Viser innlegg med etiketten Yrande vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Yrande vår. Vis alle innlegg

tirsdag 26. mai 2015

Kvitveis på hell, men for eit hell!



Utanfor det gamle huset er det masse kvitveis. Det tek ingen ende, er berre kvitt etter kvitt, som snøhaugar, men det er no heldigvis over for i år (får vi verkeleg tru). No er det vår!



No må vi nyte resten av våren før sommaren kjem og forheksar oss til å tru at det aldri har vore vinter. Det er på tide å vakne!

Jonsoknatta

Vak upp, vak upp, både åker og eng
no har de sove så lenge i seng
No har det vore både vinter og vår,
og no har jonsoknatta kome.

Statt no upp, du Bjålandsbonde
med dine late drenger
Soli stend ivi Kleivefjødd
og du hev søve lenge.

Vak upp, vak upp, både åker og eng,
no har de sove så lenge i seng.
no har det vore både snjo og regn
og no har jonsoknatta kome.

Statt no upp, du Bjålands-Mari
Statt upp og mjelke di ku
Soli stende på budynni
og endå så søve' du.

(Folkevise, slik eg hugsar den, anna og større versjon, med gitargrep, her)

søndag 10. mai 2015

Insektshotell

Barnehagen til Fugleungen er i full gang med sitt prosjekt "Insektshotell". Ein av dei tilsette er konstituert som hotellsjef, og etter førre dugnad er lokala komne på plass, serveringa sikra, så no manglar berre innreiinga og gjestane... 
Her i reiret vårt har vi alt ein bustad med enkeltrom for bier og veps, det er nok meir ei koie eller ein gapahuk enn eit hotell, men det er triveleg, tørt, solrikt og med trivelege naboar som skogduer, dompap og ekorn. Overnattinga betalast i pollinering av hagevekstene og bringebæra.

Einslege bier og veps treng små krypinn, dette er det eg raskt snekra saman i fjor, eg berre saga opp tre lange bambuspinnar i om lag åtte centimeters lengder og batt dei saman. Dei hang på ein solrik bjørkelegg i hagen, og sjølv om ikkje beleggsprosenten vart heilt som på sjukehuset her (opp mot 100%), så kom det no nokon innom. Dei tettar att inngangen med leire (åtferd som passar betre i ei koie enn eit hotell), og inni legg dei sine små, og på dei tilstoppa inngangane kan ein sjå at det har vore nokon innom...
Nokre har fortalt at dei helst vil ha bambuspinnar som allereie er lukka i den eine enden, mogleg eg stenger att med litt leire der etter kvart. Men sjølv med opne endar kjem dei, altså.


Med inspirasjon frå barnehagen kan dette bustadprosjektet utvidast om vi får tid og lyst, og liten fugl har no alltid drøymt om å ha bier, sjølv om det verkar som ein plan langt unna.

mandag 20. april 2015

Dompap om våren

No blir det meir og meir grøngras rundt huset. Det er vår! Og så bryt dompapen den stemninga med å dukke opp, julefuglen med sitt nisseraude bryst. Men det finst jo julefuglar heile året, om ein ikkje ser dei, så kan ein høyre dei. Dei pustar ut sine triste pju frå trea, men synest knapt. Dei er vel som nissane, flinkare til å gøyme seg når det er sommar. 


Det store skjor-sikra fuglehuset fungerer ganske greit. Det må fyllast skjeldan, ettersom det har ein stor indre behaldar med fuglefrø. I år har det vore solsikkefrø med skal og jordnøtter. Vi held no berre fram med matinga ei stund utover våren, det er både koseleg og fint for fuglane med ein mjukare landing inn i vår og sommar. Vi vil jo gjerne ha mange fugleungar her!






Stormfullt i år! Det har blåse godt rundt nova i vinter og vår. Men no varmar sola så godt at alt er vel! Og snart kjem kvitveisen for fullt, det gler vi oss mykje til!

onsdag 8. april 2015

Ekornvår i skogen

Ekorna er mindre redde enn nokon sinne, og eit av dei freistar å bygge reir inne i den halvnye fuglemataren som skulle vere skjæresikra med sprinklar og bur. Han freistar å legge furukvistgolv med barnåler og det heile, og det er jo litt av eit hotell når ein både har mat, ly for regn, vern for skjor og varmande vårsol. Kunne tenke meg å bu der sjølv!


