusiastisk og fekk endogtil køyre gravemaskina littegranne. Det er ikkje dårleg! Ho er dessutan eit lite arbeidsjern når det kjem til å strø jord utover, både inne og ute, det kom verkeleg til sin rett her. Å ikkje trakke på nysådd gras var derimot ei større utfordring, men no er forbodet mot å trø i graset oppheva, sjølv om ikkje plenen er perfekt, er den iallefall grøn frå enkelte vinklar. Denne flekken kjem til å bli ein yndlingsplass, det er eg sikker på, det er meir sol her enn eg trudde, og blir til dels veldig varmt. Ein tradisjon i fugleslekta er å ha sitteplassar overalt, i kvar moglege krå, for å ha ein stad med livd for einkvar vindretning. Det sprett difor fram benkar og hengekøyer her og der, slik at alle minutt med sommar kan nytast. Det tek til å haste.


torsdag 21. august 2014

Fivreldag



Det er fivreldagar, sommarfuglane flagrar rundt her i solsikkerekka i den gamle kjøkkenhagen. Nokre er livlige og viltre, vil knapt sitte i ro eit sekund, men denne vakre, mørke sommarfuglen ville gjerne kvile og stille seg opp til fotografering. Det har lenge vore eit ønske for liten fugl å få eit godt sommarfuglbilete, og endeleg, etter alle desse forsøka, endeleg ein som ville vere med på leiken. Kom gjerne att, så mange fivrel som vil, så har vi alltids ein blom til overs!



Admiralsommarfugl
Det sviv både kålsommarfuglar og admiralsommarfuglar og aurorasommarfuglar rundt her, men dei har så langt berre vorte fotografert med netthinneframkalling.

For ein herleg sommar dette har vore! Eg skal kanskje tilgje kålsommarfuglen å ete opp kålblada til neper og reddikar, om dei kjem og flaksar forbi, særleg dersom dei let seg avbilde med kameraet...
To kålsommarfuglar

fredag 18. juli 2014

Jordbærtid!

Markjordbæra utanfor er i full gang, og har vore det nokre veker, noko seinare enn andre stader, men verd å vente på. Fugleungen ventar og ventar og sit nærast på huk framfor den varme garasjeveggen for å sjå korleis dei blir raudare og raudare, desse bæra, heilt til ho ikkje lenger orkar å vente lenger. Då kan det vere det same med heile utslettet ho får av jordbær, huden sprekk opp under øyrene og det kjem prikkar på kroppen, fordi jordbær inneheld kroppen sitt eige allergifremjande middel, histamin, som er sjølve oppskrifta på kløe. Difor må jordbær etast litt i smug her i reiret for tida, men markjordbæra, dei får Fugleungen ha som ho vil. Anna ville vore umogleg, for ikkje å seie vondsinna... 

Det har teke si tid, men dei store jordbæra i hagen har også blitt modne etter kvart. Desse jordbæra kom og planta seg sjølv i hagen her, og slike plantar, som heilt klart har ønske om å vere med oss, må ein ta vare på. Målet ein gong er å lage rørte jordbær frå eigen hage, men framleis ligg dette eit stykke unna. Så langt er hovudfokuset å halde plantane i live og formere dei opp til seinare plantingar, og d går storveges. Det er ikkje stiklingmangel i jordbæråkeren... Men enn så lenge blir det kjøpte bær. Heldigvis vart det ordna for ei stund sidan, då det var lett å få tak i jordbær i butikkane.


Jordbærsorbet

1 kg jordbær
200 g sukker
1 dl vatn
2 ss Golden Syrup, eg brukte berre litt honning
Saft av ein sitron
Lag ein puré av ingrediensane og sil blandinga. Opp i iskremmaskina til isen er frosen. 
Serverast straks den er ferdig, og smakar fantastisk på ein varm sommardag!

Jordbærsorbet var overraskande lett å lage, men tenk å øydelegge så mange gode jordbær som lett kunne har blitt ete med berre is eller fløyte og sukker? Det enklaste er ofte det aller beste...



Fine froskar

Småfroskane sprett fram frå krokar og skjul når kvelden blir fuktig og kjøleg. Vi kan ikkje klyppe plenen om kvelden, det ville blitt ein stygg massakre, men vi kan fange småfroskar om kvelden og bli inspirerte til eigne hopp og sprell i ein lummer kveld.


Dei er fine å sjå på, synest Fugleungen, dei gjer så ein får lyst å hoppe sjølv, saman med dei, bortover grusen når dei freistar å komme seg til kvar det no er dei skal. Frosketrekket var noko av det første vi opplevde etter at vi flytta til reiret vårt, og vi flytta inn i august. Sånn er froskane litt tidlegare ute i år enn før, kanskje det er fleire som har fått solstikk?


søndag 11. mai 2014

Forsøksprosjekt med pil



Piletreet som står i nabohagen har hatt ein tøff vinter, med mykje vind og uvanlege vindretningar. Den gamle pila knakk nokre store greiner, og den noko uvanlege forma på treet gjorde at dei nye eigarane av huset ved sida av gjorde eit kraftig innhogg i mengda pil dei ville ha veksande på tomta. Bra for meg! Eg fekk ta så mykje av restane eg kunne tenke meg, og det er litt av ei gåve. Eg har lenge sett og teke bilete av desse supermjuke og lodne små gåsungane, og lurt på om eg skulle tore å spørje om å få ein stikling.
Etter å ha forsøkt å spørje folk som veit mykje om pil, og også søkt litt på nettet, kan det sjå ut som dette er ei doggpil. Og uansett kva han heiter (for det er eit han-tre), så er det ein vakker vekst som eg gjerne kunne tenke meg å ha i hagen min.

Eg gjorde eit forsøk også i vinter, etter ein stor desemberstorm som feia ned ei kraftig grein. Eigentleg var det berre for å pynte inne med gåsungane i vase, og det vart sjølvsagt fint, det, men dei slo så lett rot inne i vasen at eg ikkje hadde hjarte til å late vere å forsøke å plante dei i jord. Det vart sjølvsagt heilt feil lys og varme for stakkars pilekvistar, å bli rota i desember, og forsøket endte i kompostbingen til slutt. Men det må vel gå an å få røtter på slike kvistar? Det mest vanskelege så langt, har vore å ikkje grave i jorda rundt kvistane for å sjå korleis det går nedi der...

No har pilekvistane låge og kvila ei stund, har fått vatn og blitt utvalt slik at dei sprekaste kvistane er med vidare i konkurransen om å få dette genmaterialet til å overleve, og i beste fall bli noko brukbart.

Det er lett å drøyme om ei tett hytte av pilekvistar med overskot av sideskot til å flette kransar og korger av. Men om det ikkje skulle gå så godt, så har eg iallfall hatt ei morosam stund, og kan prøve på nytt med dyrare materiale ein gong seinare.



Jaja, det vart ikkje eit regelbunde flettemønster av lange pilekvistar, dette, men det viktigaste var å gjere eit forsøk. Med dei fine blomane ser det mest litt diademaktig ut...

Kanskje dette blir fugleungen sin gøymeplass om nokre år? Eller vil det berre bli tørre kvistar att seinare i år? Kanskje skjora kjem til å ta opp att alle kvistane, dei er godt i gang med reirbygginga, og nappar stadig opp det eg freistar å sette nedi. Dei har nemleg blitt fråteke sitt gamle reirtre på ei anna nabotomt, som det dessverre fins overveldande byggeplanar for. Vi får fokusere meir og meir på skogen på baksida, der dette pileforsøket varsamt skrid fram.

Og det blir vår i hagen no etter kvart!

søndag 16. februar 2014

Knute på vimpelen

 
Vi har ei flaggstang utanfor reiret vårt her i skogen. Det er koseleg å kunne feire små og store hendingar med eit synleg symbol på glede, sorg eller berre praktisk nok sjå kva retning vinden har i dag.

Flaggstanga var likevel eit sørgeleg syn då vi flytta inn, nesten utan maling og med ein tydeleg knekk eit stykke oppe etter at den øvste delen av stålstanga som dei seier deisa ned på huset (!) ein gong det var mykje vind. Dei som budde her før, hadde ikkje flagga på maidagane ein gong, kanskje fordi dei var redde vinden skulle løfte avgarde stanga ein gong til.

Vi tok flaggingsoppgåva alvorleg. Det gamle, slitte og falma flagget (dei gamle bebuarane hadde tydelegvis brukt det på eit tidspunkt) vart forskriftsmessig spretta opp etter saumane og kasta som separate fargefirkantar. Nytt, svært flagg vart innkjøpt. Det var presis flaggheising, feiring av lokale og royale fødselsdagar. Vi syntest nesten det var litt få flaggdagar. Dessutan fekk vi som kompensasjon ein vimpel i innflyttingspresang, ein ekstra lang vimpel som leika i vinden høgt der oppe heilt uavhengig av flaggdagar.

Dessverre var sjølve stanga framleis sliten. Heldig er den som har gode hjelparar, og hjelpa kom gjennom besøk av svigerforeldra, som brukte ferien sin på å senke, øydelegge, rustbanke, pusse og måle flaggstonga, kjøpe inn ny pyntekule på toppen, samt reparere den knekte delen som skulle halde stanga bein og fast i skøyten og forhindre vidare neddeising i hustaket.
Slik vart flaggstanga kvit og bein, sjølv om det krevde sine kilo daudvekt å få vippa ho opp att frå horisontalen, eg hadde vondt i ribbeina lenge etterpå...

Men etter kvart, medan ingen ser på, så skjer det. Som regel om kvelden eller medan vi ikkje er heime. Det skjer gong etter gong. Det blir knytta knutar på vimpelen. Stramme knutar. Doble og triple knutar. Nokre gonger opp til seks knutar samstundes.

Kven er det som gjer slikt? Fugleungen? Naboguten?  Pensjonistar i nabolaget som ikkje har anna å gjere? Nokon av oss som går i søvne?

Vi knytter opp kvar knute straks vi merkar han, står gjerne ute og knotar med dette, og riv med tennene i det glatte blå stoffet (flaggreglane nemner ikkje det å bite i vimplar og flagg). Iskalde fingrar i vinden er ikkje er brukbare til noko så stramt som slike knutar. Knutar stramme av storm frå sør. For det er berre vind, det er berre dei endelause vindane som har strøyma oppover til oss dei siste månadane, nesten utan stans. Det altså er den isnande vinden som knyter knutane om kvelden medan vi ikkje ser.

Ein dag, i samband med oppknytting av knutar, forsvann den eine flaggstangsnora opp i toppen av stanga, og blei der. Det er vel sikkert det første nokon lærer ein fersking med flaggstang - pass på snorene dine. Fortøy; flaggstikk, halvstikk, sikre stikk. Knutar-knutar-knutar. Fugleungepappa freista å nå opp til den tapte tampen med ein stige, men det vart for usikkert sjølv for ein klatrar utan høgdeskrekk.

Men i dag løya det litt. Svigerforeldra, flaggstangsreparatørane, tok i eit nytt tak og senka flaggstanga for å tre i snorene igjen - vips så er alt vel og vimpelen til topps som før.

Hurra!

Men det tek neppe mange stormkveldane før knutane strammar seg til på nytt...





onsdag 11. september 2013

Tid for haust

Kvar dag tenkjer liten fugl at no, no er det slutt på bringebærtida. No er det haust, det er mange dagar ut i september. Dette er kanskje det siste bæret vi finn på ei stund. Men fugleungen er mykje meir optimistisk. Og hennar optimisme blir løna med framleis mange raude bær i buskene utanfor reiret vårt. Ein dag var fugleungen heime frå barnehagen for å berre ete bringebær og vere saman med liten fugl. Det var ein fin haustdag. Det blir få slike mogleikar med lange arbeidsdagar, men ein god ting med nattevakter er at ein får noko dagtid ein kan bruke på ting som bringebærleiting og å kjenne på varm haustvind i håret.
Markjordbærprosjektet i år har vore å flytte markjordbærplantane frå ein stad til ein annan i hagen. Det vil truleg bli meir bær der dei står no, for dei heldt på å flytte inn i garasjen med dei lange utforskande avleggjararmane sine. Nokon mengde med bær blir det neppe, men ein kan alltid håpe... Og tenk om markjordbæra etter kvart vart kryssa med jordbærplantane, det kunne blitt interessante smakar.

Det er så mykje å smake på i hausten! Ikkje minst var det spennande å smake på ukokte poteter, kvifor kan ein ikkje like gjerne kvesse hjørnetennene på dei, som på gulerøtter?
Mistanken om at fugleungen ikkje burde orienterast for tidleg kor artig det er å ta opp gulerøtter, viste seg å vere rimeleg. Då ho skjøna at gulerøtter hang i den andre enden av dette graset som stakk opp i kjøkkenhagen, vart heile hennar 83 centimeter med entusiasme sett inn. Tenk gulerøtter som er så godt! Og så kan ein berre plukke dei ut av jorda! Og når alle er tekne opp og lagt i ei korg, er det berre å gje dei attende til liten fugl, så kan ho sette dei attende ned i jorda, så tek fugleungen dei opp ein gong til!
Dessutan, viss ein leitar litt i jorda bortanfor, så dukkar det poteter fram, store og små, som kan leggast i ein haug, flyttast til ein ny haug, og leggast i ei korg til slutt.
Fugleungen har dessutan renska skogen bak reiret for blåbær og markjordbær no, og held på og forskar på om bæra i hekken og rognebær er noko aktuelt alternativ. Naturlegvis har ingen demonstrert sopplukking enno, den løyndomen held vi godt på. Det hender vi dristar oss til å plukke ein ekstra fin steinsopp eller piggsopp dersom ho har sovna i bæremeisen. For med alle dei ulike giftige soppartane vi har i skogen her, er det best å vere varsam. Men med tida blir ho nok aktivt med på leiting etter gyldne skattar i skogbotnen...

Gulerøttene kom i mange fasongar i år også.  To av dei nekta å sleppe taket i kvarandre, mest som eit dansande par, tett omslyngande kvarandre, men likevel mogleg å skilje. Det er alltid spennande å sjå korleis det har vakse der nede i jorda. Dessverre var det litt gulrotfluge i avlinga i år, og det kom også noko uspesifiserte greier på potetene. Då er det nok best å skifte vekstplass til neste år, samt å skaffe ein litt varmare sommar. Ny vekstplass er nok uansett ein god idé, ettersom kjøkkenhagen fekk litt i minste laget lys der han låg.
Men alt i alt, resultatet vart ikkje så ille, for middagen ein dag var heimelaga kjøtkaker med timian og soltørka tomat, brun saus med urter, poteter og gulerøtter frå hagen, sopp frå skogen og blomkål frå butikken. Det smakte sjølvsagt strålande godt, som sola som framleis varmar i dei lune haustdagane utanfor her.
Hurra for hausten!