mandag 18. februar 2013

Mjelkekaker

Fugleungen skal etter oppmoding frå streng helsesøster enno ikkje få mjølk utanom morsmjølk. Men helsesøster har ikkje sagt noko om mjelkekaker, så det fekk veslefuglen i dag. Det er ein tradisjon frå dei eldre fuglane i slekta, og spesielt har fuglepappa velluktande barndomsminne frå nysteikte mjelkekaker om morgonen. Og den vesle fugleungen vår gapar høgt, høgt, høgt for å få, så denne gongen får ho.

Mjelkekaker kan sjå ut som pannekaker, men smaken er annleis, og spesielt er det elastikken som skil seg ut. Vellaga mjelkekaker kan sikkert dragast to-tre centimeter lenger utan å slite... Dei smørast med mjukt meierismør og strøast med sukker, eller etast samanrulla som dei er, enkle og gode. Oppskrifta er også enkel, men må følgast veldig nøye, elles går det dårleg med steikinga. Og har du gjort alt etter oppskrifta og framleis mislukkast, så er det sikker månen eller fjærande sjø som er orsaka.

Mjelkekaker frå Hardanger
Eit egg og femti gram sukker vispast lett saman. Ein halv liter heilmjølk og ein kvartkilo kveitemjøl rørast vekselsvis inn. Ein halv kopp skumma kulturmjølk, ei kvart teskei natron og litt (eg har tolka dette som ei matskei) lettrømme blandast inn. Til slutt er det litt salt og to matskeier olje (med nøytral smak) oppi. Røra må få stå og kvile i minst ein halvtime før steiking. Å vente til neste dag går også fint.
Så er det steiking av tynne kaker på takke med middels varme, der røra fordelast tynt med undersida av sleiva i spiralrørsler utover, det er dette som er kunsten med mjelkekakene... Kakene vendast med ein fløy (flat pinne) som stikkast varsamt inn under kakene. Dei levande bileta under viser steiking av ei kake - det tek faktisk to minutt å steike ei mjølkekake, ikkje rart ein treng god musikk til. Her har eg sett på Gjermund Larsen Trio i bakgrunnen, med slåtten ArriVals, ein melodi vi er veldig glade i her i reiret...


Eg har ei flott teflontakke, der alt av utstyr sjølvsagt må vere tre (til naud plast), men teflonen sparar ein del smøring og styr. Bakdelen med takka er at den ikkje funkar på induksjon, og eg må fram med ei keramisk tilleggsplate.
Eg skulle gjerne ha vist fram ein liten stabel med mjelkekaker, men dei vart etne etter kvart av dei som tilfeldigvis hadde ærend på kjøkkenet under steikinga...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar