mandag 15. april 2013

Vakne, vesle spire!


Primstaven er snudd, på denne sida ligg lange sommarkveldar og bading i sjøvatn, små fugleungeføter i grønt, varmt gras og verdas høgaste solsikke. Dette blir ein kamp mellom eit fivrel og ein fugl om kven som kan komme seg høgast!



Så skitne hender ho har, fugleungen, måtte dei alltid ha jordrestar og sand under neglene som teikn på at du framleis elskar å grave i den gode jorda og undersøke steinar og småting.
Fugleungen var til liten hjelp for såinga, ho var som vanleg mest oppteken av å grave jorda ut av pottene heller enn inn i dei. Men denne gongen var det tydelegvis lov - så forvirrande denne verda er for ein som har kome til ho for ikkje eit fullt år sidan ein gong... Det er like forvirrande som at vinteren kjem og landar som ein framand fugl midt i våren vår, medan ein trudde han var borte, så kasta han seg over oss igjen med snø og frost.

Så blir det heller innandørs, då, at blomane skal krype fram etter kvart. Dersom sannsynet for at eit frø spirer er 85%, kor sannsynleg er det då at ein får spiring i potta si med to, tre eller fire frø?
(1-0,15^(talet på frø))*100. Eit frø: 85%. To frø: 97,5%. Tre frø 99,7%. Fire frø 99,98%. Sånn i det heile teke er det svært sannsynleg at vi får solsikker, men deltakarane i lag KVIF har i ulik grad tolerert uvissa. Det blir spennande å sjå kor mange solsikker som kjem opp. Det som iallfall er svært sannsynleg, er at det kjem til å vekse opp ein heil masse solsikker under foringsplassen for fuglane ute.
Lag KVIF er klar til å komme i gang!


Det er også teke pelargoniumstiklingar frå ein gammal plante, ein lyserosa Dronning Ingrid-plante som har gitt opphav til mange pelargoniumungar. Ungane lever berre ein sesong, medan mora sjølv tronar innandørs i vindaugskarmen, kvilande heile vinteren etter å ha blitt kutta mykje ned i september/oktober. I april blir ho kraftig kutta ned igjen og misser nesten alle skota sine. Då blir ho meir bladrik i botnen, og det er det finaste. Dei avklipte skota rensast for ein del blad og settast i såjord (næringsfattig) i små potter og haldast fuktige. Dersom dei får sopp, går det an å gje dei litt atamon i vatnet. Dei slær rot etter nokre veker med fuktigheit og omsorg. Dei kan gradvis pottast om til stadig større potter med meir næringshaldig jord som pelargoniumjord, og blir til slutt store plantar som blomstrar utover sommaren og hausten.

3 kommentarer:

  1. Fine, jordete små nevar. Her bidrog også veslegartnaren i stor grad, og med omlag ni månader meir livsrøynsle var ho ivrig både på å fylle pottene - og så å tøme dei att. Difor står såprosjekt nr 2 framleis uferdig på verandaen - vesle fekk nemleg ansvar for å fylle tre store mjølkekartongar med jord, og det tok ein del tid. Dei vart kanskje fulle medan eg hekk oppi aplen og saga og klyppte med livet som innsats, men då me laut gå inn til kveldsgraut og soving, var dei i allefall berre halvfulle. Der skal gulrotfrøa snart få si eiga seng, noko eg har lært av ein fugl eg kjenner!

    Elles stiller eg meg fullstendig uforståande til kvifor ein skal streve og rekne ut sannsyn for spiring; her hjå oss lever me etter vent og sjå-prinsippet (iallefall gjer eg det! Andre er nok glade i å rekne ut og planleggje før arbeid vert sett i verk, og det er nok fornuftig. Som du vil sjå i neste blogginnlegg som kjem om vonleg mindre tid enn ein månad...)

    Til slutt ser eg at Fuglen vil ha verdas høgaste solsikke, medan Fivrelet tykkjest ha ambisjonane sine meir i eit nasjonalt perspektiv, så då er kanskje kampen alt tapt... :-)

    SvarSlett
  2. PS - kva er det fine som heng på snora?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er tynne bomullsstoff som tørkast i snøen. No ligg dei fint bretta i rekker og rader, og lettare sortert etter farge og bruksområde, ventande på eit passande lappeprosjekt. Med tida kjem det kanskje ein haustduk ut av dei? Eller ein bleiepose til? Med det eg har kjøpt inn og det eg har fått, er det nok til mykje ulikt og spennande. Skulle fått tak i litt ekstra tid og legge like fint i rekker og rader til bruk når det passar...

      Slett