Viser innlegg med etiketten Spire. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Spire. Vis alle innlegg

onsdag 27. august 2014

Forsøksprosjekt med pil 2

Det er ikkje alt som lykkast så godt, men vi har god tid her i reiret, her vil vi gjerne bu så lenge det er mogleg. Det vart planta ein pilehekk i sirkel tidleg på våren, så snart jorda vart teneleg, ettersom piletreet ved nabohuset hadde fått ein knekk i desemberstormen i fjor.
Ulike variantar av pilestiklingar vart tekne.
I desember, då greinene knakk, tok eg nokre inn for gåsungane si skuld til pynt, og det vart straks rikeleg med kvite røter i vasen. Difor vart dei planta inne i jord i potte, men lyset vart for knapt i den snølause vinteren, og dei levde ikkje over.
Samstundes, midtvinters, tok eg nokre rikeleg store greiner og pakka dei i plast og la på bualoftet. Desse sette eg då det vart vår i vatn i ei stor bøtte, og det kom langt om lenge røter og grøne lansettblad også på desse. Dei vart planta i jord med litt iblanda kompost i juni, etter å ha stått i vatn sidan mai. Det er dei som synest på biletet. Dei er planta som ein slags levegg mot kommande byggeprosjekt på nabotomta. Det har kome fine, nye kvistar på nesten alle, og håpet er at det også vil komme rotskot slik at dette kan bli ein fyldig og frodig hekk til slutt. Det er på nordvestsida av leveggen frakta inn noko kaprifol frå fuglehytta, ettersom det går gjetord om at lukta av kaprifolen der gir sommarstemning i einkvar kveld han blomstrar, om det er aldri så regnfullt. Det vart ikkje fullt så vellukka det heller, men det ser ut som iallefall eit skot vil overleve av dei mange som vart frakta inn i sommar.
Den kommaforma formasjonen med pilefletting frå eit tidlegare blogginnlegg i vår, vart ikkje så vellukka. Der sette eg kvistar utan røting i vatn på førehand, i laus jord med litt kompost. Det er enkelte, kanskje 7%, som har fått blad og ser levande ut, resten er eit framleis eit fletta pilegjerde, men utan det grøne det var ønska det skulle hatt. Litt pluss og litt minus, når eg no sit og tenkjer på det, kan jo dette pilegjerdet støtte eitkvart anna som vil vekse oppover, erteblomar eller blomkarse eller kaprifol eller villvin, vi ser til våren igjen kva det vil bli! Eller kanskje vi berre klipper det ned og spelar krokket over heile plenen.

Det har nemleg vore planeringsarbeid i bakhagen, der kommaformasjonen og leveggen står, med gravemaskin og hardt manuelt arbeid med mange tonn jord. Høggravide liten fugl slapp lett unna det meste, fugleungen assisterte entusiastisk og fekk endogtil køyre gravemaskina littegranne. Det er ikkje dårleg! Ho er dessutan eit lite arbeidsjern når det kjem til å strø jord utover, både inne og ute, det kom verkeleg til sin rett her. Å ikkje trakke på nysådd gras var derimot ei større utfordring, men no er forbodet mot å trø i graset oppheva, sjølv om ikkje plenen er perfekt, er den iallefall grøn frå enkelte vinklar. Denne flekken kjem til å bli ein yndlingsplass, det er eg sikker på, det er meir sol her enn eg trudde, og blir til dels veldig varmt. Ein tradisjon i fugleslekta er å ha sitteplassar overalt, i kvar moglege krå, for å ha ein stad med livd for einkvar vindretning. Det sprett difor fram benkar og hengekøyer her og der, slik at alle minutt med sommar kan nytast. Det tek til å haste.


torsdag 27. juni 2013

Solsikker

Første overnatting utandørs for solsikkene
Det er sommar i hagen, og solsikkene strekk seg oppover langs husveggen på sørsida. Sannsynet for at dei blir verdas høgaste, er relativt lite. Men det kan framleis bli dei finaste solsikkene vi har sett!
Statistikken frå eit tidlegare innlegg vart gjort til skamme. Etter tolmodig venting, og etter at dei solsikkene som var planta djupast klarte å komme seg til overflata, viste det seg at alle frøa så nær som eitt spira. Det gir ein glimrande spiringsprosent, utan at ein sommarsløv liten fugl gidd å rekne meir på dét.
Fugleungen elskar høge blomar. Ho veit godt kva for ei solsikke som er hennar, og ho er i knivskarp kamp med storesøster om å ha den høgaste planten, medan liten fugl sin blome har bøygd heilt av og heng ut mot vest. Solsikkene veks raskt, til og med raskare enn fugleungen. Ho vart forbivakse for ei veke sidan. Men dei er enno ikkje høgare enn det fugleungen er når ho strekk armane i veret og viser kor stor ho er!

torsdag 20. juni 2013

Markens grøde - gulerøtter og poteter i kjøkkenhagen


Så mangt rart kan krype fram frå den mørke muld. Hausten 2011 kom denne Isak Sellanrå til meg ut frå ein mjølkekartong med sådde gulerøtter. Splitter naken! 
"Isak med jærnskjegget og den altfor rotvoksede krop, han var som en gruelig kvernkall" (Knut Hamsun, Markens grøde)

I år vart gulerøttene både sådd på friland og i store potter i den varme kroken på verandaen. Å dyrke gulerøtter i mjølkekartongar er også veldig fint, det går litt meir jord (får berre plass til 1-2 gulerøtter i kvar kartong), og å ha ei mengde falma mjølkekartongar ståande utanfor gir eit litt uryddig inntrykk etter kvart. Men det funkar veldig bra å så inne med plast over (td ein brødpose tredd nedover kvar mjølkekartong), og så sette mjølkekartongane ut når det blir varmt nok til det. Eg har prøvd å flytte innhaldet over i jorda ute etter nokre veker med innespiring, men det kan fort gå veldig dårleg. Nokon eg har snakka med meiner dei får det til fint, men eg let dei heller stå i ro. Men truleg kan ein få fleire Isak-liknande figurar og merkelege former dersom ein manipulerar meir med dei unge røtene.
Så i år er det store, mørkfarga potter (som samlar mykje solvarme tidleg), med plass til 6-12 gulerøtter i kvar, og to rekker med gulerøtter i kjøkkenhagen.

Små spirer på rekke og rad
Gulerøtter , gulerøtter og graslauk, og små spirer av ringblom
Dei travle tidene i kjøkkenhagen er til dels over. Potetene skulle helst i jorda før nasjonaldagen, men gulerøtter skulle ha si seng til å frilandsåast etter kvart, og avleggarar av ein jordbærart måtte livreddast frå den tørre og inneklemde pottedøden. Meir avansert vart ikkje kjøkkenhagen i år.

Men kjøkkenhage - det første problemet med den var at vi hadde jo ingen enno. Vi hadde ein humpete plen der det tidlegare har stått ei rekke bjørketre - og difor inneheldt ein del tæger. Dei små bjørkerøtene er utruleg seige og tydelegvis motstandige mot nedbryting. Det gode med det var at jorda vart godt rufsa rundt i allereie ved dragkampen med røtene. Så var det steinplukking av den rustbrune skifersteinen som er i grunnen, og deretter påfylling av ny jord og innblanding av rik, eigenprodusert kompost frå dunken bak huset. Det tok sine kveldar å få det ferdig, men utearbeid med skitne hender gjer berre godt.

Dessutan var fugleungen ein trufast hjelpar og ivrig organisator av torvtufsene frå den tidlegare plenen, no kjøkkenhagen, her i skogkanten.
Konsentrert fugleunge godt i gang med sortering og stabling av torvtufsane
I starten ein snill hjelpar, etter kvart litt for ivrig lukar av blomar og spirer, men det viktigaste må vere at Fugleungen likar å jobbe med jorda og blomane. Ho legg nasa ned mot fiolane i krukka og luktar på sommaren. Men medan hennar vakne auge er opne, må ein IKKJE plukke bort avblomstra blomar for betre blomstring, og heller ikkje luke i gulerotrekkene - ho blir så freista til å gjere det same, og tek til seg ein neve stemorsblomar eller dei finaste attståande gulerotspirene, med ei fart og ein presisjon som mange skulle ønskt å ha. Ho siktar rett mot dei flottaste blomane og dei mest levedyktige gulerotspirene og dreg dei triumferande høgt opp i lufta. "Sje deR", seier ho med skarre-r'en sin.

Kjøkkenhagen er ein liten start, nokre meter med poteter, gulerøter og ein mellombels opphaldsstad for nokre jordbærplantar. Det blir ikkje mykje, men det blir sikkert godt!
Halvparten av potetene har dykka ned i jorddjupet, medan gulerotfrøa ligg verna under kvitt dekke
Potetene vart kjøpt inn som settepoteter, men heimespira poteter som har fått groer i kjøleskåpet går like fint å sette ut. Det er ikkje lov å grave opp spirene eller potetene for å sjå kor langt dei har kome, men det kan vere vrient å la vere...
Denne poteta, som kallast potetmor, gjer seg klar til å bli nett det, mor til ei potet på kvar tynne tråd som heng ut. Frå setting til dette biletet vart teke, tok det om lag ei veke, så ting hender raskt!
Den kommande potetmora til eit kull med nypoteter
Nokre varme maidagar gjorde godt for det som allereie var i jorda, og potetene sette inn ein spurtvekst der ein frå dag til dag ser skilnadar. Dette blir spennande...

Det veks og gror!




mandag 6. mai 2013

Ein fin liten blome


Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.
Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.
Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome, eg.
(Salme omsett frå svensk av Anders Hovden, 1927, melodi av Bjørn Eidsvåg, 1969 (Wikipedia))

Denne sørgelege salmen, som mest av alt er trist i tonen, gir von om lysare tider etter vinteren eller andre mørke stunder. Salmen blir spela av liten fugl og endå mindre fuglesøster på salmesykkelen. Det er ein song som ofte blir nytta i gravferder, men vakker er han like fullt, og sørgmodig blir han spela på det gamle orgelet med nokre tonar som manglar og sagmuggen dryssande ut for kvart taktfast tramp på belgen. Denne salmen spelar vi medan havet ligg mjukt mellom steinane i fjæra, eller slær hardt mot svaberga utanfor. Den pustande sjøen andar slik orgelet dreg pusten, og slepp tonane varsamt ut i denne vakre melodien. Og også der ute ved havet veks det små, fine blomar i skogen. Det er ikkje berre fuglar som trivst der ute!

Humle-humle, aldri somle

Men attende til nærare skogar - kven er no dette som summar i kvitveistuvene? Humla! Som bestilt! Kvitveisen og alle dei andre blomane treng ein summande og lodden gjest nett no medan vårsola varma eit kort glimt. Men ho var travel, måtte knipsast raskt der ho hasta forbi. Tydeleg underbemanna, den arbeidsplassen. Ingen tvil om at vi treng alle dei humlene vi kan få heromkring.

Det er altså mykje som er godt. Nye fuglar syng i skogen, både svarttrast og bjørkefink og raudstrupe er attende etter vinterferien i syden. Men dei har enno ikkje lete seg fange av kameralinsa i presentable biletformer, så de får tru meg på ordet.
Det kan tydelegvis snø igjen når som helst. Difor får sommarblomane stå i glasbur og varme seg til varmare dagar kjem. Men det spirer, det spirer, det vårast og gror! Både gulerøttene, pynteblomane og dei blå kornblomane (som skal bli kakepynt) er i kjømda, sjølv om nokre av dei har måtta ta turen inn før dei spira i pottene sine.
Dessutan er solsikkene på frammarsj, dei er prikla om einslege i kvar potte og gitt ørlite meir næring enn det så- og kaktusjord gir. Spiringsprosenten er oppe i 91%, ettersom det endeleg spratt fram noko hos den som set sine frø djupt. Det er jo meir enn forventa! Det løner seg altså å vente på det som er godt. (Eller tør ein å legge fram tanken om at det kan ha foregått nysåing?! I så fall, vil det kvalifisere til diskvalifisering?)


søndag 21. april 2013

Sannsynet for suksess

Det var aldri meininga at dette skulle vere ein nettstad der ein skulle stille opp matematiske regnestykke. Men praktisk matematikk, spesielt sannsyn, har alltid vore spennande for ein liten fugl, så eg kunne ikkje hjelpe for det når dette dukka opp i vindauget.

Spiringsprosenten på solsikkefrø er oppgitt til å vere 85%.
K planta 2 frø, og fekk opp 1.
I planta 3 frø, og fekk (etter kvart) opp 3.
F planta 3 frø, og fekk opp 0.
V planta 4 frø, og fekk opp 4.

Kor sannsynleg er det å få opp 4 av 4 frø?
0,85^4 = 0,52 = 52%

Kor sannsynleg er det å få opp 0 av 3 frø?
0,15^3 =  0,00337 = 0,3%, med mindre nokon kanskje har sett sine frø litt djupt, og dei enno søv under jorda?

Kva er spiringsprosenten i våre potter?

8 spirande frø av 12 moglege. 67% spiringsprosent i våre potter.

Kor sannsynleg er det at dette lovar godt for solsikkekonkurransen, både den lokale og den nasjonale?

Kor sannsynleg er det at fugleungen klarar å rive ut all jorda av desse pottene og ete solsikkespirene?

Dei siste spørsmåla let eg stå opne. Nokre gonger er det berre tida som kan vise om det blir slik eller slik...

mandag 15. april 2013

Vakne, vesle spire!


Primstaven er snudd, på denne sida ligg lange sommarkveldar og bading i sjøvatn, små fugleungeføter i grønt, varmt gras og verdas høgaste solsikke. Dette blir ein kamp mellom eit fivrel og ein fugl om kven som kan komme seg høgast!



Så skitne hender ho har, fugleungen, måtte dei alltid ha jordrestar og sand under neglene som teikn på at du framleis elskar å grave i den gode jorda og undersøke steinar og småting.
Fugleungen var til liten hjelp for såinga, ho var som vanleg mest oppteken av å grave jorda ut av pottene heller enn inn i dei. Men denne gongen var det tydelegvis lov - så forvirrande denne verda er for ein som har kome til ho for ikkje eit fullt år sidan ein gong... Det er like forvirrande som at vinteren kjem og landar som ein framand fugl midt i våren vår, medan ein trudde han var borte, så kasta han seg over oss igjen med snø og frost.

Så blir det heller innandørs, då, at blomane skal krype fram etter kvart. Dersom sannsynet for at eit frø spirer er 85%, kor sannsynleg er det då at ein får spiring i potta si med to, tre eller fire frø?
(1-0,15^(talet på frø))*100. Eit frø: 85%. To frø: 97,5%. Tre frø 99,7%. Fire frø 99,98%. Sånn i det heile teke er det svært sannsynleg at vi får solsikker, men deltakarane i lag KVIF har i ulik grad tolerert uvissa. Det blir spennande å sjå kor mange solsikker som kjem opp. Det som iallfall er svært sannsynleg, er at det kjem til å vekse opp ein heil masse solsikker under foringsplassen for fuglane ute.
Lag KVIF er klar til å komme i gang!


Det er også teke pelargoniumstiklingar frå ein gammal plante, ein lyserosa Dronning Ingrid-plante som har gitt opphav til mange pelargoniumungar. Ungane lever berre ein sesong, medan mora sjølv tronar innandørs i vindaugskarmen, kvilande heile vinteren etter å ha blitt kutta mykje ned i september/oktober. I april blir ho kraftig kutta ned igjen og misser nesten alle skota sine. Då blir ho meir bladrik i botnen, og det er det finaste. Dei avklipte skota rensast for ein del blad og settast i såjord (næringsfattig) i små potter og haldast fuktige. Dersom dei får sopp, går det an å gje dei litt atamon i vatnet. Dei slær rot etter nokre veker med fuktigheit og omsorg. Dei kan gradvis pottast om til stadig større potter med meir næringshaldig jord som pelargoniumjord, og blir til slutt store plantar som blomstrar utover sommaren og hausten.