søndag 22. september 2013

Blomstrande kakepynt

Det er ikkje lett å lage finare pynt enn ekte blomar...
Stemorsblomane har blomstra frå april og til no i krukka utanfor, med ein liten pause midt på sommaren under ferien, då dei vart skorne heilt til jorda (litt for ivrig der, viste det seg). Dei har opplevd snøen tidleg i mai, tropesommaren seint i mai, hausten i juni og juli, dei tørre tidene i august og den solrike hausten så langt i september. For eit halvår!

Det blir ingen oppskrifter denne gongen, berre nok ei lenke til ei tidlegare omtala jordbærkake. Den grøne marsipandekte kaka med valnøttmarengs og sjokoladefyll såg og høyrtest betre ut enn ho smakte, og slike kaker duger rett og slett ikkje.
Fraisier med jordbærplantemønster av sukkerpasta, ein honningdrope i midten og altfor irrgrøn bladfarge.
Fiolfest 
Andre blomar til kakepynt eller salat:
Surkløver (kan eventuelt dyrkast inne i potte heile året om ønskeleg)
Raudkløver
Ringblom (tørka kronblad)
Rynkeroser
Agurkurt (sår seg lett sjølv til neste år, så så den om du verkeleg vil ha den)
Kornblomar (nyplukka eller tørka kronblad)
Lindeblomar
Svarthyll-blomar
Engkarse
Svarthyllblomar
Kornblom får ein nydeleg mørk blåfarge etter tørking og er perfekt pynt på dei elles kjedelege gulerotkakene

onsdag 11. september 2013

Tid for haust

Kvar dag tenkjer liten fugl at no, no er det slutt på bringebærtida. No er det haust, det er mange dagar ut i september. Dette er kanskje det siste bæret vi finn på ei stund. Men fugleungen er mykje meir optimistisk. Og hennar optimisme blir løna med framleis mange raude bær i buskene utanfor reiret vårt. Ein dag var fugleungen heime frå barnehagen for å berre ete bringebær og vere saman med liten fugl. Det var ein fin haustdag. Det blir få slike mogleikar med lange arbeidsdagar, men ein god ting med nattevakter er at ein får noko dagtid ein kan bruke på ting som bringebærleiting og å kjenne på varm haustvind i håret.
Markjordbærprosjektet i år har vore å flytte markjordbærplantane frå ein stad til ein annan i hagen. Det vil truleg bli meir bær der dei står no, for dei heldt på å flytte inn i garasjen med dei lange utforskande avleggjararmane sine. Nokon mengde med bær blir det neppe, men ein kan alltid håpe... Og tenk om markjordbæra etter kvart vart kryssa med jordbærplantane, det kunne blitt interessante smakar.

Det er så mykje å smake på i hausten! Ikkje minst var det spennande å smake på ukokte poteter, kvifor kan ein ikkje like gjerne kvesse hjørnetennene på dei, som på gulerøtter?
Mistanken om at fugleungen ikkje burde orienterast for tidleg kor artig det er å ta opp gulerøtter, viste seg å vere rimeleg. Då ho skjøna at gulerøtter hang i den andre enden av dette graset som stakk opp i kjøkkenhagen, vart heile hennar 83 centimeter med entusiasme sett inn. Tenk gulerøtter som er så godt! Og så kan ein berre plukke dei ut av jorda! Og når alle er tekne opp og lagt i ei korg, er det berre å gje dei attende til liten fugl, så kan ho sette dei attende ned i jorda, så tek fugleungen dei opp ein gong til!
Dessutan, viss ein leitar litt i jorda bortanfor, så dukkar det poteter fram, store og små, som kan leggast i ein haug, flyttast til ein ny haug, og leggast i ei korg til slutt.
Fugleungen har dessutan renska skogen bak reiret for blåbær og markjordbær no, og held på og forskar på om bæra i hekken og rognebær er noko aktuelt alternativ. Naturlegvis har ingen demonstrert sopplukking enno, den løyndomen held vi godt på. Det hender vi dristar oss til å plukke ein ekstra fin steinsopp eller piggsopp dersom ho har sovna i bæremeisen. For med alle dei ulike giftige soppartane vi har i skogen her, er det best å vere varsam. Men med tida blir ho nok aktivt med på leiting etter gyldne skattar i skogbotnen...