Dei er så lite redde at dei let seg videofotografere også. Eg skulle berre ønske eg fekk filma då eit ekorn slest med fire skjærer, det var litt av ein kamp! Dei fuglane der kunne vi klart oss utan. Då er det betre med dei tutande duene som også i år er attende, vaggande rundt i bakhagen for å ete nedfalne solsikkefrø. Dei trivst her, dei også...




 Stadige snøfall fører oss attende til vinteren nok ein gong, men no er det meldt mange varmegrader utan nattekulde, så eg har trua på våren no!


Ikkje mykje bygg att på bygghjartekransen no, etter tre vintrar, men symbolet er like vakkert...


fredag 3. april 2015

Påskestemning

Det snør igjen! Lukta av snø, uventa, slår mot meg når eg opnar døra til hagen om morgonen. Eg hadd nett pakka bort skisko, nederst ute i bua under fagbøker og alt vi har. Og no skulle Fugleungen så gjerne gått litt på ski igjen... Vi treng tydelegvis ikkje reise nokon stad, for å ha ei påske med egg, sol, snø og sjokolade... Og dette er ei flyttepåske. 
Vi pakkar og lesser i esker og kassar, og snart skal vi traske ned til nabohuset for å flytte inn der. Men slik småtrasking tek jammen ei stund, og hjelpe meg så mykje TING vi har! 
Kanskje litt for ofte tenkjer eg at denne må eg spare på, den kjem nok til nytte ein dag. Ofte gjer den jo det, men i mellomtida ligg den jo der, i vegen, og rotar. Heldigvis er litt rot eit teikn på ein aktiv hjerne, og det har vi i det minste fleire av her i reiret. Nett difor er det som det er! 

Gledelege vårdagar ønskast alle, det er von i nytina jord!

fredag 20. mars 2015

Her er sol og glede!

Det er vårjamndøger og solformørking i dag, sett slikt! Det er ikkje lov å sjå mot sola, og difor er barnehageungane stengt inne under formørkinga. Nokon burde nok ha stengt meg inne også...





Heldigvis kom det skyer, akkurat i rette augneblink, for å verne synet mitt mot varig skade. Så då tok vi ein tur ut, fugleungeminsten og eg, det vart nesten kveld og kaldt, og den astronomiske hendinga vart noko å snakke om for oss som var ute og kika i vêret i dag.



Eg har i dag altså både sett mot sola og teke bilete med kamera utan solfilter. Eg laga meg ein kamerakasse for å teste, av ein barnematspakke og litt aluminiumsfolie, det fungerte ikkje så veldig godt. Iallefall ikkje godt nok til at eg ikkje kikka litt, men det heldt meg iallfall frå å kikke mot sola nett medan eg heldt på å lage boksen...

Men herlegare enn at det er solformørking, som er så flyktig, så flyktig, er det at det er vår! Det kjem til å vare ein god del lenger, og iallfall bringe like mykje spennande med seg!

Store planar er lagde, endringar skjer stadig, men no er husombygginga snart på trappene! Det vil vere så voldsamt at vi flyttar ut ei stund, til nabohuset, og kan halde oppsyn med alt som skjer i vårt eige reir. 

Og når ein talar om sola, vi håpar å få nytta solenergi i huset vårt etter ombygginga, og luktar på solfangarar. Solfangarar nyttar sollyset til å varme opp vatn, som kan brukast i varme i golvet i huset eller til oppvarming av tappevatn. Det ville vore strålande!

mandag 2. mars 2015

Knute på vimpelen 2

Nei, eg hadde ikkje trudd eg skulle lage ein oppfølgar til dette tidlegare innlegget, men overraskingar bør ein unne seg no og då. Særleg bør ein det, om ein har funne sjølve løysinga på knute-på-vimpelen-problemet.

Tatatataa!
Løysinga er faktisk å kjøpe ein vimpel som ikkje er like fin som den som slær knute på seg, ein butt ein. Altså ein som ikkje har ein slentrande, vill tupp ytst, som sprellar i vinden til den tilfeldigvis hamnar i ein knute, og vinden strammar godt til. Verkeleg godt til! Og igjen og igjen, om ein ikkje er der og knyt den opp, det vart både doble knutar og doble dobbeltknutar, trippelknutar med enkle tillegg i alle variantar hos oss i stormfulle tider.
Når vimpelen blir slitt, blir det berre verre og verre, og når ein må bruke tenner og negler for å knyte opp dette, blir den, ikkje uventa, sliten.
Men det er no over eit halvt år og massevis av vindfulle netter sidan vi kjøpte ein butt vimpel, og sjølv om den er litt mindre vakker, så har den nok allereie spart meg for fleire minutt med knuteoppknytting. Og når den kjem frå ein ordentleg flaggfabrikk, så held den seg betre, også. Men den måtte likevel syast litt i tuppen etter dei harde vinterstormane, så heilt perfekt er det no ikkje. No gler vi oss til våren, for då er det så mange flaggdagar!



tirsdag 17. juni 2014

Hetter til småfuglar

Det kan tydelegvis framleis komme kjølege dagar, sjølv om vi har hatt ein varm periode ei stund no. Den norske sommaren er lunefull! Og øyrebetennelsar ønskar vi oss ikkje, difor blir det kopiert opp nokre hetter i bomullsstoff til middels kjølege dagar i barnehagen.
Den vesle fugleungen er aller helst utandørs, og må ha tenelege klede for alle vindretningar. Ho er veldig glad i Kardemommeby-historia, som ho omtalar som Jonatan. Og songtekstar er tydeleg enkelt for henne, det strøymer stadig på nye vers og ord på diverse songar. Ein dag sat ho og såg på "Min nabo Totoro", ein japansk teiknefilm, og tydelegvis er ikkje eit uvant språk nokon hindring for å lære seg nye songtekstar, ho sang med på japansk med stor entusiasme. Men meir forståeleg er det jo når det er på eit meir nærliggande språk.

Visen om været

Når det lakker imot høst,
og det blåser ifra øst, 
blir det regn og ruskevær
både her og både der,
men i Kardemomme by
søker alle folk i ly
hvis de ikke har en diger paraply.
Kommer vinden ifra nord, 
og det blåser og det snor, 
da er vinter'n like her, 
og vi trenger tykke klær. 
Den som ikke da vil gå 
med de tykke klærne på, 
kommer til å fryse nesa nesten blå.

Kommer vinden ifra vest,
kan det bli en farlig blæst,
den kan komme ganske fort
så man nesten blåser bort.
Den som da har paraply, 
han kan komme til å fly
så han nesten blåser bort fra våres by.

Kommer vinden ifra sør, 
blir jeg straks i godt humør, 
for da er det lett å spå
for da pleier vi å få
deilig sol og sommer her,
og jeg roper til enhver
Hallo-hallo! Nå blir det deilig sommervær!
Tobias
 frå Folk og røvere i Kardemomme by,
skrive av Thorbjørn Egner.

Hettene er sydd i dobbelt strekkbart bomullsstoff (jersey), kopiert frå ei kjøpt hette. Saumane er vrangsydde bortsett frå i nedkanten. Mønsterstoffa vart til slutt på innsida, fordi det vart eit litt rotete plagg etter mitt syn.

Kopiering frå andre ferdige plagg er ein framgongsmåte eg godt likar, å finne eit plagg som fungerar i bruk, og så lage eit likt etter å ha forsøkt å lage ein mønsterkopi. Det er kanskje ikkje så populært hos dei som kan komponere mønster sjølv, men det fungerar for meg og fleire austlege bedrifter som lagar til dømes kajakkar på samme viset. Litt tilpassingar må uansett gjerast, og prøving må til. Dei første hettene vart noko for romslege oppe, det var minst plass til eit par følehorn eller løveøyrer ekstra oppi der. Så då må anten øyrene vekse eller saumane takast litt inn.

Brett stoffet midt framme, og klipp eit dobbelt stykke av kvart stoff. Midtsaumen går frå panna, over issa og nedover nakken. Det er i tillegg teke inn ein kile over issa frå øyre til øyre.
Saumen rundt andletsopninga er første saum, med samansying av dei to stoffa som brukast. Deretter syast saumen tvers over issen frå vranga på begge stoffa frå begge sider. Så lukkast saumen frå panna til nakken på begge stoffa, og dei to stoffa heng då saman berre kring andletet. Til slutt lukkast nedkanten frå retta, og denne saumen må då bli synleg (alle andre saumar er skjulte på vranga.
Hetta kan brukast på både vrange og rette.
Dette var eit artig prosjekt, om enn passformen øvst måtte justerast litt etter første prøving.

søndag 11. mai 2014

Forsøksprosjekt med pil



Piletreet som står i nabohagen har hatt ein tøff vinter, med mykje vind og uvanlege vindretningar. Den gamle pila knakk nokre store greiner, og den noko uvanlege forma på treet gjorde at dei nye eigarane av huset ved sida av gjorde eit kraftig innhogg i mengda pil dei ville ha veksande på tomta. Bra for meg! Eg fekk ta så mykje av restane eg kunne tenke meg, og det er litt av ei gåve. Eg har lenge sett og teke bilete av desse supermjuke og lodne små gåsungane, og lurt på om eg skulle tore å spørje om å få ein stikling.
Etter å ha forsøkt å spørje folk som veit mykje om pil, og også søkt litt på nettet, kan det sjå ut som dette er ei doggpil. Og uansett kva han heiter (for det er eit han-tre), så er det ein vakker vekst som eg gjerne kunne tenke meg å ha i hagen min.

Eg gjorde eit forsøk også i vinter, etter ein stor desemberstorm som feia ned ei kraftig grein. Eigentleg var det berre for å pynte inne med gåsungane i vase, og det vart sjølvsagt fint, det, men dei slo så lett rot inne i vasen at eg ikkje hadde hjarte til å late vere å forsøke å plante dei i jord. Det vart sjølvsagt heilt feil lys og varme for stakkars pilekvistar, å bli rota i desember, og forsøket endte i kompostbingen til slutt. Men det må vel gå an å få røtter på slike kvistar? Det mest vanskelege så langt, har vore å ikkje grave i jorda rundt kvistane for å sjå korleis det går nedi der...

No har pilekvistane låge og kvila ei stund, har fått vatn og blitt utvalt slik at dei sprekaste kvistane er med vidare i konkurransen om å få dette genmaterialet til å overleve, og i beste fall bli noko brukbart.

Det er lett å drøyme om ei tett hytte av pilekvistar med overskot av sideskot til å flette kransar og korger av. Men om det ikkje skulle gå så godt, så har eg iallfall hatt ei morosam stund, og kan prøve på nytt med dyrare materiale ein gong seinare.



Jaja, det vart ikkje eit regelbunde flettemønster av lange pilekvistar, dette, men det viktigaste var å gjere eit forsøk. Med dei fine blomane ser det mest litt diademaktig ut...

Kanskje dette blir fugleungen sin gøymeplass om nokre år? Eller vil det berre bli tørre kvistar att seinare i år? Kanskje skjora kjem til å ta opp att alle kvistane, dei er godt i gang med reirbygginga, og nappar stadig opp det eg freistar å sette nedi. Dei har nemleg blitt fråteke sitt gamle reirtre på ei anna nabotomt, som det dessverre fins overveldande byggeplanar for. Vi får fokusere meir og meir på skogen på baksida, der dette pileforsøket varsamt skrid fram.

Og det blir vår i hagen no etter kvart!

mandag 5. mai 2014

Sein vinter

I år er vinteren verkeleg sein. Den starta i april, vart avbroten av ein liten sommar rundt fugleungen sin fødselsdag, som var eit svært vellukka sommarselskap utandørs med grilling, iskrem og kortbukser, for deretter å sveipe rett attende i snøkav.

Æ gla' i 'nø, seier fugleungen når vi vaknar om morgonen og med kvart vårt overraska andletsuttrykk ser ut på dei fallande fillene, hennar i entusiasme, mitt i vonbrot. Eg har planta både det eine og det andre, og treng nokre milde dagar no, gjerne med regn, men i det minste helst utan frost.
På grunn av denne forlenga snøsesongen har fuglane utanfor fått fôr ekstra lenge, og då eg etter kvart fekk vaska vindauga på utsida, vart det mogleg å fotografere nokre av dei også.
Hinkande og hoppande rundt på ein fot. Klarte aldri å vere heilt sikker på namnet, men skada såg ho ut til å vere.
Grønnfinken var relativt bisk på brettet, og ønska ikkje å dele solsikkefrø og jordnøtter med dei mange fleire gråsisikane.
Flaggspetten lokkast fram med litt eplerestar og jordnøtter i fuglehuset.

