Liten fugl tok i november 2013 farvel til tøybleiene, men no er dei attende!
Dei erfaringane vi fekk første gongen dei vart brukt, på fugleungen, var at stumpen vart mykje mindre sår og raud, vaskemaskina går stadig vekk med gulpeklutar og tøybleier, bleiene blir mykje meir klumpete, og ein må gå opp ein storleik i kle. Den posete buksestilen er veldig grei for tøybleierumper.
Det blir ein semi-tøybleierunde denne gongen, kjenner eg på meg, det kan fort vere at det vert brukt nokre papirbleier, spesielt dersom vi skal avgarde på noko og ikkje kan skifte ubegrensa ofte og raskt.
Dei aller minste kan bruke dei litt store og klumpete brettebleiene. Eg brettar sommarfuglbretting, det går raskt og er litt artig når ein kjem godt i gang med mange bleier etter ferdig tørk. denne brettinga blir også ganske glatt bak, slik at babyen ligg godt, og meir klumpete framme, "der gutter trenger det mest".
Med tøy på stumpen: Brettemetode: Sommerfugl/drage
Seinare skal vi nok over på lommebleier som vi har arva, det er hakket meir funksjonelt og betre å bevege seg i. For det er det, at minstefuglen ikkje får sprella så greit, som eventuelt vil dytte oss bort frå tøybleiene denne gongen. Men det har alltid vore slik at etter ein pause frå tøybleiene, kjem vi alltid attende...
Tøybleie, med snappi-lukking som held alt godt på plass. Rispapiret stikk fram ved høgre lår, det skal samle opp det verste og vere enkelt å kaste. |
Ullbukse-sperrelag. Heimestrikka av ull og mønster frå Leine merino. Dette er i grunnen den beste bleiebukseoppskrifta eg har prøvd, det finst eit utal variantar. |
Vesle klumpen, minstefuglen, er no klar for å sjarmere verda ei lita stund, før han sloknar igjen. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar