tirsdag 12. mars 2013

Spesialsesong for siklesmikker og julegardiner

Eg har laga to smikker (smekker) til fugleungen. Eigentleg har eg laga tre, men den første vart ikkje fullt så brukbar, og vart omforma til prøveklut for knappholssting og metode.

Fugleungen er motvillig smikkemodell i dag. Ho ville heller øve på å gå, hennar nye altoppslukande hobby. Vi skal forsøke å få tak i ei gåvogn, så ho har mogleiken til å gå rundt enno meir enn ho alt gjer. Ho skal ha poeng for innsatsen, og blir både tungpusten og sliten av intensivtreninga si. Kanskje litt vel sliten, sånn at ho ikkje orkar å smile.

 

Mine to smikker har fleecefôr og jerseyoverside, den eine med gekkostoff, den andre med uglestoff. På desse smikkene er det ein fordel at stoffet er elastisk.
Det fins så mange fine smikker å sjå på nettet, til dømes på gekkobloggen, og det ser jo ikkje så vanskeleg ut å smelle saman ei slik utan mønster. Men arh, det var jo det elastiske stoffet, det var overlock-a-like-saumen som (den heilt vanlege) symaskina mi kan sy, det var forsøk på automatisk knappholssying med knappen festa til symaskina (!) for perfekt storleik, og det var mønsterklipping. Det gjekk jo greit til slutt.
Eg skal lage eit mønster og legge ut her, i tilfelle nokon andre har lyst å prøve å sy ei enkel smikke sjølv. Siklesmikker kan ein ikkje få for mange av, iallfall ikkje i tanntida vi er inne i no.



Eg har også blitt ferdig med julegardinene (!). Det kom jo i orden heile to veker før påske, så eg er nøgd. Utgangspunktet var nokre julerestar dei selde ut på halv pris, og eit hus må jo ha julegardiner! Fargen var streng juleraud og kvit i småruter.
Ved første prøving var eg ikkje heilt nøgd med fargen. Difor kasta eg det heile oppi ei vaskebøtte med vatn, og blanda inn noko gammal te eg hadde liggande. Fargen vart skuffande lite ulik frå utgangspunktet. Difor gjekk kaffigrutrestar også oppi bøtta. Framleis skuffande fargeresultat. Hm. Te- og kaffifarging, det gamle quiltetrikset, slo feil! Kanskje verda likevel ikkje står til påske?
Før justering og farging
Oppi bøtta med det heile! Vatn, te, gardiner, sollys og tolmod...
Bøtta vart ståande ein dag til, og til slutt måtte eg berre gje meg.  Med rikeleg godvilje kan ein sjå ein litt mørkare kvitfarge på det farga tøyet.
Det te-farga gardinet og ein ufarga rest. Har du så mykje godvilje at du ser skilnaden?

Før- og etterbileta er rimeleg like, men i det minste luktar dei nye kjøkkengardinene riktig julete av kaffi og vanilje! De får berre tru meg, det luktar kjempegodt... Og snart skal eg lage vårgardiner, det gler eg meg til! Lurar på kva det kjem til å lukte av dei.


Eg vil også vise eit bilete av den svært ryddige garnkorga mi på ein vanleg kvardag. Det har ikkje vore forbode for dei minste fuglane i reiret å leike seg med garnet, og dette visest godt igjen på garnkorga. Men då får i det minste potteplantane stå i fred! Ein får for husfreden si skuld velge sine kampar.





1 kommentar:

  1. Åå, så frustrera Fugleungen er! Ååh, når ein ikkje kan tale, når ein ikkje greier å gå så godt som ein vil, når ein må GJERE DET EIN IKKJE HAR LYST TIL!! Dei må finne seg i mangt, desse små; brått er me her, brått skal me dit, og brått ein dag er det einkvan heilt annan som skal vere med ein og gje ein mat og bysse ein til kvile. Eg skjønar godt uttrykket hennar, lisle gull!

    Eg tykte det var løgeleg korleis du heiv gardinene i hop med teen din, så kaffien - vaniljestong og kanel?! Du hadde nok trungen ein annan slags bork au, var det gran som farga skinna våre, og sidan anorakkane så fint brunt? Eg har også gjort meg ei anna tekstilfargerøynsle i helga, men den eignar seg vel korkje på gardiner eller på trykk. Det var i allefall resultat av influensa og lite fast føde over fleire dagar, og resulterte i mykje vask av ullklede etterpå. Og fine, ljosebrune flekkar, serleg i området frå gluteus og oppover mot scapulae...

    SvarSlett