søndag 24. mars 2013

Påskemord - Alle mine duer

No er det tid for mord!

Ikkje plag deg sjølv med å lese denne historia dersom du er ei sart sjel eller ein inderleg dyreven... Ver med dette advart mot ei opprivande forteljing.


Dette er ei forteljing om noko som hende for så lang tid sidan at fugleungen ikkje enno var fødd.
Det var ein kald marsdag, og dagen hadde faktisk namnet palmesøndag. Lufta låg og vippa mellom frost og mildvêr, og i dette mellomrommet vibrerte det noko illevarslande.

Ei lita duefrøken sat stilt og urørleg på mønet av eit hus, i ei gate med mange andre hus. Det var like mellom to måltid. Ho kurra med søvn i stemmen mot høgre og mot venstre, vinteren var ikkje hennar beste tid. Sommaren, derimot, med alle glade og gavmilde brødsmulekastarar, sjå, det var noko å tenke framover mot. Men så mykje lenger enn det, kom ho aldri. Brått kasta nokon seg over ho bakfrå, det var som å få ei klo i nakken, og det var vel faktisk det som også hendte. Verda vart vrengd ut og inn i eit fall frå mønet og ned til nysnøen på bakken. Her tomla dei vidare, den stygge, sterke som hadde kasta seg over henne, og ho, som kjende seg som ei due av stein, tung og stilleståande og lamslått. Men ho, stolt og sterk, kunne ikkje la seg lamslå slik! Ho måtte kjempe, kjempe! Bite frå seg med det butte nebbet sitt, og klore med dei lubne dueføtene sine, ho kjende det vekse inni seg - ikkje gje deg no, ikkje gje deg no! Ho såg mellom fykande fjør det blikket - det gule, skarpe og inderleg vondsinna blikket til sin eigen mordar.

Han var på leit, han var svolten. Vinteren var hard, og med all denne snøen vart ting vanskelegare. Dei han leita etter, trakk seg nærare Den Store Fienden og let seg nære av dei. Det var for risikabelt å komme for nær Dei Store. Men så måtte han. Han glei stilt og høgt over gatene, speida og freista å ikkje kaste for mykje skugge i dagslyset. Så såg han henne, sittande på det gråsvarte taket, litt lubben, grå, med hovudet på skakke, heilt uvitande om kva som venta henne. "For ei dum høne," tenkte han medan han sikta henne inn, "-du har ingen sjanse." Han kraup saman gjennom lufta og glei som ei lydlaus geværkule mot målet på mønet.
Ho gjorde motstand, meir enn han hadde forventa. Ho var stor, og han vart overraska over styrken i den runde kroppen. Ho måtte ikkje sleppe unna, det hadde skjedd før! Men ingen fuglar flyg avgarde utan venger - og der ! var det bestialske grepet teke. No sto ho vengeklipt og hjelpelaus i snøen medan blodet farga dødsleiet hennar. Snart sank ho saman i klørne hans medan ho stirra han hjelpelaust inn i augene.
Det var midt på dagen, det var tid for å lage til middagen. Eg stod i vindauget i leiligheiten og kikka ut på snøen. Kva var det? Det der midt på plenen? Eit eller anna rovdyr har landa på plenen, og åh, han har teke noko, det rører seg! Det ligg fjør over det heile, rovfuglen dreg av byttet sitt fjør, og uh, der bit han av vengene, ho rører seg framleis medan blodet brer seg utover snøen i raude flekkar. Mordaren stakk av med liket, berre fjør og blodspor låg att. Heldigvis hadde eg, som eit av få vitne til dette, biletprov i form av multiple dårlege fotografi teke gjennom syrinbusk, gjennom uvaska vindaugsglas, eller med zoom på maks fordi den mistenkte hadde flytta liket lengre bort.

Sanninga må ut! Saka må oppklarast! Mange spørsmål dukkar opp. Kven var eigentleg offeret? Var dei gamle kjenningar, eller var dette eit tilfeldig overfall? Kva med mordaren, er dette hans første ugjerning, eller har vi å gjere med ein seriemordar?

Offeret: Eg var lenge overtydd om at det var ei sjor som hadde bøtt med livet på plenen, men gjennomgang av biletprov viste meir grå enn svart fjørfarge, og ein skimtar ein lubben, gul duefot på eit av bileta. Sjoreteorien vart forkasta, igrunnen litt irriterande, ettersom eg liker duer mykje betre enn sjor.
Mordaren: Gjennom intensiv internettsøking er mordaren identifisert som ein spurvehauk, ein notorisk mordar som kan snike seg inn på freistande bytte sjølv midt i byar vinterstid. Det er heller mogleiken enn svolten som driv han til å freiste seg på store fuglar som duer, spurvar er meir hans storleik. Så ein må rekne offeret som eit tilfeldig bytte på feil stad til feil tid, og mordaren som ein skugge i fugleverda vi må leve med å frykte.

Mordaren er framleis på frifot!



Hauk og due

Ein gammal leik som er fin å bruke for oppvarming og uteleik, er hauk og due-leiken. Vi leika den på barneskulen, minnast eg. Det er heldigvis mindre dramatisk enn historia over.


Slik hender det heile:
Ein deltakar er i starten hauk, ein er duemor. Resten er dueungar. På ei side av området står duemor åleine, hauken står midt på plassen, dueungane står på motsett side av duemor.
Mor roper: Alle mine duer, kom hit!
Dueungane svarar: Nei, vi tør ikkje, hauken tek oss!
Duemor ropar: Kom likevel!
Dueungane spring over til mora, og prøvar å unngå å bli fanga. Hauken freistar å ta på så mange som mogleg. Dei som blir tatt på er fanga, blir haukar i neste runde, og skal fange sine tidlegare søsken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar