søndag 13. april 2014

Pasjon

Pasjonsmuffins

115 g mjukt meierismør
280 g sukker
2 store egg
1/2 ts kverna vaniljestang eller berre frøa frå ei halv vaniljestang
160 g kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
50 ml heilmjølk
100 ml syrleg eplejus
Blåbær 

Pasjonsfrukt
Vaniljekrem
Hakka mørk sjokolade
Tørka ringblomblad

Smør og sukker piskast saman til det blir ei mjuk blanding. Bland inn eit og eit egg. Dei tørre ingrediensane blandast saman og blandast inn i røra, vekselsvis med væska. Dette vart 12 små kaker, men det varierar mykje med storleik på formene. Det dyttast inn nokre bær i kvar muffinsform. Steikast på 180 grader til dei er steikte inni og ikkje festar seg på ein strikkepinne. 
Pynt med innhaldet av ei halv pasjonsfrukt over toppen av den avkjølte muffinsen, vaniljekrem, hakka sjokolade og nokre ringblomblad. 

Muffinsen i seg sjølv er alt for søt å ete åleine, men saman med pasjonsfrukt og mørk sjokolade vart det greit balansert. Det er merkeleg å sjå korleis ting blanda blir så annleis enn ting åleine. Og livet er heller ikkje berre søtt eller syrleg, det vil alltid vere ei blanding. Det gjeld å halde balansen som best ein kan i kvar ein dag som umiddelbart ligg rett framfor ein, nyte stundene og sleppe tankane til der det trengs, om dei enn har ein mørkare tone. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar