søndag 17. mars 2013

Vårsola varmar


 Det var litt vanskeleg å finne ut kva vi skulle gjere ute i solveggen. Sola var så skarp i augene på fugleungen, og det var kaldt å stikke fingrane i den kalde snøen. Så då tek vi eit påsketriks og set oss til å lese litt bøker i solveggen på sørsida, med solbriller og fullfaktorkrem. Fugleungen elskar bøker, og har lært seg å bla varsamt og fint sjølv på tynne sider i det siste. Då får ho bla i fleire bøker enn dei med tjukke kartongsider, og det er jo spesielt spennande. I det siste har det vore Fuglesang-boka, der alle fugleslaga står med lyd og det heile, men ho er også interessert i fagbøkene som liten fugl freistar å lese litt i i forkant av at ho skal starte på jobb om ikkje så lenge... Fugleungen peikar på ein mitose og vil at eg skal stadfeste at det er ein blomst. Vi kan jo sei det sånn foreløpig.

 Det er viktig å vere godt innpakka når det er kald vinter på veg mot varm vår. Ullpleddet som liten fugl starta å strikke på like før bryllupet, er godt og varmt, og fuglemannen legg det rundt hovudet på fugleungen for å lage eit retteleg lunt lite minireir i vogna.



Det er så gøy å gå, og gjerne ute, men fugleungen har ingen sko enno. Det er noko under produksjon, men det går litt sakte med det. Så i påvente av betre sko, får vi bruke det vi har, to regnvottar på beina. Det ser litt teit ut med tommelen, og det kan vere litt glatt i nedoverbakken, men stort sett er det berre kjempegøy. Fugleungen kikker stadig opp og gliser når vi går tur med solbriller og vottesko.

1 kommentar:

  1. Eg ser de har teke tidleg påskeferie med reinsskinn og bøker i solveggen! Så fint :-) Me kom plent att frå 5 dagar i Heimbygda, ein forsmak på påskeferie som me tek om ei lita veke - men der var det berre kuldegrader, snjoføyke, og ein svært influensasjuk, liten familie. Så no satsar me på intens restitusjon fram mot den Høge Tida, så også me kan nyte sol og ord og fuglekvitter :-)

    SvarSlett