Gruppe 1: Sterke pepperkaker, Brune pinnar, Konfektkaker
Sterke pepperkaker
150 g smør eller margarin
2 dl sukker
1,5 dl lys sirup
2 ts kanel
2 ts nellik
2 ts nykverna svart pepper
1 ss kakao
1 dl mjølk
3 ts bakepulver
10 dl kveitemjøl
Rør smør og sukker kvitt. Tilset sirup, krydder og kakao. Bland inn mjølka. Bland inn bakepulver og kveitemjøl og jobb med deigen til den er smidig. La deigen kvile i minst 12 timar kaldt. Kjevle deigen tynt ut, ca 2-3 mm, og stikk ut figurar. Steik på plate i 8 minutt ved 175 grader, avkjøl på rist.
Brune pinnar
Konfektkaker
200 g margarin
300 g farin
2 egg
375 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
50 g hakka mandlar
ei plate hakka sjokolade
10-12
min ved 200C
Smøret
og sukkeret røres kvitt. Kakene skal setjast på plata med ei
teskei.
Gruppe 2: Sandkaker, Berlinerkransar og Sandnøtter
Sandkaker
250 g margarin
190 g melis
1 egg
60 g malte mandlar
375 g kveitemjøl
180C i 12 til 15 min midt i omnen.
Margarin og melis skal rørast kvitt.
La deigen stå natta over.
Berlinerkransar
2 kokte eggeplommer (10 minutt med kalde egg i kokande vatn)
2 rå eggeplommer
140 g sukker
350 g kveitemjøl
275 g romtemperert meierismør
1/2 ts vaniljesukker
eggekvite til pensling
perlesukker til pynt
Gni eggeplommene gjennom ei sil, bland med dei rå og lag eggedosis av eggeplommer og sukker. Tilset kveitemjøl og mjukt smør vekselsvis. Avkjøl deigen i kjøleskåp så den blir lettare å handsame. Trill tynne pølser, lag kransar. Avkjøl i kjøleskåpet før pensling/dypping i eggekvite og perlesukker.
Steik i 10 minutt på 180 grader, kransane skal vere bleikt gyldne.
Sandnøtter
250 g margarin
250 g sukker
1 egg (ekstra egg dersom deigen smuldrar)
500 g potetmjøl
125 g kveitemjøl
4 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
Rør margarin og sukker skummande. Tilset det samanpiska egget og sikt i det tørre. Arbeid deigen godt saman, og lat han kvile ein times tid, før han trillast til små kuler. Steik kakene ved 180 grader i 8-10 minutt. Avkjøl på rist.
Gruppe 3: Krumkaker, smultringar, glaskaker
Krumkaker
eit
stort egg
½
dl sukker
½
dl vatn
½
dl kveitemjøl
½
potetmjøl
½
dl smelta smør (Bremykt)
½
ts kardemomme
Pisk
egg og sukker kvitt. Ha i det øvrige og smelt smør tilslutt. La
røra stå natta over før kakene steikast på eit krumkakejern.
Smultringar
Gruppe 4: Ormebol, kokosmakroner, pikekyss
Ormebol
3
eggekviter
250
g sukkker
3
ts vaniljesukker
250
g mandlar
1
plate kokesjokolade
Stivpisk
egg og sukker. Ha i vaniljesukker, og bland inn mandlar og hakka
sjokolade. Steik i 175° i 10 minutt. Dei må voktast.
Oppskrifta kan varierast med å ha i til dømes karamell, farga sjokoladelinser, ulike nøtter.
Kokosmakroner
4 eggekviter
200 g sukker
200 g kokosmasse
Bland dette i ei gryte, varm til det nesten når kokepunktet, skal ikkje koke. Legg på eit bakepapir med teskei, steikast i omnen i 10-15 minutt ved 180 grader.
Pikekyss
Pikekyss er berre eggekvite og sukker (50-75 g sukker per eggekvite), eventuelt konditorfarge og ei fantasifull utforming.
Gruppe 5: Kvite kakemenn, Julerose, Pecankjeks
Kakemenn
4 dl sukker
2 dl vatn
8 ss smelta margarin
4 ts bakepulver
4 ts hjortetakk
12 dl kveitemjøl
Sukker, vatn, hjortetakk og bakepulver rørast til sukkeret er oppløyst. Sikt på halvparten av mjølet og ha i margarin og resten av mjølet til slutt. Deigen må stå kaldt, gjerne over natta. Kjevl ut til om lag 5 mm, trykk ut figurformer. Steik i 7 minutt ved 220 grader.
Julerose
(Sprutkjeks/s-ar)
200
g smør
170
g sukker
100
g potetmjøl
250-300
g kveitemjøl
eit
egg
1
ts bakepulver
2
ts vaniljesukker
1
ts raspa sitronskal
Rør
smør og sukker kvitt. Rør i egget, deretter mjøl, potetmjøl,
vaniljesukker og bakepulver. Sprut kjeksa ut med ein sprut på plata.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar