Veslefuglen har nett fylt eit år, og eg tenkte å lage ei gelémarihøne til henne. Men kvirfor ikkje heller lage ei geléhumle? Ettersom humlene blir færre og skjeldnare, og er så viktige for det som skal spire og vekse kring oss her i reiret, skulle det berre mangle å lage så mange som råd. Her på biletet ser ein tydleg at humla ligg og gøymer seg i skåla, og berre såvidt tør kikke fram.
Ein vinter på vestlandet grov eg opp ei humle, som hadde lagt seg til å
sove i mosen for vinteren, og som slett ikkje hadde tenkt å vakne
allereie då. Ho hadde det nok som oss alle når ein må stå opp tidlegare
enn ein har lyst... Svevndrukken og sjanglande vagga ho bortover, og tok
ikkje sjansen på å fly med det første. Så eg la berre på mosen igjen og
lata som det heile var ein draum.
Humlene er trivelege, lodne små vener som gjer at det blir bringebær og blåbær til oss utover sommaren. Før var det spennande konkurransar i nabolaget om kven som kunne fange flest i samme syltetøyglaset, ein spennande aktivitet som heldt oss i age så mang ein sommardag. Best var det i bringebærbuskene eller i klokkebusken, der var det alltid summing og aktivitet.
Humlene har det visst ikkje så lett for tida. Det er vel neppe det at det har blitt samla for mange av dei, men saman med biene og andre nektarhentarar så blir dei færre. Det er foreslått å plante humlevenlege plantar og blomar for å gje dei som er att best mogleg vilkår for å trivast. Difor skal vi plante pilefletta hytte etter kvart, la seljene stå framfor andre tre, plante klokkebusk og verne om villbringebæra kring huset.
Denne perlehumla har vore med meg ei stund, og stod på skrivebordet
på ein tidlegare jobb til pynt og nytte. Ein gut på åtte såg lenge og
interessert på perlehumla som stod stilt og fredeleg på
skrivebordet mitt.Varsamt nærma han seg med ein liten peikefinger.
"Forsiktig, den kan stikke!" sa eg, og han skvatt vekk. Den er tydeleg
falsk, men på ein merkeleg livaktig måte...
Og ein annan gong, då
eg ein gong skulle prøve å overtale ein om lag seks år gammal gut til å
la meg kikke inn i munnen hans, gjorde eg det ved å spørje han om han
kunne gape så høgt at denne humla kunne klare å fly inn i munnen hans.
Og du kan tru han gapte! (men kven vil eigentleg ha ei humle inn i munnen...?)
Det er slett ikkje alle perledyr som er like vellukka som denne, men froskar og humler duger.
Her, på denne lenka til Anne på Moseplassen, er det mykje god informasjon om mellom anna humlene sitt merkelege forsvinningsnummer.
Ein skal også utfordre andre til å spreie humlene si historie, og eg utfordrar Fivrel i Fivreldagar! Som flygande vesen burde ho lett kunne kjenne seg att i kor viktig det er å tiltrekke seg dei flygande venene og skape glede ved å spreie blomar ikring seg.
thihi, så fin humlegele! Kjempeartig ide :)
SvarSlettOg veldig fin den perlehumla, noe slikt har jeg ikke sett før, kan tenke meg den er populær blant både store og små ja :)
Supert at du er med og sprer begeistring om humla!
Søt historie som sprer glede!
SvarSlett