Viser innlegg med etiketten Dyrevener. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dyrevener. Vis alle innlegg

onsdag 8. april 2015

Ekornvår i skogen

Ekorna er mindre redde enn nokon sinne, og eit av dei freistar å bygge reir inne i den halvnye fuglemataren som skulle vere skjæresikra med sprinklar og bur. Han freistar å legge furukvistgolv med barnåler og det heile, og det er jo litt av eit hotell når ein både har mat, ly for regn, vern for skjor og varmande vårsol. Kunne tenke meg å bu der sjølv!


Dei er så lite redde at dei let seg videofotografere også. Eg skulle berre ønske eg fekk filma då eit ekorn slest med fire skjærer, det var litt av ein kamp! Dei fuglane der kunne vi klart oss utan. Då er det betre med dei tutande duene som også i år er attende, vaggande rundt i bakhagen for å ete nedfalne solsikkefrø. Dei trivst her, dei også...




 Stadige snøfall fører oss attende til vinteren nok ein gong, men no er det meldt mange varmegrader utan nattekulde, så eg har trua på våren no!


Ikkje mykje bygg att på bygghjartekransen no, etter tre vintrar, men symbolet er like vakkert...


onsdag 27. august 2014

Katten

Dei er fine motiv, kattane. Det skal dei ha. Elles er no hundar best, spør du meg. Ein veit kvar ein har dei. Men katten er nok den váraste i garden, hundane er eit anna slag. Når eg tenkjer på det, er det mest som fugleungen og minstefuglen. Fugleungen er så tydeleg ein hundetype, (ja! Ut på tur! Eg vil ha litt mat! Og ula ein utløyser utover heile fuglehaugen når ting ikkje går som dei skal...) medan minstefuglen enn så lenge er ein mjuk kattunge, som ligg og høyrer på lydane og ser enno litt dårleg på lang sikt. Og han ventar, og mæl når ein kjem smilande til han. Så mjuk og god å halde! 

Men ikkje misforstå, dei er enno ikkje som hund og katt, dei to små, i tydinga full kamp om plass og rang. Det tek vel eit par år, det. 

 
Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
 
 (Katten, Olav H. Hauge)


Velkommen igjen til tøybleiene


Liten fugl tok i november 2013 farvel til tøybleiene, men no er dei attende!

Dei erfaringane vi fekk første gongen dei vart brukt, på fugleungen, var at stumpen vart mykje mindre sår og raud, vaskemaskina går stadig vekk med gulpeklutar og tøybleier, bleiene blir mykje meir klumpete, og ein må gå opp ein storleik i kle. Den posete buksestilen er veldig grei for tøybleierumper.
Det blir ein semi-tøybleierunde denne gongen, kjenner eg på meg, det kan fort vere at det vert brukt nokre papirbleier, spesielt dersom vi skal avgarde på noko og ikkje kan skifte ubegrensa ofte og raskt.

Dei aller minste kan bruke dei litt store og klumpete brettebleiene. Eg brettar sommarfuglbretting, det går raskt og er litt artig når ein kjem godt i gang med mange bleier etter ferdig tørk. denne brettinga blir også ganske glatt bak, slik at babyen ligg godt, og meir klumpete framme, "der gutter trenger det mest".
Med tøy på stumpen: Brettemetode: Sommerfugl/drage

Seinare skal vi nok over på lommebleier som vi har arva, det er hakket meir funksjonelt og betre å bevege seg i. For det er det, at minstefuglen ikkje får sprella så greit, som eventuelt vil dytte oss bort frå tøybleiene denne gongen. Men det har alltid vore slik at etter ein pause frå tøybleiene, kjem vi alltid attende... 
Tøybleie, med snappi-lukking som held alt godt på plass. Rispapiret stikk fram ved høgre lår, det skal samle opp det verste og vere enkelt å kaste.
Ullbukse-sperrelag. Heimestrikka av ull og mønster frå Leine merino. Dette er i grunnen den beste bleiebukseoppskrifta eg har prøvd, det finst eit utal variantar.

Vesle klumpen, minstefuglen, er no klar for å sjarmere verda ei lita stund, før han sloknar igjen.

fredag 18. juli 2014

Fine froskar

Småfroskane sprett fram frå krokar og skjul når kvelden blir fuktig og kjøleg. Vi kan ikkje klyppe plenen om kvelden, det ville blitt ein stygg massakre, men vi kan fange småfroskar om kvelden og bli inspirerte til eigne hopp og sprell i ein lummer kveld.


Dei er fine å sjå på, synest Fugleungen, dei gjer så ein får lyst å hoppe sjølv, saman med dei, bortover grusen når dei freistar å komme seg til kvar det no er dei skal. Frosketrekket var noko av det første vi opplevde etter at vi flytta til reiret vårt, og vi flytta inn i august. Sånn er froskane litt tidlegare ute i år enn før, kanskje det er fleire som har fått solstikk?


søndag 23. juni 2013

Ekornungar og blomstrande blåbær, med løfte om blåare tider

Blåbær er fugleungen sin favoritt over alle favorittar. Eit blåbær på kvar grautskei til kvelden gjer måltidet til ein leik. Men så langt er det mest dei kjøpte, amerikanske blåbæra som har vore aktuelle. Så no gler alle seg til bærsesongen der dei ekte bæra kjem...
Blåbærblomar er svært vakre og nette, men små og usynlege for dei som ikkje ser godt etter. Blåbæra blømer om lag på fugleungen sin fødselsdag, og det passar jo svært fint, for der er det ein fugleunge som kjem til å få blå tunge etter kvart!

Men i vinter har berrfrosten og tørken teke knekken på det gamle blåbærriset, slik at det til vår ulukke ser ut til å bli ein dårleg haust for blåbær her utanfor reiret. Noko ille måtte det vel kome av så godt vintervêr... Så vi trekk snart sørover for å søke blåare busker og gjere tungene lilla.
Då kan vi lage fuglemors blåbærpai! Den er verkeleg god, og det er først og fremst denne oppskrifta som dukkar opp i hovudet når det blir tale om marsipan. Marsipanen i botnen av paien har ei viktig oppgåve som varsam og litt anonym smakssettar, samstundes som den ikkje gjer paideigen for blaut.

Nydeleg blåbærpai med marsipan
150 g smør
1 dl sukker
1 egg
½ kryddermål bakepulver
3 ½ dl kveitemjøl
300 g blåbær (eller halvt om halvt med blå- og bringebær, det blir veldig godt)
50 g marsipan
2 ss sukker
2 ts potetmjøl
Bland saman deigen. Set omnen på 200°. Kjevle ut eit tynt dekke av om lag 50 g marsipan og
legg over deigen i botnen av ei lita form. Strø over rikeleg med bringebær og blåbær, om lag
300 g. Strø over ei blanding av potetmjøl og sukker, og lag eit gitter over paien om det
framleis er noko av den gode mørdeigen att. Steik kaka nedst i omnen i 25-30 minutt, og
server med is eller krem.

Dammen ligg aude og attgrodd. Froskane som la egg i dammen er borte. Eller, frå tid til anna dukkar dei opp, ein morgon låg det ein død ein i kjøkkenhagen, halvspist. Det første eg tenkte var; den rota såg ut som ein frosk! Ein annan dag hoppa det ein kjempefrosk rundt på plenen, og til og med opp på plattingen då eg jaga han med kameraet (utan å få han på skothald). Slik sett er alle her på jakt etter kvarandre. Skogverda og naturen er brutal, og ein treff både livet og døden nærare her enn mange andre stader.

Det er lite liv i dammen no, og det er ikkje så mange rumpetroll som ein skulle trudd utfrå mengda egg som vart plassert her tidlegare. Og vi har ein hovudmistenkt... Fleire kveldar på rad såg vi stokkender som landa på vatnet, og desse sat nett der det var mest egg. Etter eit raskt søk på nettet, kom det fram at ender kan ta til seg protein i form av froskeegg og småfroskar tidleg i sesongen når proteinlagra til fuglane er på sitt tommaste.

Dette er to andre som er på jakt, Japp og Smil, dei to svoltne ekornungane utanfor reiret her. Det er ikkje alltid så lett å sjå forskjell på ekorn, men desse er temmeleg ulike i pelsen. Det verkar som den raude Smil er litt meir svolten enn broren, for ho er stadig innom og leiter. Dei kjem svært nær innpå oss, i dag sat vi berre tre meter unna medan ho freista å tømme siste resten av fuglematen i syrinbusken. Men no er jammen meg fuglematinga over for vintersesongen, no er det mykje godt å finne i skogen som ekornungane heller bør lære seg å ete.

Men dei er hjarteleg velkomne attende til vinteren! Kanskje dei kan få seg ei ekornkasse til neste år?

søndag 12. mai 2013

Spretten ekornvideo og myldrande frosk


Det er artig å få plutselege gjestar. Plutseleg i går dukka nokon vi ikkje hadde sett på ei stund opp igjen, ekornet Helnøtt!



Framleis vintergrå i pelsen, og tynnare enn sist, så velkommen skal han vere i fuglemathuset til å ete det han klarar. Det er framleis frø igjen, så det er berre å forsyne seg.
Så svolten var han at han sat inne i huset og åt så det rista. Han sat der lenge, sjølv om både liten fugl og fugleungen trampa over terrasseplankane, og då videoen vart starta, stod vi berre ein meter unna. Vi måtte til og med smatte som små ekorn for å få varsla om at vi var der! Men då vart det liv...

Dette er fugleungen sin nye favorittfilm, ikkje rart då ho sjølv var tilskodar på første rad under innspelinga...

Nede i dammen, som i tidlegare tider var ein salamanderdam, er det brått blitt trangt om plassen. Om lag 30 froskar har eit slags våryrt treff der nede for å sikre framtidige froskegenerasjonar. Vassflata dirrar av kurringa frå froskane. I starten kunne det sjå ut som snø, gamal, vasstrukken snø, det som låg langs kanten på dammen. Men det er froskeegg, snart rumpetroll, snart småfroskar - oj, det blir litt av eit liv, for ikkje å seie leven, der nede...





onsdag 17. april 2013

Spor i snø og vår i vindauget

Ekornet hadde våga seg fram på trammen ein dag, og det gjekk masse nyfikne spor både hit og dit framfor inngangspartiet - skulle dei tørre? Nei. Kva med no? Nei, det er for farleg.Framfotmerka står bak bakfotmerka etter eit kraftig hopp, og slike merke var det mange av. Dei må ha vore mykje i tvil.

Men ein som er bestemt og heller fryktlaus, det er fugleungen. Enno må ho ha litt støtte ved lengre distansar, men det er jo så lett å få foreldra til å gjere som ho vil. Ho langar ut og set støvlespor på kvar ein snøhaug og kvar ein dam, dett og reiser seg, får fliser og blir kald og våt, men gå, det skal ho!

Vårgardinene er ferdiglaga. Dei er av eit stoff som vart ei gledeleg overrasking då det kom fram at det er trykk på begge sider, som om ikkje den eine sida var fin nok åleine. Det måtte jo berre brukast til noko spesielt, som gardiner på kjøkkenet. Det går jo ikkje an å ha julegardiner oppe etter påske og i april!

Det vart enkle liftgardiner denne gongen, berre sydd til eit eksisterande oppheng og klistra opp med borrelås. Ingen tenking, berre stryking, damping og saum. Eg vart så ivrig etter kvart at eg også strauk raude brennmerker på begge underarmane... Men når det gjeld nøyaktigheit, er det utruleg viktig med gode linjalar og eit godt strykejern. Mitt kvalitetsjern har eg kjøpt brukt for 10 år sidan for 50 kroner. Men eg visste det var eit bra strykejern, for fuglemamma mormor hadde eit slikt i gamle dagar.
Gardinene er finast når det skin sol gjennom dei og viser begge trykka samstundes, og dei skifter også til eit anna uttrykk når dei lysast opp av kjøkkenlysa frå innsida.



fredag 5. april 2013

Nye fuglar i skogen

Vi har hatt noko besøksendring, samt at eg faktisk har fått fanga ein gammal kjenning på film etter mange framstøt. Det er den raude dompappaen, han har vore ein vanskeleg modell, trass i at han er roleg og stødig, men har rett og slett, som nokre gjer, unngått linsene mine og plassert seg utanfor rekkevidde. Men her er han!

Så var det ein flaggspett som var på besøk, det var medan det var mykje rotne eple utanfor, så kanskje vi må slutte å ete opp eplene våre sjølve...


Til slutt kom det nokon vi slett ikkje fekk by på noko, det var ei due i skogen. Eg er jammen ikkje sikker på om det er ei ringdue som har blæse seg opp grunna kulde eller ei tyrkerdue med litt strek på halsen. Kanskje nokon veit?







onsdag 13. mars 2013

Alle fuglar små dei er




 
Dette kunne jo vore ei side for familieportrett på denne bloggen. Men det blir i staden eit innlegg om forbipasserande fuglar utanfor reiret. Det er så mykje fint å sjå av fuglefargar her omkring! Og enno er det berre vinter, for det streifet av vår vi hadde, har drukna i nysnø og kulde igjen. Då blir det berre å smøre seg med enno meir tolmod.

Kjøttmeis og blåmeis kan ein sjå konstant utanfor her. Dei er nok både svoltne og stadbundne, og ikkje minst mange.


Granmeis (eller er det løvmeis, enno ikkje sikker) kjem stadig forbi. Han er så utruleg liten og kjapp i rørslene at det er vanskeleg å få gode bilete av han, og å studere nøye om det verkeleg er ein granmeis (eller løvmeis). Det seiast at songen skil dei, så vi får prøve å høyre godt etter.

Spettmeisen som var så veldig hyppig innom før, ser vi aldri lenger etter at det vart veldig kaldt i januar. Han såg i grunnen alltid litt mistenkeleg ut med sitt skurkeaktige band framfor augene, så han sonar sikkert og slepp ut seinare ein gong...


Stjertmeisen er også stadig vekk utanfor, vanlegvis ein eller to. Men ein dag var det ein gjeng på 10 stykke som dekka bordet med meisebollar. Dei er så fine med snøballhovuda sine og den lange stjerten...

 


Sisik (kjend frå gjøk og sisik trost og stær) samlar seg i syrinbuska, både gråsisik (med den raude flekken i panna og av og til over heile brystet) og grønnsisik (som igrunnen er litt gul) er her kvar dag.


Og medan vi er i den gule gata, så har vi ein større variant av dei gule som kan tenkast at er gulspurv, men den karakteristiske songen (ein-to-tre-fir-fem-seks-sjuuu) har vi ikkje klart å høyre enno. Saka er under etterforskning.


Første gong dompapen var innom, etter berre å ha stirra på blåmeis og granmeis i lang tid, nesten slått i bakken av kor diger dompapen var. Det var nok ein kombinasjon av at han var litt oppblåst i kulda for betre isolasjon, og at eg var van med å sjå på dei bittesmå granmeisane... Så roleg og forstandig han verkar, mot dei vimsete og skvetne meisene! Trur kanskje ikkje eg hadde sett nokon dompap før vi flytta inn her i reiret, men det var eit velkome møte. No er det oftare at eg høyrer lyden enn at eg ser fuglane. Det er jo artig å kjenne dei att på lyden også!
Biletet er av dompaphoa, det er min favorittfugl for tida.


Etter at det vart hengt opp eple i ein krans, har det vore svarttrost innom fleire gonger dagleg. Det var verkeleg vrient å få teke bilete av han, med ein gong eg tok opp kameraet, letta han. Skulle nesten tru han hadde blitt skoten på med sterkare krutt enn det eg har i digitalkameraet mitt. Eg vil han slett ikkje vondt! Han syng fint og et opp gamle eple for meg. Dessutan held svarttrosten skjora (skjæra) vekke, og det likar vi. Ein gong vart ei skjor fanga inne på soverommet på den gamle hybelen min, fuglen var livredd og svart i blikket. Eg hugsar at eg lukka døra til soverommet og håpa det ikkje var sant, men det var det dessverre. Det vart litt av eit spetakkel og ikkje minst griseri! Ho kom seg heldigvis ut att på eiga hand, det hadde blitt litt av ei oppgåve å fange ho. Og etter det har lyden av skjoreskrik vore litt ubehageleg for ein liten fugl...


Kvar morgon er også ekorna, som vi har kalt Helnøtt og Fruktnøtt, innom og set seg gjerne inn i fuglehuset og kastar ut tomme solsikkeskal. Då får meisane seg ein støkk når dei skal hente seg eit frø!

Ein dag vart det liv i ekorngjengen - då kom ein tredje type sprintande forbi, vart tydelegvis forsøkt jaga av Helnøtt og Fruktnøtt, og det spelte seg ut eit drama i lynande fart - opp og ned og opp og så ned igjen i dei to store grantrea på nordsida. Hoi for nokre sprekingar! Etter det har det ikkje vore teikn til inntrengaren, som frå no blir kalla Smash. Det er visst slik at ekorn kan få to kull i året på opp mot fjorten ungar, så kanskje det blir mange ekorngjester her etter kvart?