torsdag 26. desember 2013

Månelyst

Dette er til fugleungen, på dagar med tjukke skyer over himmelen om kvelden.



Fugleungen elskar nemleg månen. Det er eit av dei få orda der ho uttalar alle konsonantar og vokalar heilt riktig, og ho gjer det så tydeleg at heile fuglefamilien også uttalar mÅnEn svært tydeleg og velartikulert.

Månen er langt unna. 384 000 kilometer, om lag like langt som lyset brukar på eit sekund. Lenger enn fugleungen rekk å springe på ein kveld, sjølv med hennar raske steg. Ein kveld sprang ho søraustover, mot månen, nedover grusvegen med eit klart mål. "Hente månen!" ropa ho medan ho sprang. Men månen er tung, veit du, steintung og diger, og verkeleg ikkje enkel å hente. Dersom ein hadde lagt månen oppå Europa, hadde den strukke seg frå Madrid til Moskva. Det er mykje lenger enn til farmor og farfar, det, fugleungen!

Ho er litt bekymra for at han kan vere laga av ost, nokon meiner det, for mus et jo ost. Men ville dei klare å ete heile månen, tru? "Neeeii mamma", sånn kan det ikkje vere. Månen er ein diger ball av stein og sand. Den har faktisk ei tynn atmosfære, men det er så lite partiklar i den at det nesten ikkje tel.

Månen er vanskeleg å fotografere. Liten fugl prøvar og prøvar, men får det liksom ikkje heilt til. Fugleungen bryr seg ikkje så mykje med det, berre ho slepp å stille opp på bileta. Bilettaking har ho fullstendig mista interessen for. Det er så mykje anna artig i verda enn å sjå på eit fotoapparat.

 "Månen botte", seier fugleungen når månen smett bakom ein husvegg eller eit grantre. Han dukkar brått opp att om ein går litt til, og då er det viktig å sei "Heia, månen!" Det er mest som ein gammal ven ho helsar på.

Eg kjenne deg måne, 
som står ved ditt speil
Bak den fjernaste blåne 
og file ringfingerneil
Med ansiktet vendt bort 
fra talløse menn
Som du hidre med morild
du slukke igjen

Eg kjenne deg måne, 
som står ved ditt speil
Sjøl din glans må du låne
og brev med kjærlighetsseil
har du åpna og brutt,
men forløse hver natt
Bare kulde, og står der
bestandig forlatt

(Forfengelige måne, Vamp)

Og det er alltid den samme sida av månen vi ser. Sjå berre på denne spennande illustrasjonen av månefasane, som fugleungen sikkert kunne sett på i fleire timinutt: Lunar libration with phase2





Julemånen i vindauget lyser om kapp med kuler og stearinlys. Ein skulle tru julelysa tok bort noko av måneglansen, men den ekte månen verkar berre enno meir sterk og klår mot dei kunstige lampene innandørs og ute på trea. Månen har vi alltid. Sjølv om han fjernar seg nokre centimeter frå jorda kvart einaste år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar