onsdag 3. april 2013

Vi har sett våren!


Å reise frå påskeferieøya og attende til reiret var som å reise baklengs i årstidene. På fugleøya var det krokus og påskeliljer og berre ein enkelt snøflekk att på den kalde nordsida, det var sol og blå himmel og blanke farvatn så langt ein kunne sjå.








Liten fugl oppdaga at dersom ein ikkje har konditorfarge, kan blåbærsyltetøy nyttast. Då blir det ein herleg lillafarge. Og viss du bakar ut marsipanfigurane med potetmjøl, blir dei lette å forme, og ein slepp klissete fingertuppar. Når det gjeld bjørkekvistmønster av mørk sjokolade, så er det nok lurt å ikkje pynte kaka i fyr-i-omnen-temperatur, med mindre ein ønskjer nedsmelting. Kaka var fylt med villbringebærsyltetøy som fuglemamma mormor har plukka, og kiwibitar. Oppskrifta på sukkerbrød står så fint på potetmjølpakken (som trengs for å lage marsipanfigurar). For øvrig oppdaga Liten fugl også at i mangel på gul konditorfarge, så kan å dyppe marsipanfigurane i gul gelé IKKJE nyttast.


Fugleungen elska å leike med steinar og kongler og sorterte dei på avansert vis som ingen andre kunne skjøne seg på, så vanskeleg var det. Sjølvsagt tok det mykje konsentrasjon frå ein liten hjerne.
Det var varme og herlege dagar i vårsola. Alle faktorerte seg godt, og få vart solbrende. Dei lange dagane i solveggen og kvitring om laust og fast over kaffikoppen gjorde godt for ein vinterkald kropp.

Men verken ferien eller vêret skulle vare.
"Slik har òg årsens tider bytt klede med kvarandre, 
slik at verda vilkårleg ikkje veit kven som er kven. 
Hard og rimkvit frost fell ned i fanget på den raude rosa, 
og kring Kong Vinters nakne, kvite skolt ligg som til spott 
ein vårleg krans av knoppar, søtt angande og friske..." 

Frå Ein midtsommarnattsdraum (W. Shakespeare), litt etter slik eg minnast omsetjinga til Haldis Moren Vesaas.

No er vi attende i skogen der blomane framleis søv under snøen, men det er endringar i gjerde. Liten fugl skal overlate ansvaret for den daglege drift av reir og småfuglar til fuglemannen sin, og det blir ein overgang.
Måtte tida som kjem ha med seg like mykje godt som den tida som har gått!

Attende til stryskjorta og havrelefsa etter ei god, god tid...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar