Om våren let vente på seg ute, så får vi gjere det vi kan inne!
Ei gammal ørn kviskra meg i øyret om ein teknikk frå tidlegare tider, kanskje heilt tilbake til nittitalet, å lage tøyblomar av restestoff. Det gjekk i tulipanar og etter kvart krokus, og nokre av dei vart veldig søte og våraktige. Og desse blomane gjer ikkje freistnadar på å verke ekte, dei er berre søte som karrikaturteikningar.
Det var gøy då, og er framleis fint. Og det er alltid moro å finne attende til noko ein har gjort mykje av tidlegare. Den gongen såg blomane slik ut. Kanskje litt stussleg åleine, men i ein bukett i ein vase er dei skjønne!
Eg laga min replikasjon av krokusen av det eg fann i skoffer og skap, eg mangla den grøne, klissete og stramme teipen som blomsterbutikkane har, som gjer det heile ganske mykje lettare, men gir eit stramt og litt mørkegrønt uttrykk. Elles hadde eg stoff, ein liten kvist der eg tidlegare har brukt grillspyd-trepinnar, fryseteip, lintråd og silkeband som pynt og blad, der det før vart nytta stoff strøke dobbelt med strykelim mellom laga.
Klipp ein sirkel av ein fin stoffrest i ønska storleik, og legg ei lita bomullspute på vrangsida av kvar sirkel. |
Legg ein stilkepinne midt i sirkelen, og brett til halvsirkel. |
Brett inn ein tredjedel. |
Brett inn tilsvarande frå den andre sida. |
Snør saman nederst. Dersom du vil ha enno meir krokusform enn dette, velg ein større stoffdiameter, men samme vattering. Då vil krokusen bli lenger i bladet. |
Samle saman enden og fest godt med ein sterk tråd. Vel ein god knute :) |
Teip over tråden og den nederste delen av blomen. Bruk gjerne grøn blomsterteip, då treng du ikkje å dekke med silkeband, slik eg måtte her... |
Stilken er dekka med silkeband, og ein liten strimmel med silkeband er sydd i kantane og midten slik at det liknar krokusblad. |
Blomar steg for steg... |
nydelige :)
SvarSlettDet blei lite krokus og tulipanar i påska. Får vente til dei på terrassen dukkar opp :)Dei som var på plenen er dessverre oppspiste...
SvarSlett