Viser innlegg med etiketten Tradisjonar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tradisjonar. Vis alle innlegg

lørdag 16. mai 2015

Gratulerer med dagen med riddersporer og pionar


Godt vi har eit høve til å pynte litt med blomar, det er søttande mai! Fugleungen og eg syng "Norge i rødt, hvitt og blått" medan vi øvar på nok ein 17. mai-marsj. Vi får håpe naboane likar den songen. I morgon blir det tog og is og alt som skal til, og det blir vakre blomar å gle seg over, i sørgmodig saknad over den nedpakka 17. mai-duken som ligg langt nedi ei kiste i eit lagerrom. For dette biletet er teke i vår mellombels bustad i nabohuset, ikkje i reiret, for der er veggar og tak på veg ned. 
Då er det godt å ha noko vakkert å kvile augene på... Ute tek kvitveisen den jobben, men inne... 

Den djupe blåfargen frå riddersporane lyser verkeleg som rare små alvehattar. Pionane er små og sprekkeferdige kuler av glede som ventar på å få bryte ut og vere sommar. Vrihasselen krøllar seg rundt alt og rammar inn biletet med sine tilfeldige svingingar. Det er både søttande mai og bryllupsdag, dette, med brudebuketten sine blomar og fargar som aldri blir gløymde. Det vekker minner, blomar. Eg gav bort eit par pionar til ein nabo, og ho fekk straks fram minne om då mor hennar vitja henne på sjukehuset med nett pionar som lukta så godt. Blomar gjer så godt for så mykje... 



Brudebuketten med pionar, riddersporer, myrull, vrihassel, litt grønt og bittelitt margeritt

 "Skal du verkeleg kjøpe dei lengste blomane vi har i butikken?" spurde blomedama spøkefullt. Ja, det var litt utfordrande på toppen av barnevogna og i tillegg til halv-vekeshandelen opp bakkane til toppen reiret vårt ligg på, men eg er jammen nøgd med korleis det blei til slutt.


 Litt låge, litt høge, litt kronglete, noko blått, noko gamalt, noko nytt... det er jo ein brudebukett, dette. Vrihasselen er tørka støv av, den er nok nærare ti år gamal, men framleis med meg i stadig nye oppsatsar og versjonar.



søndag 18. januar 2015

Flatbrød

Attende til stryskjorte (skjorte spunne av stry, det vil seie dårlege, rufsete linrestar, i staden for det meir behagelege linplagget du kanskje hadde i jula) og havrelefse (som i grunnen høyrest veldig godt ut, har aldri smakt). 
Eg har heller laga flatbrød av rug, bygg og kveite, som bytta plass med julepynten i ei særs passande rund eske. 

Flatbrød skal ein ha respekt for. Dei held seg utruleg lenge om dei får rett hamdsaming og tørr oppbevaring. Det er sunn, grov snacks eller tilbehør til tradisjonsmaten. Eg veit om ein som er så glad i flatbrød at han også et det til desserten! Og med dei søte fest-flatbrøda frå Nord-Trøndelag, er no ikkje dét så dumt. 
Men den flatbrøda eg laga, kjem frå det trauste vestlandet, og der er flatbrødet grovt, tynt og usukra. 

Flatbrød
5 dl byggmjøl
5 dl fint rugmjøl
5 dl grovt sammale kveitemjøl 

1 l fint kveitemjøl
2 ts salt
5 dl lunka vatn
5 dl lunka mjølk
byggmjøl til utkjevling

(Oppskrifts gir 30 flatbrød, og det tek om lag fire timar å lage, frå start til slutt)
Bland saman sei grove mjølslaga, salt og mesteparten av kveitemjølet. Tilsett mjølk og vatn og elt deigen smidig og seig med resten av kveitemjølet.
Deigen skal eltast så lenge at han ikkje lenger heng fast i bollen eller på hendene utan tilsetjing av meir mjøl. Han skal vere så seig at han ikkje sprekk om han trillast ut til ei pølse og brettast. Trill deigen ut til ei glatt pølse og del han i 30 like store emne. Legg eit lett fukta klede over emna slik at dei ikkje tørkar ut.

Trill emna fri for sprekker og rull dei i utbakingsmjølet. Trykk dei flate med begge hendene samstundes som dei blir dreidde ikring. Kvart emne skal vere litt tjukkare i midten og langs kantane.
Ha rikeleg med byggmjøl på bordet og oppå emna. Ta til med å kjevle med riflekjevle, og snu emnet eit par gonger i starten. Helst skal det kjevlast slik at leiven går rundt på bakebordet som visarane på klokka. Det gjer han om ein trykker litt hardare på den eine enden av kjevlet. 

Løft leiven varsamt opp med bakstefløyen og ha meir mjøl under, eller løft kantane opp og få mjøl og luft under. Pass på at det ikkje er så mykje mjøl kring kantane. Drei leiven rundt. Løft leiven opp og rist vekk overflødig mjøl.
Legg leiven over på ei varm takke og nytt trinsa til å trykke han ned mot takka. Rull frå midten og ut. Slik krympar ikkje flatbrødet eller rullast opp i kantane.
Ikkje bruk for sterk varme. Flatbrødet skal bli jamt steikt og sprøtt utan å bli for brunt. Snu leiven når han er lyst gulbrun. Kost vekk mjøl så dt ikkje brenn seg. 
Lukke til!
Eg kjenner meg svært norsk når eg har baka flatbrød, heilt på linje med å ta på seg bunaden...

torsdag 25. desember 2014

Sju slag til jul

Endeleg jul! Det luktar pinnekjøt og heimelaga pølser i heile huset, alle er nøgde og gler seg til kvelden. 

Og endeleg ferdig med dette digre julekakeprosjektet. Rykande ferske resultat frå det store slaget i julestova, er no klare. 

Våre sju slag, basert på fem kampar med to helsige taparar i kvar gruppe, er no dei som ligg att på brettet når alle slaga er ferdigspela. (Og oppskriftene ligg mellombels i ei eiga fane øvst på framsida på bloggen)


Og dei som stod sigrande att til slutt, var desse: 
Sterke pepperkaker og brune pinnar frå gruppe 1. Krumkaker frå gruppe 2. Kokosmakroner og ormebol frå gruppe 3. Berlinerkransr frå gruppe 4 og juleroser frå gruppe 5. Alle hjarte gler seg til å ete både vinnarar og taparar i denne konkurransen. Og heldigvis har matlysten på julekaker kome attende til alle her i reiret...



Gledeleg jul til alle! 


torsdag 18. desember 2014

Det store julekakeslaget

No er det store julekakeslaget i gang for alvor, å finne dei sju slaga kaker som skal vere tradisjonen i vår heim. Tre av fem rundar er ferdigspela. Fem av fem familiemedlemmer liker julekaker. Ein av fem familiemedlemmer er veldig lei av julekaker allereie. Og to av fem familiemedlemmer synes dette har blitt altfor mykje baking for ei vanleg jul.
Alle oppskriftene på julekakene finn ein under den spesiallaga fana Julekakeoppskrifter øvst på sida.

Runde 1:
Sterke pepperkaker
Brune pinnar, karamellpinnar
Konfektkaker med mandlar og sjokolade
Ingen jul utan dei sterke pepperkakene, med nykverna svart pepper! Men i denne gruppa har i grunnen alle fortent ein plass blandt dei sju. Sterke pepperkaker kjem på ein klår førsteplass, men brune pinnar var overraskande godt, og er alt oppetne. Dei karamelliserast i omnen og er herleg seige og med eit lite nøttestrø. Dei er klåre favorittar til å bli heldige taparar...
Det er dårleg nytt for konfektkakene, som dessverre ikkje vart så bra som dei kan bli, det vart noko i overkant mykje smør i forhold til mjøl denne gongen, og dei flaut litt for mykje utover. Konfektkakene minner om cookies med nøtter og sjokolade, men er kanskje litt for enkle...

Gruppevinnaren er STERKE PEPPERKAKER!

Runde 2: Ikkje ferdigspela
Sandkaker
Så langt er berre sandkaker laga, og det står att både berlinerkransar og sandnøtter. Berlinerkransar har tidlegare år vore veldig gode...
Sandkaker har skålda malte mandlar og ein god, litt paideigaktig, smak. Sandkakene har den fordelen at dei kan fyllast, og sandkaker med moltekrem er jo eit sikkert dessertstikk. Sandkaker med villbringebærsyltetøy er ein syrleg kombinasjon som også er veldig godt. 

Runde 3: Ikkje ferdigspela
Smultringar
Krumkaker (trompetkaker)
Det manglar enno glaskaker i denne gruppa, og dei bør vere gode, for fugleungen elskar trompetkakene! Som sandkaker er desse veldig gode å fylle med noko, fordelsaktig noko som gir litt syrleg smak. Eit år hadde vi krumkaker med rørte blåbær i krem, det var ein strålande dessert! Krumkakeoppskrifta er god, gir tynne kaker som er så lette at ein trur ein held blonde i hendene...

Varme smultringar er også verkeleg godt i ein kald kveld, og den kveldsmaten vi åt ved bålplassen i skogen gjorde seg med varme smultringar til dessert! Det går rykte om at smultringar held seg om dei blir frosne ned, og no ligg det ring på ring i fryseboksen, i porsjonspakkar.

Gruppevinnaren er ikkje klar.

Runde 4:
Ormebol
Marengstoppar, pikekyss
Kokosmakroner
Ormebol høyrest kanskje ikkje så julete ut, men dei lever opp til namnet sitt der dei eser ut og fresar og boblar inne i steikeomnen. Det er marengs med mandlar og sjokolade. Ein del vart laga med berre mandlar, og då er heile denne runden julekaker utan mjølk. 
Marengstoppar eller pikekyss er enno enklare, dei er berre laga av eggekvite og sukker, og er enkelt godt. Det er ofte eit slags biprodukt av julekakene, fordi det gjerne trengs fleire eggeplommer enn eggekviter.
Kokosmakroner er laga av mykje det same som ormebol og pikekyss, men med kokos, sjølvsagt. Eg veit ikkje heilt om eg fekk desse til, heile konseptet med å blande inn kokos gjer meg litt vondt, og eg klarte faktisk ikkje å ete meir enn ein halv. Dei som har smakt dei, synest dei er klissete og gode. Kokosmakronar kan også bli ein heldig tapar i denne samlinga, men moglegvis med ei anna oppskrift eller litt betre hell på kjøkkenet når dei skal lagast neste gong.

Gruppevinnaren er ORMEBOL!

Runde 5: 
Kvite kakemenn
Juleroser (s-deig)
Pecankjeks med brunt sukker
Kvite kakemenn er ein klassikar frå barndommen, og er ei barnevenleg julekake som er lett å ete. Den inneheld nesten berre sukker, vatn og hornsalt. Desse kan også ha godt av å bli etne medan dei er få dagar gamle, eller frysast ned. Dei kan også målast på, noko fugleungen gjorde og skapte ei reint makaber stemning med all den raudfargen ho smurde utover nissen sin mage. Og at nabonissen fekk raudfarge på hendene og litt på skjorta gjorde ikkje situasjonen mindre makaber...

Juleroser er samansetjinga av s-deig og sprutkjeks og eit ønske om å prøve ut funksjonane på mitt tohands-instrument for kjekslaging, eit våpenliknande leiketøy som er nygamalt. Men kakene smaka og lukta herleg av sitronskal og litt sitronsaft, og var spesielt nette og søte som små blomar. Eg valde eit litt søtare namn på dei enn ormebol, og dei gjer seg godt på kakefatet. Desse vart baka med mjølkefri margarin. 

Pecankjeks kom litt ut av det blå gjennom Pintrest, og er søte kjeks med litt grovt mjøl, glasur med brunt sukker, melis, mjølk og smør, pecannøtt som dekorasjon og den siste resten av kokesjokoladen som den siste spissen. Avisbodet fekk (tradisjonen tru) ein liten kakeboks med dette som takk for innsatsen med å bringe oss avisa kvar morgon, og unngå å vekke oss når han kjem klokka fem.

Gruppevinnaren er JULEROSER!

