Viser innlegg med etiketten Reiret. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reiret. Vis alle innlegg

fredag 3. april 2015

Påskestemning

Det snør igjen! Lukta av snø, uventa, slår mot meg når eg opnar døra til hagen om morgonen. Eg hadd nett pakka bort skisko, nederst ute i bua under fagbøker og alt vi har. Og no skulle Fugleungen så gjerne gått litt på ski igjen... Vi treng tydelegvis ikkje reise nokon stad, for å ha ei påske med egg, sol, snø og sjokolade... Og dette er ei flyttepåske. 
Vi pakkar og lesser i esker og kassar, og snart skal vi traske ned til nabohuset for å flytte inn der. Men slik småtrasking tek jammen ei stund, og hjelpe meg så mykje TING vi har! 
Kanskje litt for ofte tenkjer eg at denne må eg spare på, den kjem nok til nytte ein dag. Ofte gjer den jo det, men i mellomtida ligg den jo der, i vegen, og rotar. Heldigvis er litt rot eit teikn på ein aktiv hjerne, og det har vi i det minste fleire av her i reiret. Nett difor er det som det er! 

Gledelege vårdagar ønskast alle, det er von i nytina jord!

fredag 20. mars 2015

Her er sol og glede!

Det er vårjamndøger og solformørking i dag, sett slikt! Det er ikkje lov å sjå mot sola, og difor er barnehageungane stengt inne under formørkinga. Nokon burde nok ha stengt meg inne også...





Heldigvis kom det skyer, akkurat i rette augneblink, for å verne synet mitt mot varig skade. Så då tok vi ein tur ut, fugleungeminsten og eg, det vart nesten kveld og kaldt, og den astronomiske hendinga vart noko å snakke om for oss som var ute og kika i vêret i dag.



Eg har i dag altså både sett mot sola og teke bilete med kamera utan solfilter. Eg laga meg ein kamerakasse for å teste, av ein barnematspakke og litt aluminiumsfolie, det fungerte ikkje så veldig godt. Iallefall ikkje godt nok til at eg ikkje kikka litt, men det heldt meg iallfall frå å kikke mot sola nett medan eg heldt på å lage boksen...

Men herlegare enn at det er solformørking, som er så flyktig, så flyktig, er det at det er vår! Det kjem til å vare ein god del lenger, og iallfall bringe like mykje spennande med seg!

Store planar er lagde, endringar skjer stadig, men no er husombygginga snart på trappene! Det vil vere så voldsamt at vi flyttar ut ei stund, til nabohuset, og kan halde oppsyn med alt som skjer i vårt eige reir. 

Og når ein talar om sola, vi håpar å få nytta solenergi i huset vårt etter ombygginga, og luktar på solfangarar. Solfangarar nyttar sollyset til å varme opp vatn, som kan brukast i varme i golvet i huset eller til oppvarming av tappevatn. Det ville vore strålande!

lørdag 31. mai 2014

Mauren

Kjære vesle maur,
Du har ein imponerande styrke i deg. Det kan umogleg berre vere fysisk styrke, dette hadde du ikkje klart om det ikkje var fordi du verkeleg trudde på det du heldt på med, snudde ryggen til, tok spenntak med beina og berre tok eit steg om gongen. Du ser på det du har klart å gjennomføre, heller enn det du har att av arbeid.
Målsetninga står for meg noko uklår, men for deg er det nok krystallklårt. Det er berre slik det må vere.

Det er så mange som kunne gjort som deg og kome seg høgare enn det dei klarar, og mange som gjer nett det du gjer og lukkast med meir enn det ein skulle tru.

Eg har truffe mange menneske sidan eg starta å arbeide med kreft for fire år sidan. Nokre av dei er som deg, dei som ikkje bryr seg om kva andre meiner dei bør tenke. Fleire av dei lever ikkje lenger, men dei hadde levd mykje kortare om dei ikkje hadde hatt di innstilling til å bite tennene hardt saman og halde fram. Ein må halde fram om ein enn har tung bør å bære. Det finst styrke å hente fram! Du har sannsynlegvis meir i deg enn du trur, men du må klare å finne fram til måten å bruke det på sjølv.

Samme kor få som faktisk trur på deg, så er det ingenting som er heilt umogleg for den som verkeleg vil.

Hald ut! Stå på! Ikkje gje deg!