"Ekorn ser på gravemaskin!" ropte fugleungen ein dag ved middagsbordet. Fuglefamilien sat ved det store vindauget og åt, og hadde god utsikt til fuglehuset og rekkverket der ekorna ofte
sit og kikar vidare utover etter så ymse, og tydelegvis også etter gravemaskiner. Fugleungen likar både ekorn og gravemaskiner, og med mykje planlagt utbygging kring tomta vår, blir det nok fleire gravemaskiner og mindre ekorn ein periode.


Vi har hengt opp ekornkasser på motsett side, på skogsida, slik at det ikkje skal stå på tilgjengelege husvere. Kassane er motorsaga ut av ein relativt lite bearbeida granstamme, og hengt opp i eit grantre. Det har ført til at flaggspetten fatta interesse, og har fleire gonger blitt teken i å hakke laus på ekornkassa, med ein forbløffande fin og hul hakkelyd.
Kassen har to inngangar, som ekorn gjerne vil ha, men det ser så langt ikkje ut til å ha flytta nokon inn. Kanskje Helnøtt eller Fruktnøtt får nokre ungar som vil flytte inn der? Det har vore mykje ekornkamp i grantrea rundtom i vinter, så hormonane brusar i tretoppane.


Nømannen Talle som knapt fekk behalde tennene sine før dei ein etter ein smelta ut av munnen på han. Måtte det komme betre vintrar for snømenn og snøfuglar seinare!

lørdag 29. mars 2014

Papirklipp med sol og bjørkesprett

Lukka er kort!
Og lukkeleg er dei som ventar på noko godt som skal kome, våren, bjørka som sprett, små liv som skal til å starte, rolegare dagar på jobben, å bli frisk igjen, sol, snø, mat når ein er svolten, ein klem når ein er sliten.
Eg synes ein skulle sende fleire kort. Berre jul er ikkje nok, ein burde sende kort til mange stunder, og heise flagget ved utvalde høve. Hadde det berre vore rikeleg med tid til å lage korta...

Papirsklip (Kim Larsen)
Når nu min verden bliver kold og forlat
finner jeg trøst i min kæreste skat
Klipper motiver med drømme og sags
Papirsilhuetter av den fineste slags

Her er et av min far og min mor
de som gav mig til denne jord
kærlige kys og en duft av jasmin
alltid solskin du sødeste min

Livet er langt
lykken er kort
salig er den der tør give den bort
Hm-m-m-hm-hm-hm-hm-m-hm-m-m

Fugleungen er glad i forming. Ho er ein meister til å male viltre og raske bilete, og lime ulike ting effektivt fast til andre ting. Sjølve klippinga er litt vanskeleg å få fingrane med på, men det hastar ikkje. Det ville vere slik ein kort veg fram til der veldig mange ting blir klipte i småbitar, om ho verkeleg fekk dreisen på den teknikken.
Men å velge fargar og lage kort, det var artig for to små fuglar. Fugleungen laga eit solkort, og ho har lyst til å sende det til seg sjølv, trass mange framlegg om alternative mottakarar. Det er fint å vere nøgd med det ein har laga!

fredag 14. mars 2014

Fjør på kvist med bod om vår

Det spirar og gror når berre bjørka får litt varme. Fastelavnsriset har blitt finare enn nokon sinne etter å ha stått inne ei stund, og heldigvis er ingen her i reiret allergiske.Denne bjørkhaugen vi bur på, hadde vore ein trist stad for nokon med pollenallergi...


Det var mange kvistar som gjennom vinterstormane hadde blåse ned frå trea utanfor, og difor vart det raskt knytta saman eit lite pyntereir. Fugleungen synest det er stas å kunne finne kvistar til liten fugl, som så kan brukast til reirbygging.

"Evnen til å bygge reir er programmert i genene til hver enkelt fugl og er derfor felles for alle individer av samme art. Noen arter bygger ikke reir i det hele tatt, f.eks. falker og ugler, andre rasker sammen noen pinner, mens noen bygger rene mesterverk. Unge fugler kan bygge et mer sjuskete reir enn eldre, erfarne fugler, og det tyder på at de finere detaljene først må læres ved å prøve seg frem eller kanskje ved å iaktta erfarne artsfeller.  "

Frå artikkelen "Hvordan vet fuglene hvordan de skal bygge reir?", National Geografic Norge.

Moro med slike fjører - dei kan ein puste oppover i lufta, og dei kitlar så artig mot andletet og halsen! Også kan dei fordelast utover heile stova med berre eit lite rist på posen dei ligg i.