Men for å vere heilt ærleg, no er eg veldig lei julekaker. Eg har berre tre igjen, to av dei i kjøleskapet, og eg reknar med å bli ferdig i morgon. Men då veit eg jammen ikkje om eg kjem til å ete julekaker igjen i det heile. 
Joda. Eg gjer nok det. Sjølv om den siste smultringen enno kjennast i halsen, så vil det nok freiste igjen seinare. Men berre å sjå desse bileta igjen gjer meg litt dårleg. Og i følge litteraturen kan det gå verkeleg ille med dei som bakar for mykje...

Det bor en gammel baker
på en bitte liten øy. 
Han er så lei av kaker 
og krem og syltetøy. 
Men han må sitte likevel 
og spise sine kaker selv. 
For han bor helt alene 
på en bitteliten øy. 

Når små og store båter
går dampende forbi, 
da sitter han og gråter 
i sitt varme bakeri, 
og spiser loff og fattigmann, 
for ingen kunder går i land. 
Og han er helt alene på 
på en bitte liten øy. 

Det var en gammel baker
på en bitte liten øy. 
Han åt for mange kaker 
med krem og syltetøy. 
Forleden dag så satt han død 
midt i en haug av wienerbrød. 
Og nå bor ingen baker 
på en bitte liten øy. 

(Inger Hagerup)

onsdag 10. desember 2014

Sju slag til jul (førebuing til det store julekake-slaget)


Eg synest det skal vere julekaker, det høyrer liksom med når ein lagar jul heime hos seg sjølv. Heime i min barndomsheim var det mange kaker, og eg hadde mykje av gleda og etter kvart litt av ansvaret etter kvart for at det var slik. Det skal helst vere sju slag også. Men kva for sju slag? Kven gjer seg fortent til å vere dei sju faste i boksane?

Eg starta tidleg i julesesongen og tenkte litt på kva for julekaker eg tenkte meg å lage til jul.

På obligatorisk-lista:

Pepperkaker - sånn er det berre...

Kvite kakemenn - sånn er det også berre...

Krumkaker - fordi det er som blondestrikking (thin lace), men smakar mykje betre...

Konfektkaker med sjokoladebitar og nøtter - nesten som sjokoladebitkjeks

Kokosmakroner - fordi mannen har vakse opp med det

Berlinerkransar - fordi det er vanskeleg, men eg har fått det til fint før... 

Ormevepsebol - marengsvariant med ekstra godsaker innanfor den fine yta...

På kanskje-lista:

Sandkaker - som små skjell fylt av julestemning

Sandnøtter - kan brukast som spelebrikker viss ein manglar nokon

S-kjeks - lett smak av sitron (og eg har faktisk kjøpt utstyr ein gong utelukkande for å lage dette)

Serinekaker - freistande bilete i ei bok, eller kanskje heller pecankjeks

Glaskaker - med morosamt vindauge av smelta knust drops...

Brune pinnar - karamellpinnar som smeltar i munnen...

Smultringar - så gode, men så lite haldbare...

På er det lov å kalle det for julekaker-lista:

Risbollar

Pikekyss

Dette er starten på fleire innlegg om slaget om julekakene. Det er slaget om juletradisjonen, om heider, ære og ein fast plass i boksen. Dette er alvor.
14 oppskrifter skal bli til sju! (Risbollar blir elegant omforma til ein del av konfekt-avdelingen, som ikkje er eit kakeslag). Ein må tenke på komposisjonen av kakefatet med ulike smakar, ulike former, ulik framgongsmåte. Det skal vere variasjon og noko for alle å finne på kakefatet.

Reglane blir som følger. Kakene delast inn i grupper på tre. Den beste i kvar gruppe går vidare rett i boksen. Den andre kjem med i eit kvalifiseringheat, og den siste ryk rett ut (neidå, skal jo etast, sjølvsagt, i fuglefamilien har det aldri vore noko problem med at ein må kaste julekaker).

Det blir difor slik:
1. juleslag: Pepperkaker, brune pinnar, konfektkaker.
2. juleslag: Berlinerkransar, sandkaker, sandnøtter.
3. juleslag: Smultringar, krumkaker, glaskaker
4. juleslag: Ormevepsebol, kokosmakroner, pikekyss
5. juleslag: Pecankjeks, kvite kakemenn, S-ar

Men dessverre er det slik at nokre sortar nok har blitt utvalt litt på førehand. Gruppene er sett opp slik at det ikkje er heilt tilfeldig kven som vinn. Ikkje noko rettvis gruppetrekking her, nei! Hovuddommaren er heilt klart partisk. Men ikkje upåverkeleg. Men det skulle teke seg ut om pepperkaker kom sist i gruppa, då hadde ikkje jula stått til påske.

(Alle bileta for tida er altså frå nettbrettet, ettersom den nye datamaskina ikkje snakkar saman med kameraet for tida. Vi håpar dei blir vener etter kvart, før minnebrikka på kameraet er full...)




søndag 5. oktober 2014

Grindvevsband til bunad



Eit stort prosjekt er i gang! Haustkveldane skal frå no fyllast med veving i tillegg til alt det som høyrer spedbarnstida til for fugleminsten. Når han er plassert i vogga, slenger liten fugl seg på golvet og spenner seg fast i eit intrikat system av trepinnar, renningstrådar og innslagslin. Det tek nesten ein mønskterrapport før beina sovnar, og tre før ryggen krever ein pause. Så ti centimeter er om lag maksimal lengde veving per dag. Ikkje rart handvovne bunadsband er dyre, om ein skal kjøpe dei!

Desse grindvev-banda er til ein liten Sunnfjordbunad som etter planen skal bli ein familiebunad som skal gå på omgang i slekta etter kvart som det (venteleg) kjem fleire jenter etter kvart. Mange medlemmer av familien gjer litt kvar, og det kjem til å bli veldig fint! Den som skal lagast no, kjem til å bli enno meir ordentleg lik bunadane til vaksne, enn denne på bilete frå maitid i år.

Men grindvevingsbiten er med tynne trådar, og det er berre å veve på, kvart innslag tek oss nærare dei om lag sju meterane med band som skal vere sydd fast i kantane rundtom på bunaden og det breiare grindvovne fangbandet som er kanskje halvannan meter.
I dag rundast den første meteren med (brukbart) band, det er lenger enn lengda på Fugleungen for tida, så det passar bra. Slik som ho har vakse etter å ha blitt storesøster, må det verkeleg vevast på!


Samstundes kan ikkje alle ting målast i meter. Det er morosamt å lage noko som er brukbart og ordentleg og kanskje vil bli brukt i lang tid framover, det inspirerar til å gjere arbeidet ordentleg. Gleda over handtverket målast verken i meter eller kroner, og kan heller ikkje heilt skjønast av nokon som ikkje set pris på handlaga arbeid. 

søndag 22. desember 2013

Trearma julelys


Hellige tre kongers lys, eller berre trearma julelys, er ein lang juletradisjon i fugleslekta.
Dei skal dyppast i slutten av november, tradisjonelt den 25., men iallfall før den verste julestria set inn. Det er særlege reglar for når ein får lov å kveike dei, på julaftan kan dei brennast noko, men dei må slukkast før dei er nedbrende, og skal stå til 13. dag jul, då dei skal brennast ned så langt ein tør.
Det var den trettande dagen etter julaftan, altså 6. januar, som var Hellige tre kongers aften, og den dagen dei tre kongane skulle ha klart å funne stallen og Jesusbarnet.

Lysa dyppast langsamt og med tolmod. Det passar fugleslekta ganske godt, dei er seige og likar einsformig og meditativt arbeid om ein har sett av tid til det. Prosessen tek mange timar, i år tok det sju, men det var med ein dryg dugurdspause i godt selskap.

Det må vere ei viss blanding av parafin, stearin og bivoks om det skal bli bra, og det var ein del matematikk i forkant av smeltinga for å finne rette forholdet. 4 delar parafin, 1 del stearin og bittelitt bivoks for lukt og avkviting.
Veiken bindast opp på ein trepinne, ein som heng rett ned og er tynga ned med eit lite mutterlodd i starten, og ein som heng i ein u frå kvar side. Dei er ikkje festa i midten i starten, men festar seg sjølv saman etter kvart.

Stearin og parafin smeltast i vassbad i eit breidt kar. Det optimale er 65 grader, varmare gir sakte vekst av lysa, kaldare kan gje klumpete masse og ujamne lys. Bivoks har ein i etter nokre dypp, det hastar ikkje så mykje ettersom grunnen til at det er med mest er utsjånad og litt lukt.

Den første dyppinga må vere utan vatn, slik at veiken ikkje blir fuktig inni. Eit sprakande trearma lys på julaftan varslar om eit dårleg år...!
Når dei første dyppingane er ferdige, er det greit å fylle på med varmt vatn frå undersida av dyppekaret, slik at lysmassen flyt opp. Då får ein brukt meir av massen utan å smelte seg ihjel.

Å ha rett temperatur og vakte over den er svært viktig. Å forlate eit passeleg varmt kar og til dømes ete ein lang lunsj, er dumt. Ting endrar seg medan ein ikkje er der...

Aller helst skal ein ha julemusikk og klementiner til arbeidet, og rommet ein arbeider i er med fordel litt kjøleg, slik at lysa kjølnar raskt mellom dyppa. Men meir ubehageleg er det jo å stå ute i bua og hutre - då må ein mest ha ein tekopp å varme seg på også...
Det er veldig koseleg å dyppe lys, meditativt å dyppe åleine eller i eit par, sosialt og triveleg å vere ein liten gjeng. Dette er ein tradisjon som ikkje blir broten med det første!

Trearma lys er ei julehelsing til nokon som fortener det og forventast å sette pris på det. Dei passar i storleik svært godt i ei pappeske det har vore 4 sekspakningar med boksøl i, som liten fugl tømmar nærbutikkane for i tida før dyppinga skal skje. Dei finaste er dei det står 'Brygget i regnet' på, eller helst berre 'God jul' eller ingenting.


Då kan jula berre komme!


søndag 15. desember 2013

Lys i mørkret

Det er førjulstid i skogen, fuglane er svoltne på noko godt som nøtter og juleknask, både dei inne og dei utanfor. Det tennast lys, tre i dag, i moseskåla plukka lokalt utanfor reiret her, og pynta med granbar og kongler som heller ikkje har reist langt.

Julekransen frå i fjor, som vart samanraska av ei lyslenke, noko lin som vart dyrka utandørs den sommaren og nokre lilla pinnar frå ein dekorasjon har fått sin tradisjonsplass i stova. Det er no greit å ha noko slik det "alltid har vore", sjølv om det berre har vore ei jul her i reiret for fuglefamilien sin del.
Det har truleg blitt feira jul her sidan tredvetalet av ulike familiar, og det er jo ei stund. Men no startar våre eigne tradisjonar, den vesle fuglefamilien feirar jul her til skogs i år!

Å, ein stakkar var uheldig utanfor her i dag. Dei fleste ulukkene skjer i heimen, såklart.

Bonk, sa det i vindaugsruta, og gråsisikfrøken låg der på graset og rista i kroppen. Er det kramper eller noko anna?

Fugleungepappa tok hand om henne, og gav henne optimal pleie med innandørs oppvarming. Liten fugl ikkje var heilt trygg på det heile. Andre fuglar i vårt hus? Liten fugl hadde ein gong ei skjor på soverommet, og det er ei oppleving som ikkje freistar til gjentaking. Men denne var så liten og skjønn og stakkarsleg, såg ikkje umiddelbart ut til å vere til plage.

I starten lea ikkje sisikfrøken på noko som helst, berre blinka med augene - blonk- blonk.
Så tok ho til å opne nebbet. Beina var urørlege, ho reagerte ikkje på å bli snudd eller kitla under fugleføtene.
Men hovudet vart snart bevegeleg, ho kika seg rundt, sat framleis heilt stilt i handa som heldt henne.
Kanskje vi skulle funne ei eske ho kan ligge i?

Men det ville ho no ikkje. Fuglar skal ikkje bu i pappkassar! Så ho tok til vengene etter det kvarteret ho hadde fått summa seg etter smellen i glasruta, og small inn i glasruta frå innsida, men ikkje fullt så hardt denne gongen. Desse rutene var farlege, så ho stakk beine vegen til skogs igjen så snart skyvedøra var opna og luftvegen fri.

Og fugleungen vår, som sov seg gjennom det heile... Det verka faktisk ikkje som ho trudde på historia ein gong, då den vart fortald då ho vakna...


Stillheten
legger seg som en fugleunge mellom dine hender
din eneste venn

Utdrag frå "Stillheten efterpå" av Rolf Jacobsen.

fredag 17. mai 2013

Hipp-hipp-hurra!

Gratulerer med dagen!
Våren storma inn over oss her i reiret og områda rundt, og på sjølvaste nasjonaldagen kjende vi verkeleg at det kan bli sommar i år også! (Dei fleste) potetene er i jorda, gulerøtene er frilandssådd og det grønkast i hagen. Kvitveisane blomstra som eit kvitt teppe, og for første gong har liten fugl ingen trong til å plukke dei. Dei står så fint der utanfor i skoghagen og lyser så ein blir glad i augene.



Det vart kakebakst i heimen i høve nasjonaldagen, og inspirert av eit bakeprogram på fjernsynet, snekra liten fugl saman ei fransk jordbærkake (Pascals fraisier) som ikkje har vore utprøvd før. Den vart veldig god! Ettersom den skulle selgast på ein 17.mai-kafé, måtte bakaren faktisk kjøpe seg eit stykke for å få kvalitetssikra arbeidet. Resultatet vart ny favorittkake!
Oppskrifta kom frå internettet og frå fjernsynet, som sagt. Det var heller ikkje vanskeleg, om ein følgde oppskrifta. Dei avvika som vart gjort frå oppskrifta, var pynten. Raudfarga marsipan til eit tynn-tynt lok og pynt med kremfløyte og blåbær. Det hadde sikkert også vore veldig fint med eit svært tynt gelélok på toppen, det får bli neste gong (og neste gong kan bli ganske snart).

Den andre kaka var eit standard sukkerbrød med to lag (kremfløyte og jordbær nedst og kiwi-vaniljekrem-kremfløyte øvst), kremfløyte rundt om det heile og eit lag marsipan på toppen. Før eg la på marsipanen, vart det lagt på ein sirkel med bakepapir i sentrum, for å kunne skjere marsipanen og illudere bærgjennombrot. Det var litt vanskelegare å lage dette fint, men det smakte friskt og godt. Grunna restar av både kremfløyte, blåbær og marsipan, vart det pynta litt langs kanten til slutt.

fredag 3. mai 2013

Den andre fødselsdagen i eit liv


Den første fødselsdagen var i fjor. Det var då sjølve fødselen fann stad. Det var så sant ein start, ein overgang og ei stor livsendring i fleire fugleliv. Fugleungen gjekk frå å vere ein liten klump av masse som dunka mot mageveggen til å bli ein sprellande unge med lyd og alt ein kunne ønske seg...

Den andre fødselsdagen har nett vore. Fugleungen er eit heilt år gammal! Ho fekk stort selskap med ballongar og gelé, mange vener, rikeleg lyd og høg festlegheitsfaktor.

Det vart, gjennom eit omfattande samarbeid med eit fivrel som fauk forbi, laga fleire typar geléinsekt. Marihøner er fugleungen sin favoritt, og difor måtte det bli marihønegelé. Men det fanst jo så mange andre fargar på geléen i butikken, så vi kunne ikkje stoppe der! Det vart både edderkoppgelé og larvegelé i tillegg til humlegeléen som er nemnt i eit tidlegare innlegg.
Det var noko av ein overflod av kaker, men vi var også mange svoltne gjester, og det gjekk unna både på iskake, solsikke-cupcakes og fruktsalat. Sjølv dei skrelte gulerøttene forsvann frå bordet!






Tru om det går an å lage sin eigen gelé neste gong, med mindre kunstig farge og meir til dømes rips? Dette må det forskast meir på.

Det er iallfall morosamt å ha bursdag, synest fugleungen. Ho fekk endogtil ete is sjølv, heimelaga vaniljeis med blåbær langs kanten!

Den iskaka er ein familietradisjon, og den har også spreidd seg til andre familiar. Det må den gjerne gjere, den forsvinn fort frå mest alle kakebord! Gamle ørn og vesle fugl åt truleg opp ei halv iskake ein gong - åleine! Den er fast gjest på dei fleste bursdagsbord i reiret.

Barnevenleg iskake med daim

Marengsbotn:
200 g sukker
4 eggekviter

Egga må skiljast. Det er veldig viktig å ikkje øydelegge plomma og få sjølv det minste eggeplomme i eggekvitene, for då blir det ikkje stivt. Bollen eggekvitene skal piskast i, må også vere feittfri og rein. Eggekvitene og sukkeret piskast veldig lenge, helst med ei kjøkkenmaskin, fordi dersom du har lyst å slite deg ut med å gjere det for hand, blir det truleg aldri heilt så stivt som det må vere for å bli god marengs utan seige parti. Det lønner seg å ha ei tynnvegga kakeform av metall eller steike rett på bakeplate med bakepapir (då kan det sige litt utover). Dei gongane eg har brukt ei snedden kakeform-med-keramikkserveringsfat-i-eitt, har det ikkje blitt så stiv og sprø marengs som eg har håpa.

Steik botnen på 125 grader i 3 timar.

Neste dag, når marengsen er avkjølt, kan du lage iskremen.
120 g sukker
4 eggeplommer
Dei utskrapa frøa frå ei fersk vaniljestang eller om lag ei halv teskei med tørka og kverna vaniljestang
Det heile rørast til lys og luftig eggedosis.

2 doble daimsjokoladar
Sjokoladeplatene hakkast og blandast inn i eggedosisen.

6 dl kremfløyte
Kremen piskast stivt, pisk så lenge du tør, for det har ein tendens til å bli meir flytande etter blanding med eggedosis og sjokolade. Hell iskremen over marengsen og sett i frysaren straks. Du kan halde fram med å fylle kakeforma, då blir forma på kaka iallfall ikkje utflytande, eller du kan fjerne springforma og bre iskremen ned langs sidene på marengsen.

Kaka kan pyntast med kva som helst, hakka nøtter, riven sjokolade, daimkuler, sølvkuler og tørka kronblad frå kornblomst, blåbær, eller noko anna som finst i skapet.

Må fugleungar verkeleg plagast med slike merkelege greier på hovudet?
Bursdagskrone må alle ha når dei fyller sitt år. Det vart ei gjenbrukskrone utan tal på i år, men med bokstavar, perler og blomar. Den er klypt ut av mosegummi frå ein hobbybutikk oppkalla nesten etter Pandoras eske. På denne butikken kunne dei ikkje svare på kva mosegummi er laga av, men det er iallfall eit supert materiale for ting som skal vere lette og ikkje plage eit lite bursdagsbarn med å sitte stramt. Men det luktar rimeleg kjemisk når det kjem rett frå innpakkinga, så det er neppe laga av verken mose eller gummi...

Ein nabogut, kamerat og kollega av fugleungen, fekk også ei krone til sin bursdag to veker tidlegare. Det var sjølvsagt ei kongekrone. Kongekrona vart laga av mosegummi med teipbakside som vart teipa saman (slik at den stakkars guten ikkje skulle få teipa fast krona rett i håret), og lukka med borrelås. Tiaraen vart laga av eit enkelt lag mosegummi utan teip, og vart lukka med ein dobbel rund strikk. Begge kronene kan utvidast og venteleg passe også ved seinare høve...




Her i reiret er vi også heldige å også ha ein kopi av Petter Smart si tenkehette, også den laga i mosegummi til eit karneval. Trastane i toppen er laga av sjølvtørkande papirbasert "leire" og måla etter tørking. Dei er lette nok til at ikkje hetta fell saman. Denne hetta kan kven som helst få bruke for å finne fram til dei verkeleg gyldne tankane... Sjå berre på den gode idéen fugleungen ser ut til å ha fått i det sekundet ho tolererte å ha hetta på hovudet!