Gulerøttene kom i mange fasongar i år også.  To av dei nekta å sleppe taket i kvarandre, mest som eit dansande par, tett omslyngande kvarandre, men likevel mogleg å skilje. Det er alltid spennande å sjå korleis det har vakse der nede i jorda. Dessverre var det litt gulrotfluge i avlinga i år, og det kom også noko uspesifiserte greier på potetene. Då er det nok best å skifte vekstplass til neste år, samt å skaffe ein litt varmare sommar. Ny vekstplass er nok uansett ein god idé, ettersom kjøkkenhagen fekk litt i minste laget lys der han låg.
Men alt i alt, resultatet vart ikkje så ille, for middagen ein dag var heimelaga kjøtkaker med timian og soltørka tomat, brun saus med urter, poteter og gulerøtter frå hagen, sopp frå skogen og blomkål frå butikken. Det smakte sjølvsagt strålande godt, som sola som framleis varmar i dei lune haustdagane utanfor her.
Hurra for hausten!





søndag 1. september 2013

Dei beste pannekakene i verda


Det har i lang tid vore ein løyndom korleis far til liten fugl har klart å lage dei beste pannekakene i verda. Og sjølv om ein liten fugl gjerne kviskrar løyndomar vidare, blir det nok dessverre skuffande denne gongen. For sjølv om oppskrifta har blitt overlevert, sjølv om det har vore spionar på kjøkkenet i mange år, og sjølv om liten fugl har prøvd etter beste evne, så er det heilt umogleg å lage like gode pannekaker som det liten fuglefar klarar. Det er berre å beklage!

Men oppskrifta, om ein likevel vil prøve seg, er denne:

5 egg
1 liter mjølk
1 dl soyaolje eller rapsolje
3-4 dl kveitemjøl
litt kanel
litt vaniljesukker
litt salt

Lat røra svelle i 20 minutt, og steik i panne med margarin eller olje. Flesket kan steikast etterpå, for å lokke folk til å komme til bords. Men mest truleg luskar dei rundt og ventar på at pannekakene skal bli ferdige... den lukta er uimotståeleg... Lukke til, men du kjem dessverre ikkje til å klare å lage dei like gode som dei liten fuglefar gjer.


Heldigvis blir rørte blåbær som regel godt uansett. Det er stort sett berre å plukke blåbær, ha i sukker og røre i veg og ete med det same.
  
Men kva er det best å ha på pannekakene? Nokon likar sukker, nokon berre blåbær, andre likar saltkjøtt, og nokon spesielt snodige i fuglefamilien likar å blande flesk med blåbærsyltetøy på pannekakene. Sett slikt...


Å, verda er vel ein herleg stad, når bær berre sprett fram frå busker og kratt og ein kan ete til ein blir blå!
Fugleungen et like fort som liten fugl plukkar, og det ho ikkje et, det heller ho ut med å snu bøtta på hovudet. Difor vart det ikkje dei heilt store syltetøymengdene i år. Vi kjem sterkare attende seinare, når fugleungen har lært seg korleis det skal gjerast. Ho er veldig flink til å organisere og omorganisere diverse, til dømes kjøkkenskuffer og platehyller, og berre det blir gjort når det trengs og ikkje berre organisering for organiseringa si skuld, då blir det orden her i reiret...

lørdag 24. august 2013

Solsikkesommar på hell


Solsikkene blømde i hagen då fuglefamilien kom attende til reiret. Det var ein heimkomst etter ein god og lang ferie på rundreise i landet, og at det hadde gått noko tid, var tydeleg på hagen. På ein måte var det godt å sjå at det som blir gjort i hagen til vanleg, faktisk gjer ein skilnad. Og endå var det ein dårleg sommar med lite varme, iallefall medan ferien varte.



Etter kvart kom heldigvis solsikkene med sine solgule andlet og lyste opp heile sommaren for oss. Det vart nok ikkje verdas høgaste, og dessutan hadde dei lagt sine tunge hovud nedover mot bakken, slitne og frostige etter den kalde sommaren. Det vart ikkje spesifisert i regelementet om oppbinding av solsikkene var lov eller ikkje, men det er klart at meir langsamtveksande solsikker med stabile innlandstilhøve vil få sterkare stenglar og rakare ryggar enn desse. Vi fuglane her oppe ventar på tilbakemelding frå andre deltakarar i solsikkekonkurransen. 
Solsikkene er, uansett høgde, fine blomar, og fugleungen elskar å bli løfta opp for å lukte på dei høgt der oppe.




Sååå store!

Heile sommaren har det flaksa fivrel rundt her i reiret, men dei let seg vanskeleg fange med kameraet. Denne viltre sommarfuglen sat såvidt stilt lenge nok for å fotografere. Fivrel, solsikker og august høyrer på ein merkelg måte saman...

torsdag 22. august 2013

Bordkort til bryllup





Det har vore ein bryllupssommar, og det gir ei varm glede å tenke på at nokon vil gifte seg og vil samle vener og familie til ein eineståande bryllupsfest. Desse bordkorta vart laga til eit bryllup med roser som tema - då eit venepar skulle gifte seg, melde ein liten fugl seg raskt frivillig for bordkortoppdrag!

Bordkort bryllup


Bordkorta skulle vere i ein litt gamalrosa tone og romantisk stil. Borda var pynta med enkelt oppsette roser og tynne, høge lys, elles enkel pynt med kvite skjel på ein løpar av transparent, gyldent stoff. Bordkorta vart ein liten ikkje heilt bretta konvolutt med ei gåve til kvar gjest, samt drikkebongar. Det kunne vore så mange slags gåver inni der, men her vart det ein sjokoladebit. Eit anna framlegg kunne vore ein liten pose med sommarblomefrø som gjestane kunne planta heime og hugsa bryllupet med, eit lite såpestykke, eit drops - kva som helst!


"Konvolutten" vart laga av eit stykke akvarellpapir av tjukk kvalitet, med mål 10x10 cm. I tre av hjørna vart det laga eit lite hol med spissen av ein kniv, og dei to motgåande hjørna vart samla først. Så vart det siste hjørnet med hol bretta over, slik at hola låg over kvarandre, og ein splittbinders kunne treast gjennom. For å gjere innbrettinga meir kontrollert, var det greit å streke med noko spisst tvers over hjørnet 3,5 cm opp frå spissen, sjå den innteikna linja på biletet.



Kantane på konvolutten vart ikkje bretta heilt, så den fekk ei tredimensjonal og avrunda form. Sjølve formålet med bordkortet, namnet, vart skrive på eit transparent ark, med ein kvit distanseteip som bakgrunn, og limt på eit rosa stykke papir, som igjen vart limt på konvolutten. I den ubretta spissen vart det limt på ei papirrose med ein silkebandsbit som pynt. Bordkorta låg på kuverttallerkenen, men kunne også ha stått støtta opp mot ein ståande serviett. Det vart eit romantisk uttrykk, artig å prøve ein annan stil!




Det har vore andre bryllup før. Det er to år sidan fuglebryllupet allereie, ein heil fugleunge sidan! Det var eit bryllup med sjøprøyt i sløret, så då måtte bordet pyntast med maritime detaljar i ei gammal sjøbu. Det måtte då bli tauverk, steinar og glaspynt. Kjærleiksknuten er, slik nokon seier, visstnok ein gammal måte å spørje jenta i ei av hamnene om ho ville gifte seg med sjømannen. Han trong ikkje skrive dei uvande orda, dei store nevane slo berre eit knop, to knutar som mest dansar med kvarandre, men som ikkje stod heilt saman som ein fast knute. Og om ho svara ja, ja, ho ville gifte seg med han, då stramma ho knuten og sende han attende.


Kjærleiksknop var slått rundt innbydinga, og låg langs langbordet, saman med rullesteinar og skjel langs midten av bordet, og kubbelys i staden for høge lys i stakar. Det var kvite pionar, søte margerittar og ridderspore i den mest fantastiske blåfargen ein kan tenke seg, som sjølve havet på ein verkeleg sommardag ved kysten...


Bordkorta var ein flaskepost til kvar gjest. Det var ei lita glassflaske med ein samanrulla gråpapirbit med sjølve flaskeposten, med eit dobbelt halvstikk hyssing rundt, kopla til namnelappen for å kunne fiske ut brevet. Namnelappen var tre lag papir i lyse tonar med ulik struktur og med litt avstandsteip mellom for å gjere det meir spennande. Sjølvsagt måtte det vere eit vokssegl på, med eit lite hjarte. Einaste ulempen med desse bordkorta, var at alle vart sittande og lese ei lita stund (då dei først skjøna at det var ei melding i flaskeposten...)

onsdag 3. juli 2013

Hylleblomstsaft

Her er ein stakkars hyll som har levd i potte i eit par-tre år, i påvente av å finne sin plass å breie røtene ut på. Han knakk heilt saman då han ein av vintrane vart teken inn i kjellaren, det vart berre eit sørgeleg kapittel med høge, bleike spirer, men han overlevde. Og no har han fått røtene i leirjorda utanfor reiret, om ikkje ein ideell plass, så iallfall ein plass der han kan komme til krefter igjen. Og kan hende etter kvart komme i livleg blomstring.

Hylleblomar luktar fantastisk. Dei er kvite skyer av små stjerneblomar som ventar på at nokon klatrar opp og plukkar i ei korg for å lage sommarens beste drikk. Hylleblomstsaft er ein slags limonade med fantastisk blomesmak, og den heimelaga kan ikkje på noko vis samanliknast med noko ein kan kjøpe i butikken. Det tek nok ein del år før denne hyllen kan gje litervis med saft, men ein kan jo drøyme...

Som endå mindre fugl gjekk eg til nokre av naboane og spurde dei om eg kunne få plukke hylleblomar i hagen deira, mot betaling i ferdig saft. Det vart motteke med undring, men aksept. Slik trur eg det også ville vere med mange andre ting folk har i hagane sine, som dei ikkje nyttar til noko. Rips, solbær, stikkelsbær står jo berre der og ventar på at nokon skal ta seg av dei og legge dei på glas og flasker. I nabohagen her i reiret vart framlegg om plukking av rips godt motteke, og Professorens rå ripssaft kjem kanskje i andre årgang i 2013, vi får sjå. Men ripsa er ikkje modne enno.
No er det blomar som skal gje forfriskande smak til varme sommardagar.

Hylleblomstsaft 

20 store, flotte hylleblomstklasar
1 ½ l kaldt, kokt vatn
2 sitronar i tynne skiver (utan skal om dei ikkje er økologiske)
80 g vinsyre eller sitronsyre (skal safta frysast, kan ein nytte halv syremengd)
1-2 kg sukker etter smak
Alt blandast og rørast til farinen er oppløyst. Lat det heile stå kaldt i 4-5 døgn. Rør av og til,
sil gjennom eit klede og hell på flasker.
Tynnast med vatn 1:10
Frys gjerne blomane først, då får dei meir smak.


torsdag 27. juni 2013

Solsikker

Første overnatting utandørs for solsikkene
Det er sommar i hagen, og solsikkene strekk seg oppover langs husveggen på sørsida. Sannsynet for at dei blir verdas høgaste, er relativt lite. Men det kan framleis bli dei finaste solsikkene vi har sett!
Statistikken frå eit tidlegare innlegg vart gjort til skamme. Etter tolmodig venting, og etter at dei solsikkene som var planta djupast klarte å komme seg til overflata, viste det seg at alle frøa så nær som eitt spira. Det gir ein glimrande spiringsprosent, utan at ein sommarsløv liten fugl gidd å rekne meir på dét.
Fugleungen elskar høge blomar. Ho veit godt kva for ei solsikke som er hennar, og ho er i knivskarp kamp med storesøster om å ha den høgaste planten, medan liten fugl sin blome har bøygd heilt av og heng ut mot vest. Solsikkene veks raskt, til og med raskare enn fugleungen. Ho vart forbivakse for ei veke sidan. Men dei er enno ikkje høgare enn det fugleungen er når ho strekk armane i veret og viser kor stor ho er!