Viser innlegg med etiketten Ekorn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ekorn. Vis alle innlegg

onsdag 8. april 2015

Ekornvår i skogen

Ekorna er mindre redde enn nokon sinne, og eit av dei freistar å bygge reir inne i den halvnye fuglemataren som skulle vere skjæresikra med sprinklar og bur. Han freistar å legge furukvistgolv med barnåler og det heile, og det er jo litt av eit hotell når ein både har mat, ly for regn, vern for skjor og varmande vårsol. Kunne tenke meg å bu der sjølv!


Dei er så lite redde at dei let seg videofotografere også. Eg skulle berre ønske eg fekk filma då eit ekorn slest med fire skjærer, det var litt av ein kamp! Dei fuglane der kunne vi klart oss utan. Då er det betre med dei tutande duene som også i år er attende, vaggande rundt i bakhagen for å ete nedfalne solsikkefrø. Dei trivst her, dei også...




 Stadige snøfall fører oss attende til vinteren nok ein gong, men no er det meldt mange varmegrader utan nattekulde, så eg har trua på våren no!


Ikkje mykje bygg att på bygghjartekransen no, etter tre vintrar, men symbolet er like vakkert...


mandag 5. mai 2014

Sein vinter

I år er vinteren verkeleg sein. Den starta i april, vart avbroten av ein liten sommar rundt fugleungen sin fødselsdag, som var eit svært vellukka sommarselskap utandørs med grilling, iskrem og kortbukser, for deretter å sveipe rett attende i snøkav.

Æ gla' i 'nø, seier fugleungen når vi vaknar om morgonen og med kvart vårt overraska andletsuttrykk ser ut på dei fallande fillene, hennar i entusiasme, mitt i vonbrot. Eg har planta både det eine og det andre, og treng nokre milde dagar no, gjerne med regn, men i det minste helst utan frost.
På grunn av denne forlenga snøsesongen har fuglane utanfor fått fôr ekstra lenge, og då eg etter kvart fekk vaska vindauga på utsida, vart det mogleg å fotografere nokre av dei også.
Hinkande og hoppande rundt på ein fot. Klarte aldri å vere heilt sikker på namnet, men skada såg ho ut til å vere.
Grønnfinken var relativt bisk på brettet, og ønska ikkje å dele solsikkefrø og jordnøtter med dei mange fleire gråsisikane.
Flaggspetten lokkast fram med litt eplerestar og jordnøtter i fuglehuset.

"Ekorn ser på gravemaskin!" ropte fugleungen ein dag ved middagsbordet. Fuglefamilien sat ved det store vindauget og åt, og hadde god utsikt til fuglehuset og rekkverket der ekorna ofte
sit og kikar vidare utover etter så ymse, og tydelegvis også etter gravemaskiner. Fugleungen likar både ekorn og gravemaskiner, og med mykje planlagt utbygging kring tomta vår, blir det nok fleire gravemaskiner og mindre ekorn ein periode.


Vi har hengt opp ekornkasser på motsett side, på skogsida, slik at det ikkje skal stå på tilgjengelege husvere. Kassane er motorsaga ut av ein relativt lite bearbeida granstamme, og hengt opp i eit grantre. Det har ført til at flaggspetten fatta interesse, og har fleire gonger blitt teken i å hakke laus på ekornkassa, med ein forbløffande fin og hul hakkelyd.
Kassen har to inngangar, som ekorn gjerne vil ha, men det ser så langt ikkje ut til å ha flytta nokon inn. Kanskje Helnøtt eller Fruktnøtt får nokre ungar som vil flytte inn der? Det har vore mykje ekornkamp i grantrea rundtom i vinter, så hormonane brusar i tretoppane.


Nømannen Talle som knapt fekk behalde tennene sine før dei ein etter ein smelta ut av munnen på han. Måtte det komme betre vintrar for snømenn og snøfuglar seinare!

søndag 23. juni 2013

Ekornungar og blomstrande blåbær, med løfte om blåare tider

Blåbær er fugleungen sin favoritt over alle favorittar. Eit blåbær på kvar grautskei til kvelden gjer måltidet til ein leik. Men så langt er det mest dei kjøpte, amerikanske blåbæra som har vore aktuelle. Så no gler alle seg til bærsesongen der dei ekte bæra kjem...
Blåbærblomar er svært vakre og nette, men små og usynlege for dei som ikkje ser godt etter. Blåbæra blømer om lag på fugleungen sin fødselsdag, og det passar jo svært fint, for der er det ein fugleunge som kjem til å få blå tunge etter kvart!

Men i vinter har berrfrosten og tørken teke knekken på det gamle blåbærriset, slik at det til vår ulukke ser ut til å bli ein dårleg haust for blåbær her utanfor reiret. Noko ille måtte det vel kome av så godt vintervêr... Så vi trekk snart sørover for å søke blåare busker og gjere tungene lilla.
Då kan vi lage fuglemors blåbærpai! Den er verkeleg god, og det er først og fremst denne oppskrifta som dukkar opp i hovudet når det blir tale om marsipan. Marsipanen i botnen av paien har ei viktig oppgåve som varsam og litt anonym smakssettar, samstundes som den ikkje gjer paideigen for blaut.

Nydeleg blåbærpai med marsipan
150 g smør
1 dl sukker
1 egg
½ kryddermål bakepulver
3 ½ dl kveitemjøl
300 g blåbær (eller halvt om halvt med blå- og bringebær, det blir veldig godt)
50 g marsipan
2 ss sukker
2 ts potetmjøl
Bland saman deigen. Set omnen på 200°. Kjevle ut eit tynt dekke av om lag 50 g marsipan og
legg over deigen i botnen av ei lita form. Strø over rikeleg med bringebær og blåbær, om lag
300 g. Strø over ei blanding av potetmjøl og sukker, og lag eit gitter over paien om det
framleis er noko av den gode mørdeigen att. Steik kaka nedst i omnen i 25-30 minutt, og
server med is eller krem.

Dammen ligg aude og attgrodd. Froskane som la egg i dammen er borte. Eller, frå tid til anna dukkar dei opp, ein morgon låg det ein død ein i kjøkkenhagen, halvspist. Det første eg tenkte var; den rota såg ut som ein frosk! Ein annan dag hoppa det ein kjempefrosk rundt på plenen, og til og med opp på plattingen då eg jaga han med kameraet (utan å få han på skothald). Slik sett er alle her på jakt etter kvarandre. Skogverda og naturen er brutal, og ein treff både livet og døden nærare her enn mange andre stader.

Det er lite liv i dammen no, og det er ikkje så mange rumpetroll som ein skulle trudd utfrå mengda egg som vart plassert her tidlegare. Og vi har ein hovudmistenkt... Fleire kveldar på rad såg vi stokkender som landa på vatnet, og desse sat nett der det var mest egg. Etter eit raskt søk på nettet, kom det fram at ender kan ta til seg protein i form av froskeegg og småfroskar tidleg i sesongen når proteinlagra til fuglane er på sitt tommaste.

Dette er to andre som er på jakt, Japp og Smil, dei to svoltne ekornungane utanfor reiret her. Det er ikkje alltid så lett å sjå forskjell på ekorn, men desse er temmeleg ulike i pelsen. Det verkar som den raude Smil er litt meir svolten enn broren, for ho er stadig innom og leiter. Dei kjem svært nær innpå oss, i dag sat vi berre tre meter unna medan ho freista å tømme siste resten av fuglematen i syrinbusken. Men no er jammen meg fuglematinga over for vintersesongen, no er det mykje godt å finne i skogen som ekornungane heller bør lære seg å ete.

Men dei er hjarteleg velkomne attende til vinteren! Kanskje dei kan få seg ei ekornkasse til neste år?

tirsdag 4. juni 2013

Sommardagar om våren


Det var så lenge uverkeleg lenge til sommaren, før han brått stod her og pressa seg fram, i det blå mellomrommet mellom stenene, i spenstige bjørkeknoppar, i kvitveis på kvitveis og deretter i jonsokblom, marikåpe med morgondogg, løvetann og smørblomst.
Nye fuglar flyg forbi utanfor reiret her, og dei syng som berre fuglar kan gjere om våren, sjølv om det kjennest som sommar.
Bokfinken er her, fru bokfink er avbilda under. Ringduene tutu-ar frå mørke grantoppar, og dompapen kjem også stadig innom med eit pju.

Bokfinkfrue
Blomstrande rogn og juleraude dompap
Kjøttmeis og ekornunge
Sjølv om det tilsynelatande er sommar, er det framleis aktivitet på fôringsplassen. Og nye fjes dukkar opp - ikkje mindre enn to små og tynne ekornungar er på plass. Den som er avbilda her, heiter Smil, og Japp, som var innom rett før henne, hadde ein annan farge på pelsen. Dei verkar meir kvalpeaktige enn dei ekorna som har vore her før, dei spring hit og dit, undersøker det meste og freistar å klatre på vindauga, i grunnen ikkje så ulikt ein fugleunge som bur heromkring.
Smil verka roleg og uredd, og sat lenge og sølte noko voldsamt med ein meisebolle ho klarte å få laus. Øyrene ser heilt nykreppa ut, og pelsen var fin og brun. Japp var tynnare og med meir gråleg pels, og litt pistrete hale. Det var Japp som vart observert forsøksvis balanserande på lista på utsida av vindaugsglasa på kjøkkenet.



søndag 12. mai 2013

Spretten ekornvideo og myldrande frosk


Det er artig å få plutselege gjestar. Plutseleg i går dukka nokon vi ikkje hadde sett på ei stund opp igjen, ekornet Helnøtt!



Framleis vintergrå i pelsen, og tynnare enn sist, så velkommen skal han vere i fuglemathuset til å ete det han klarar. Det er framleis frø igjen, så det er berre å forsyne seg.
Så svolten var han at han sat inne i huset og åt så det rista. Han sat der lenge, sjølv om både liten fugl og fugleungen trampa over terrasseplankane, og då videoen vart starta, stod vi berre ein meter unna. Vi måtte til og med smatte som små ekorn for å få varsla om at vi var der! Men då vart det liv...

Dette er fugleungen sin nye favorittfilm, ikkje rart då ho sjølv var tilskodar på første rad under innspelinga...

Nede i dammen, som i tidlegare tider var ein salamanderdam, er det brått blitt trangt om plassen. Om lag 30 froskar har eit slags våryrt treff der nede for å sikre framtidige froskegenerasjonar. Vassflata dirrar av kurringa frå froskane. I starten kunne det sjå ut som snø, gamal, vasstrukken snø, det som låg langs kanten på dammen. Men det er froskeegg, snart rumpetroll, snart småfroskar - oj, det blir litt av eit liv, for ikkje å seie leven, der nede...