Æ gla' i 'nø, seier fugleungen når vi vaknar om morgonen og med kvart vårt overraska andletsuttrykk ser ut på dei fallande fillene, hennar i entusiasme, mitt i vonbrot. Eg har planta både det eine og det andre, og treng nokre milde dagar no, gjerne med regn, men i det minste helst utan frost.
På grunn av denne forlenga snøsesongen har fuglane utanfor fått fôr ekstra lenge, og då eg etter kvart fekk vaska vindauga på utsida, vart det mogleg å fotografere nokre av dei også.
Hinkande og hoppande rundt på ein fot. Klarte aldri å vere heilt sikker på namnet, men skada såg ho ut til å vere. |
Grønnfinken var relativt bisk på brettet, og ønska ikkje å dele solsikkefrø og jordnøtter med dei mange fleire gråsisikane. |
Flaggspetten lokkast fram med litt eplerestar og jordnøtter i fuglehuset. |
sit og kikar vidare utover etter så ymse, og tydelegvis også etter gravemaskiner. Fugleungen likar både ekorn og gravemaskiner, og med mykje planlagt utbygging kring tomta vår, blir det nok fleire gravemaskiner og mindre ekorn ein periode.
Vi har hengt opp ekornkasser på motsett side, på skogsida, slik at det ikkje skal stå på tilgjengelege husvere. Kassane er motorsaga ut av ein relativt lite bearbeida granstamme, og hengt opp i eit grantre. Det har ført til at flaggspetten fatta interesse, og har fleire gonger blitt teken i å hakke laus på ekornkassa, med ein forbløffande fin og hul hakkelyd.
Kassen har to inngangar, som ekorn gjerne vil ha, men det ser så langt ikkje ut til å ha flytta nokon inn. Kanskje Helnøtt eller Fruktnøtt får nokre ungar som vil flytte inn der? Det har vore mykje ekornkamp i grantrea rundtom i vinter, så hormonane brusar i tretoppane.
Nømannen Talle som knapt fekk behalde tennene sine før dei ein etter ein smelta ut av munnen på han. Måtte det komme betre vintrar for snømenn og snøfuglar seinare! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar