onsdag 27. februar 2013

Gjett kva vi fann under snøen!

Det er for tida umogleg å starte dagen utan ein kopp kaffi. Koffeinavhengige fuglar treng ein slik skvett før dagen blir for gammal om alt skal gå godt.
Aeropressa er det mest miljøvenlege alternativet til kaffimaskin, og det blir super kaffi og kompost av alt avfallet. Eg leitte nettet rundt for å finne ein slik ein før jul, og til slutt viste det seg at dette enkle utstyret fanst i ein butikk i heimbyen - kven skulle trudd det! Ein skal verkeleg ikkje sjå over havet etter kaffimaskiner. Men eg var like overraska som om dei hadde opna ei falaffelsjappe i byen i vest...
Aeropress er genialt enkelt og svært smakfullt

Blomane på biletet har halde seg rekordlenge. Det er ikkje alltid roser står fine i fjorten dagar, det er vel heller unntaket. Og så mykje hard medfart som desse blomane har fått av fugleungen som luktar på blomane med stor intensitet og heile munnen open, er det snodig at dei framleis er så fine. Men det er pedagogisk strålande for oss, så det vesle nøstet vårt kan lære seg eit nytt ord og ei ny lukt...


Men det var verken blomar eller kaffipresser vi fann under snøen ute på plassen i dag.

Det var fugleungen sin sokk! Det har utvikla seg til heller vanen enn unntaket at det berre er ein sokk å finne, eller fire ulike, når ein skal på med kleda om morgonen. Og det må innrømmast at denne sokken ikkje spesifikt har vore sakna, dess større var overraskinga då den smelta fram i dag... Spiralsokkar er fine, dei passar så lenge og kan slitast på alle sider. Dei toler også å ligge nedgravd i snøen i fleire veker.

Spiralsokkar til baby
Denne er strikka i kvit ull, pinne 4.
Opplegg på 32 masker, og 1 cm vrangbord annankvar rett og vrang.
Deretter spiralmønster med to rette og to vrange heile vegen rundt i to runder. Mønsteret forskyvast ei maske mot venstre etter at det er strikka to rundar, altså startar med ein vrang, to rette, to vrange og så bortetter heile runden. Det er i grunnen veldig lett når ein kjem i gang.
Desse sokkane er strikka 12 cm før det fellast til ei tå. Det er passe for 6-12 månader, men kan sikkert brukast lenger også. Dersom du endrar på oppskrifta, hugs å lage dei vide nok, det skal vere god plass til hælen.





Det er ei uro i meg, det er noko på veg, noko yrande lysegrønt noko - kan det vere våren som kjem snikande? Dette må følgjast vidare!

3 kommentarer:

  1. Kjære deg, Liten Fugl - så produktiv du har vore! Då tenkjer eg sjølvsagt ikkje på at du både har drukke luftpressa kaffi (! så gama at du også har slikt no :-) lurt, og godt, ikkje sant?!), funne att ein sokk og skrive ein bloggtekst i dag - eg har høgare tankar om deg og effektiviteten din enn det altså!

    Du har jo skrive så mykje sidan sist eg var innom, så gama! Anten er det lenge sidan eg kikka innom, elles kjennest tida sidan då berre så lang fordi me har hatt 1. røynsle med noro- el liknande og verkeleg kjent på kroppen (og sengetøyet...) korleis det er å vere småbarnsforeldre. Meir om det annanstads! (eller kanskje helst ikkje....?)

    Spiralsokkar er fine! Og så gama å finne att under snjoren. Endå meir spennande vert det å sjå kva som kjem fram når snjoren faktisk forsvinn heilt, i den nye hagen din. Og inne..? Er det kanskje allereie på tide å byrje å så, kom eg på no, om ein vil ha livskraftige urter eller blomar å plante ut i mai? Hm. Her kan ein vel ikkje plante ut før i juni likevel (frost), så 3 mnd før er vel lenge kan hende.

    Kva med solsikker? Skal me ha ei lita solsikketevling, eg og du? Kven får den høgaste? Eller kven får den lengste i høve til Lisleblomen sin? 1x lengda? 1,5x, eller kanskje 2x?! Jadå. Minst! Tek du utfordringa?

    SvarSlett
    Svar
    1. Første velkomstgåva frå dei andre barnehageungane: Norovirus og liknande til familien :S Forvent fleire slike presangar, dei er gåvmilde med slikt i barnehagar :) Men det er viktige røynsler for små, uferdige immunsystem for å vekse seg store og sterke. Til slutt blir det bra!

      Slett
  2. Ja! Vi melder oss på i konkurransen. Trur det blir ein del vill-solsikker, for vi har kasta rundt oss med fuglefrø i vinter... Er det lov å starte dyrkinga inne? Trur vi begge bur i harde klimasonar med sein vår, så det kunne gjort det lettare for oss begge. Når det gjeld andre frø, så har eg ikkje kome i gang enno, tenkte å satse på litt stiklingar igjen i år, det var så vellukka i fjor. Vår er ei spennande tid!

    SvarSlett