tirsdag 5. mars 2013

Draumedessert

 
Det er slett ikkje alltid det er tid eller magemål for dessert etter ein god middag i reiert hos oss. Men denne kombinasjonen kan på det sterkaste tilrådast!

Det vart servert som søndagsdessert etter ei anna strålande oppskrift vi fann på nettet. Det var uerfilet med gulrotstappe, som kan utvikle seg til ein slager hos oss... Det var fugleungepappa som utviste slik middagsgenialitet, men desserten er liten fugl sitt område.

Hermetiske pærer med mørk sjokolade og mint


Du treng
Hermetiske pærer, 3-4 halve per porsjon (trur det var Clara Frijs eg kjøpte og hermetiserte i haust)
After eight-sjokolade, like mange små plater som du har halve pærer
Mørk sjokolade til pynt
Kremfløyte
Ei halv vaniljestang
Sukker


Det er nesten litt for lett til å vere så godt!
Legg passe mengde halve hermetiske pærer på porsjonsskåler. Så skal ei lita plate After eight på kvar halve pære. Varm pærene og sjokoladen i mikrobølgjeomnen til sjokoladen har smelta og falda seg lekkert over pærene. Legg ei god skei med krem på kvar plate, og pynt med litt riven mørk sjokolade, bitar av sjokolade eller sjokolademønster.

:) Ein liten ting å hugse på: Det ser fint ut med kakegaffel, men det er lurare med skei :)

For dei særingane som ikkje likar mintsmaken til den mørke sjokoladen (som liten fugl), er det godt å berre ha smelta mørk sjokolade og litt kremost (Tine kremost naturell eller Philadelphia) blanda inn i kremfløyten.
 
Dette er ein dessert som mange likar! Og dei som har vakse opp med hermetiske pærer hos farmor om sommaren, som fugleungepappa, er heilt frelste...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar