Viser innlegg med etiketten Nålebinding. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nålebinding. Vis alle innlegg

fredag 5. desember 2014

Nissehuer til lure små nissar

Denne enkle, strikka nissehua på tjukke pinnar kan ein starte på kvelden før nissefesten i barnehagen, og like fullt kle nisseungen fin og raud i dagen etter!

Kortnissehue til nissefesten

Denne hua vart strikka til ein nisse på 1,5 år, og passa like fint året etter. 

Du treng:
5 strømpepinnar 5,5. 
Litt over eit nøste (dvs to nøster) tjukt raudt garn, til dømes Alaska, eller anna garn som passar til pinne 5-6. Det går sannsynlegvis fint å bruke to tynne trådar som skal strikkast på pinne 3, til dømes tynn alpakka. 

Framgangsmåte:
Legg opp 72 masker laust på pinnane, fordel likt over fire pinnar. 

(Trikset med å legge opp laust er ikkje å legge opp på to pinnar saman, slik eg alltid har trudd, men å ha avstand mellom maskene ein legg opp. Om ein legg opp på to pinnar, er det feil tråd som blir lausare, og det hjelper ikkje det spøtt, dessverre.)

Strikk ein kort (eventuelt lengre) enkel ribbekant, kan vere ein rett og ein vrang, to rette og to vrange eller her, to rette, to vrange første runde, og deretter forskyving av dei rette maskene ein til venstre annankvar runde. Dette blir ein litt mindre kvass kant. 

Start på glattstrikkinga rundt og rundt og rundt. Etter 6 omgangar skal det takast inn ved å strikke glattstrikk 16 masker og deretter maske 17 og 18 saman. Dette tek ein opp att 3 gonger, og det blir totalt 4 fellingar på denne omgangen. 

Glattstrikk 4 omgangar til (eventuelt strikk 6 omgangar og få ei litt lengre hue), og fell på nytt, denne gongen ved å strikke 15 masker glatt og deretter maske 16 og 17 saman. 

Og slik går det rundt og rundt. Litt treigt i starten, men så raskare og raskare jo nærare toppen ein kjem. Etter ni fellingar, start med å berre strikke 3 glattstrikksrundar før neste felling. Etter tre fellingar med tre glattstrikkomgangar mellom, gå over til 2 rundar for dei 4 neste fellingane, og deretter kvar andre runde. Når det berre er åtte masker att på pinnane, trekkast tråden gjennom alle maskene og snørast saman til ein spiss.

Lag ein enkel liten dusk ved å vikle litt av restetråden rundt og rundt eit eller anna, til dømes rundt tommelen og peikefingeren på den eine handa, og deretter knyte stramt saman midt på med ein annan trådende. Dusken festast godt i tråden frå strikkinga. På denne hua er det også knytta eit lite band rundt overgangen mellom dusk og hue, og det går også an å knyte fast ei lita bjelle som ringlar fint når nissen spring rundt (men sånne småting som kan puttast i små munnar, må festast ekstra nøye!)

Fest trådane, og nissehua er klar!


Ein annan type hue er den nålebundne, som blir tjukkare og står rett opp av seg sjølv. Den er det vanskeleg å oppgje oppskrift på, med nålebinding bør ein ha den ein skal nålebinde til like ved, slik at ein kan formbinde direkte og tilpasse etter kvart, iallefall når ein skal sette saman den første runden og halde fram med stadige spiralar oppover topphua. Nålebinding står det meir om på denne bloggsida.

Nålebinding er meir tidkrevande, gir tjukkare og mindre elastisk hue, men den blir jo den flottaste og mest spesielle nissehua i barnehagen, då... Liten fugl har også ei nålebunden hue, ei langhue, som det tok all verdas tid og veldig mykje ull for å lage. Hua vart påbegynt like etter jul og ferdig etter påske, og den gongen var det ingen som forstyrra nålebindinga! Men det er mykje godt ein kan vente på, og vi veit jo kor lenge jula varer...





torsdag 27. februar 2014

Nålebinding

Nålebinding er ein spesiell handarbeidsteknikk som Liten fugl lærte på den fantastiske folkehøgskulen på Fosen for alt for mange år sidan. Det har blitt ein del binding etter det, og det har teke sine kveldar. Men utvalde ting blir både praktiske og fine i nålebinding, og det er heilt klart eit av dei meir spesielle handtverksteknikkane som er i bruk i Noreg i dag. Ein annan fordel er at det ikkje går an å fabrikkframstille nålebinding, det handlagast. Og det tek som regel mykje lengre tid enn strikking, men det blir både tjukkare, meir haldbart og med ein finare struktur.
Til utvalde plagg som huer og handleddsvarmarar, vesker og vottar, er nålebinding ideell. Til plagg som må vere meir elastiske, som gensarar og sokkar, er det nok rimeleg å innrømme at strikking er meir behageleg elastisk. Det ville, om ein skulle nålebinde eit overkroppsplagg, vore greit om det var ei jakke eller eit kofteliknande plagg, fordi det då er meir bruksvenleg. Men så er det problemet med å snu og nålebinde attende, då...
Her er ein bort imot nyklekka liten fugleunge i sitt første nålebundne plagg. Det vart faktisk bunde fram og attende, noko som ikkje er like enkelt som å nålebinde ein sylinder. Det blir også eit anna mønster om ein snur på kanten eller held fram i samme retning, men forandring fryder! Dessutan ville nok ein nålebunden genser framfor ei omslagsjakke som denne blitt ganske upraktisk å ta på. Omslagsplagg er overlegne i barseltida...
Det har også blitt gensarar og sokkar, vottar, hanskar, huer og øyreband. Det er ein fordel å bruke eit jamnt, tjukt garn til nålebinding, det må vere mogleg å tove det saman for å skøyte trådenden, og det ser finast ut i mønsteret om garnet er jamnt spunne. Dersom det er for tynt vil det bli litt slaskete og ugreit å binde med, garn som er berekna på pinne 4 er nok rimeleg passeleg. Lett-Lópi frå Alafoss er ein heilt klar nålebindingsfavoritt her i reiret. Det klør dessverre noko, men om det er kaldt nok på øyrene går det meste bra.

Det har blitt litt ymse laga av nålebinding i løpet av åra. Det minst brukbare var kanskje denne mobilsoveposen. Den vart relativt lite brukt. Pennalet i treet litt lenger oppe vart derimot dagleg brukt under fuglestudiet.
Vottar, huer og genserar må lagast og prøvast undervegs i bindinga, og det er det mest interessante. Eg brukar ikkje mønster, berre legg ut og tek inn passeleg mykje, og som regel blir det ikkje så verst...



Enkel instruksjonsvideo i nålebinding
Denne videoen på dansk viser Oslostinget. Eg har aldri heilt funne ut kva sting eg likar best, men eg plar å kalle dei andre ting enn Oslostinget, mammenstinget eller noko som helst særnamn. Eg varierar ein del mellom kor mange løkker eg tek opp frå grunnlinja, kor mange som er rundt tommelen og kor mange eg tek opp bak tommelen. Eg synest det er betre å kalle stinget 1+1+3, til dømes. Det vil seie ei løkke frå forrige rekke, ei tommelløkke og tre løkker bak tommelen. Dette er det stinget eg lærte først, og som er relativt enkelt å få til. Elles likar eg 2+2+2, som eg har laga ein genser av, og dermed har brukt ein del. Med variasjonar blir det mykje meir spennande!
Det litt irriterande er at eg har laga eit par handleddsvarmarar ein gong i eit sting eg ikkje klarar å få til på nytt igjen, om eg enn har prøvd å bruke oppskrifta eg såg på den gongen...
Fugleungen likar også nålebinding. Ho har sitt heilt eige sting og brukar både mange knutar og mange løkker. Nål er ho ikkje så interessert i, ho synest faktisk dei kan vere litt skummelt skarpe. Men alt er lov, det er store variasjonsmogleikar med nålebinding!